fredag 30. desember 2011

Nye takter

2011 står heilt på randen og trekk sin siste pust. Om ikkje så mange timar skal vi inn i endå eit nyttår - 2012. Det er skremmande kor fort tida går. Det kjennes ikkje lenge sidan eg satt og blogga om at eg skulle til Hemsedal for å feire nyttår der, akkurat for eit år sdan. Men eit heilt år sidan er det, og det har skjedd mykje sidan då. Eg trur ikkje 2011 heilt har vore mitt år: det starta så utruleg bra med Hemsedal og det som etterfulgte i eit par veker etterpå, men utover våren og sommaren gjekk kanskje ting litt mot meg, med litt for mange legebesøk og sjukehus og ein sjukdomsdiagnose og litt for mykje energi på studier og mykje jobbing. Det har vore mange fine stunder også, men det er mykje eg helst vil gløyme. I tillegg har Dagmar satt ein dempar på romjulsfeiringa også, så dette er heller ikkje tidenes julefeiring. Men no er eg klar for å legge det gamle bak meg, ta med det positive og gå eit nytt år positivt i møte. Eg gler meg til feiringa i morgon, for den skal først vere med ein stor familie samla til middag, før eg reiser til venner og feirer der med kaker og kos (men ingen alkohol), før vi reiser ned til ein anna familie etter midnatt. Nyårsfeiringa skal med andre ord tilbringast både her og der, og det blir kjekt å feire både med familie og vennar.



Ellers har romjulsfreden endeleg senka seg etter Dagmar. I dag våkna eg til eit kvitt teppe av snø, noko som er veldig hyggeleg etter dei siste stormfulle dagane. Det var så godt å våkne til ein stille og fredeleg morgen etter stormen.





Kjennas godt å gå i den kalde og friske lufta igjen.

Takk for det gamle, og velkommen til alt det nye. Håper alle får ei fin nyttårsfeiring og god start på eit nytt år (og la det ikkje bli det siste, med tanke på at dommedag er spådd i slutten av 2012).

tirsdag 27. desember 2011

Stille etter stormen


Snikk-titt frå julaftan

Hadde eigentleg tenkt å skrive kor koseleg dei siste dagane før jul og julaftan var, men før eg riktig rakk det ble tilveiret litt snudd grunna orkanen som plutseleg var over oss med voldsom styrke. Hadde gleda meg voldsomt til å få venninner på besøk, 1.juledag plar vi å samlast for enten å feste eller berre kose oss. Det er sjansen til å samle gjenger frå grunnskulen no når dei fleste er heime på juleferie. Det blei dessverre ikkje slik denna gongen. Orkanen fekk taksteinar til å fly og kaffetraktarar til å kortslutte, og tilslutt forsvant straumen også. Då var det ikkje anna å gjere enn å avlyse kosekvelden.

Natta der orkanen herja var eg heilt aleine: hadde eg vore klok hadde eg takka ja til å reise til pappa og stemor, men eg fant det for godt å vere heime. Då straumen gjekk forsvant også mobilnettet, så då var det forseint. Så den natta var eg aleine og høyrte korleis vinden styrte på, og håpte på at straumen skulle dukke opp ein gong. Eg halvsov litt, og ein gong våkna eg og kikka ut glaset, og synes at eg såg alle julelysa, og tenkte då at straumen var kome tilbake. Men då eg våkna dagen etterpå var det ingen straum, men alt var vindstille. Framleis ikkje dekning, men eg fant ut at eg skulle gå til det nye huset der pappa og stemor bur no. Dei kom heldigvis akkurat heim då eg hadde gått den lange vegen opp. Dei visste sjølvsagt ingenting om når straumen kom tilbake eller noko. Saman samla vi oss inne. Desember utan lys blir fort mørkt. Med stearinlysa tent satt vi og halvsov klokka to/halv tre om ettermiddagen, og trudde klokka var meir i 8-9 tida på kvelden. Vi sov i i håp om å sove til straumen kom tilbake og dermed få kontakt med omverda. Tenkte at mamma var bekymra som ikkje fekk kontakt med oss. Etterkvart fant vi at klokka framleis ikkje var så mykje, og at vi difor måtte finne på noko. Vi fant ut at vi skulle ta ein kjøyretur, slik at vi samstundes kunne høyre på radioen.

Difor fant vi ut at vi skulle heim til den gamle gården slik at dei kunne hente nokre ting i det brannskada huset, samstundes som eg endeleg skulle få møte synet av det brannherja barndomsheimen. Det var mørkt og uhyggeleg, røyklukta slo mot oss før eg var komme inn døra, samstundes som eg møtte synet av tjukke lag med aske som låg i den forholdsvis uskada delen av huset. Vidare møtte eg synet av halvsmelta plast og endeleg ut i leiligheta som var totaltskadd. Så underleg at brann kan gjere så mykje skade; måten den riv ned takkledningar og får alt til å sjå sotete og halvsmelta ut. Hadde sett for meg det heile som meir svart. Huset var jo sjølvsagt utan strøm og med regnet utanfor og vinden som ulte og med lommelykter som kasta spøkelsesaktige skjær, var det nesten som å vere i ein skrekkfilm. Men det føltes heilt greitt, det var eigentleg slik eg hadde sett skadene for meg.

Dagen i går utan straum verka så uendeleg lang. Då vi kom tilbake spelte vi spel for å få tida til å gå. Alias fekk tankane mine vekk frå den uhyggelege og straumlause tilvera ei stund, sjølv om det gnagde i bakhaudet og eg ikkje var i det beste spelehumøret. Men det var nok, godt nok. For plutseleg såg eg ut vindauget og oppdagar at heile byggjefeltet på andre sidan har fått tilbake straumen, og det gjer oss håp. Vi blir gira, men lurar samstundes på kvifor dei har fått strøm og ikkje oss. Vi håpar litt, men i det samme vi sluttar å tru at vi skal få den tilbake fortløpande, kjem plutseleg alle lysa på: Det er ein fantastisk kjensle: Med jubelrop spring vi ut på kjøkkenet og byrjar å tilberede kaffe og te, for dette har vore det største saknet i den straumlause tilvera. Men før vi har rukket å tilberede ferdig kaffen, forsvinn strømmen att; ja, tenkte vi ikkje at det var for godt til å vere sant. Den har forsvunnet frå den andre sidan som for litt sidan lyste opp, og dette gjer til at vi mistar det nyoppståtte håpet.

Så vi sit i mørket, og klagar over at vi ikkje rakk å lage kaffe eller te. Har gjett opp håpet, og kjem med erkjennelser som at vi nok kan glømme å få den tilbake i kveld: men i det dei magiske orda er uttalt, kjem straumen tilbake att: denne gongen berre hos oss og nokre gatelykter nedanfor, og no var den kommt for å bli, til lykke for oss alle. Nesten eit døgn etter at den forsvant. Eit døgn som har kjennast ekstra langt, i mørkret. Sjølv om uveiret riktignok ikkje er heilt over, kosar vi oss med dagens første kaffe klokka åtte om kvelden, vi klistrar oss framfor tvskjermen for å få oppdateringar om orkanen på nyheitene, og tv-bileta med alle dei enorme ødeleggelsane får oss nærmast i sjokk: Det er mange store skader nordover og mange som endå mangler strøm. Vi føler oss heldige som ikkje har opplevd store skader, og skjønar at vi har komme heldig unna frå orkanen, i forhold til andre stader.

Eg tenkjer på kor avhengig vi er blitt av strøm, kor omfattande det hadde blitt om ein elektromagnetisk storm hadde oppstått: alt det som ikkje vil fungere, som vi er som avhengige av for å fungere. Det eine døgnet utan straum var uhyggeleg nok, spesielt på vintertids. Den sitt godt at i kroppen, og heilt er det jo ikkje over. For eg har endå ikkje nettdekning på mobilen, å ryktene skal ha det til at eg kanskje ikkje får det før om ei veke. Ei veke, det er jo i 2012 det! Eg tenkjer på alle eg skulle ha kommunisert med før det, og kor vanskeleg det blir å nå enkelte. Vanskeleg har det vore, og det er jo ikkje over endå. Mamma skulle ha kommt heim i dag men sit værfast i Hardanger, forhåpentlegvis kjem ho seg heim i morgon. Broren min måtte uventa overnatte i Førde ettersom at uveiret skapte ras og stengde vegar, men er no endeleg kommt heim. Det verste er likevel at eg føler at det eine døgnet med straum var fælt nok, og enda har eg venner som sitter på sitt andre døgn utan straum og tilgang til kontakt med omverden. Også tenkt korleis det vil bli med ein slik feil som gjer til at straumen er vekke frå oss i mange mange dagar, kanskje til og med månedar? Eg berre grøssar av tanken. Pris elektrisiteten, seier no eg! (og spar den, slik at fleire får nytte seg av den).

I det minste har eg fått lest ein god del i ferien, overraskande mykje til no. Det har gått i Dan Brown, Thomas Espedal og Vigdis Hjort. Likevel skulle eg ynskje at eg hadde vore litt meir sosial. Det har blitt for lite av det denne ferien så langt, og eg kjedar meg ein tanke. Forhåpentligvis blir det ein koseleg nyttårsfeiring med både familier og seinare vennar, så eg håpar og trur at nyåret kan by på litt koseligare og betre dagar enn det romjula så langt har bydd på.




onsdag 21. desember 2011

Juleglimt: stemningsrapport frå heimen

Temperaturen på julestemninga i huset byrjar å bli høg. Vi har pynta juletreet heile to daga før tradisjonen (og eg bryt den som regel aldri). Likevel har vi valt å pynte treet litt tidleg i år, sidan mamma og lillebror skal feire jul i Eidfjord. Då er det veldig lov å tjuvstarte litt på det som høyre familiesamveiret til. I morgon kjem søs også, så då blir det gløgg! Snøen ligg endå og glitar ute, men veirmeldingane skal ha det til at nedbør i form av regn er på veg innover landet. Krysser fingrane for at det ikkje når låglandet her, sjølv om eg har mine tvil. Julekos blir det nok uansett!


Små nisser har kommt i hus!


Nissehue må til!


Min favorittpynt på juletreet.

Make You Feel My Love

søndag 18. desember 2011

Home for christmas

Livet som dankdrivar i Bergen blei litt einsamt og kaldt etterkvart. Til trass for fire dagar med trening og nokre dagar med litt sosialt, blei det litt for einsamt til slutt. Spesielt sidan sistemann i kollektivet drog fredag, og eg i heile to daga hadde heile to etasjer for meg sjølv. Leiligheta er dessutan kronisk kald vinterstid, og utanom varmeovn på rommet var det litt som å gå tur ute, kvar gong eg skulle lage middag eller gå på badet. Og eg enda dermed opp med å få frostanfall i nokre timar etterpå.

Så, difor fant eg det for godt å endeleg vende nasa heimover, til trass for nokre kjekke dagar i Bergen. No følte eg meg klar! Det passa jo bra sidan Kjersti omsider også fekk ferie, slik at vi kunne slå oss saman om å ta Sogn og Fjordane-ekspressen. Ein slik ferd frå Hordaland til Sogn og Fjordane kan av og til vere svært utmattande og keisamt, men når ein har godt reisefølgje som ein kan skravle med, så blir turen så mykje betre. Det blei det: bussturen blei behageleg og julestemninga strøymde på då vi kjøyrde inn i Winter Wonderland, også kjend som Sogn og Fjordane.

Heime blei eg godt teken i mot med ein særs snill bror som henta meg på bussplassen, til trass for at det ikkje er så langt å gå. Deretter blei det eit hjarteleg gjensyn med ein rekkje familiemedlemmar over ein middag som stod klar med ein gong eg hadde fått av meg ytterklea. Dessutan var det særs godt å komme inn i eit hus med ordentleg varme. Sidan har eg fått kosa med pusekatten min, lest litt i bok og slappa av nede hos brodern og kjærasten, ved å sjå Dagfinns Lyngbø, Evolusjon. Ikkje nok med det, men eg blei også servert med heimelaga julekaker og kaffe frå kaffemaskin. Ikkje noko å klage på, med andre ord (anna at det kanskje var ein smule varmt inne. Ja du veit, eg har jo så smått blitt vant med iglotilverelsen). Broren min har dessutan verdens beste sofa med verdens beste plass. Ah!



Dagfinn Lyngbø fekk trent lattermusklane litt, ja!



Etterkvart som dagane gjekk i Bergen, byrja eg så smått å bli gal, slik at eg måtte ta slike bileter.


Min snille bror har fått nytt vidvinkleobjektiv, og har latt meg få låne det. Så eg har såvidt byrja å teste det litt. Kjenner eg gler meg til fotografering i dagane framover.



Ein av mammas julekuler, som eigentleg minner meg mykje om teikningar av menneskekroppens celler.



Bob-bob-deri-deri-bob-bob-sue.


Godt å vere heime.

onsdag 14. desember 2011

Leipzig

Eg har bladd litt gjennom bileta mine i det siste, og eg kom på at eg endå har til gode å vise fram ein del bileter. Først og fremst tenkte eg å vise bilete frå Göteborg-turen min for nokre veke sidan, men så kom eg på at eg endå ikkje har visst bilete frå Leipzig-ferien min i august. Difor kjem desse bileta først, betre seint enn aldri! Det er noko med å ta dei fram nokre måneder etter reisen og mimre litt. Leipzig er ein fantastisk fin by.



Sundae! Delicious.



Nydeleg vegan-middag, laga av Anna. MMmmm.



Den beste rosenkålen eg har smakt!



Wall of freedom?



Hjørnet. Bagels-kafé, utsikt frå Starbucks.



Starbucks!


Mange flotte bygningar


Når ein fyrst er i Leipzig, så må ein jo besøke Goethe-statuen. Eg hadde faktisk med meg Faust I då eg var i Leipzig, og burde nesten ha satt meg i Auerbachs-kjellar og lest den der.



Mange fine kaféar og brolagte gater.


Ein av mange fine handlegater

søndag 11. desember 2011

Hei, desember! (og joleferie)

No har eg hatt juleferie i heile fire daga, og rukket å bli skikkeleg lat! Kanskje litt for lat, etter mi smak. Soving til klokka nesten er tolv, bør jo helst ikkje bli ei vane. Heldigvis har eg fagutvalmøte i morgon som gjer til at eg må stå opp litt tidleg. Det skal bli godt å komme seg ut døra litt for å møte studentkollegaer og professorar. At eg allereie saknar litt universitetsliv etter fire daga med ferie er jo ikkje det beste teiknet for ei som ikkje ein gong har fått timeplaner for neste semester. Neida, det skal nok gå fint, det. Det er nok berre det at eg ikkje heilt har vent meg til tanken på at eg ikkje treng å lese pensum på ei stund no, etter eit hardtjobbande semester. Men hey, studere kan ein jo gjere uansett om ein ikkje er student, men eg trur ikkje eg er heilt klar for å tenke at kvar dag er ein eksamen.

Sjølv om eg kanskje drar meg litt vel lenge i senga, så er eg ikkje heilt potetsekk. Eg har faktisk gjort ein god del husarbeid no som eg har tid. Nett no ventar eg på at eit brett med heimelaga rundstykker skal bli ferdigstekte, for å ikkje snakke om browniesen eg lagde i går. Og høyr, høyr: Eg har faktisk vaska handkle for hand! Det siste er fordi sikringane er teite og vi ventar på elektrikar som aldri kjem. Sist vi prøvde å bruke vaskemaskna, så kortslutta tørketrommelen som vi aldri har brukt.. så sånn kan det gå. Så no er det tilbake til gamledager, og dei som klagar over at dei må hente og henge opp kle frå vaskemaskina. Hah! I tillegg har eg nesten strikka ferdig ei hue som eg starta på i går. For å kompensere for husmortendensane mine, så har eg sett på sex og singelliv. Så ingen grunn til otte, endå!



Ferie er ganske digg etter å ha hanka inn 45 studiepoeng. Det er godt å vere litt i Bergen og få gjort ting eg aldri har tid til grunna studier. No har eg ikkje noko hastverk med å kome meg heim med det første, og nyter altså dei første feriedagane i byen. Så blir det nok jolefeiring på bygda nokre daga, og tilbake til eit nytt og spennande semester på nyåret. Eg er nemmeleg ferdig med 100-nivå, noko som tyder på at eg skal skrive bacheloroppgåve etter jul. Men før det skal eg rekke å lese mange andre skjønnlitterære bøker!

tirsdag 29. november 2011

Wanderes Nachtlied II

über allen Gipfeln
ist Ruh,
In allen Wipfeln
Spürest du
Kaum einen Hauch;
Die Vögelein schweigen im Walde.
Warte nur, balde
Ruhest du auch.

- Johan Wolfgang von Goethe

fredag 25. november 2011

Life is a roller coaster

Eg har som regel latt bloggen min vere ein arena der eg skriv om fine og positive hendingar i mitt liv. Dette er fordi det er jo dette eg vil sjå tilbake til og hugse, og ha med meg vidare i livet. Det tyder ikkje at livet mitt er fylt av berre glede og gode dagar frå ende til ein anna: for det er det ikkje. Eg berre lar vere å blogge om det. Dei stundene eg ikkje bloggar har som regel to årsakar: anten har eg det for travelt, eller så skjer det ikkje så gode ting i livet og eg føler eg ikkje har noko særleg å blogge om. Men, av og til må det få vere greitt å skrive om triste stunder, sjølv om eg eigentlig er ein optimist. Livet mitt går også opp og ned, og særleg i det siste har det svinga, og dessverre har det gått mykje i nedoverbakke.


Ein liten del av min nydelege familie. Stemor og mine to halvbrødre - Aleksander og Nathaniel.

Eg tenkjer først og fremst på min familie der heime, som er råka av brannen. Eg forstår det ikkje endå, for det heile er så uverkeleg. Spesielt når eg sit her i Bergen. Skadene etter brannen er visst større enn eg først trudde. Det går ikkje ann å bu i huset, og omtrent alt det materielle er tapt. For å seie det slik stemora mi sa det: Det har det dei går i. Dei har heldigvis fått leige ein ny plass å bu, nett no. Tida framover er usikker, men dei snakka om å kanskje kjøpe det huset dei skal leige, for det er truleg ikkje mogeleg å flytte tilbake til huset eg vaks opp i. No startar ein epoke der familien må byggje seg opp igjen. Heilt primitive saker som dyner til alle, nye kle og handkle, må kjøpast inn. Det blir økonomisk hardt, sjølv om inboforsikring dekker noko. Men å erstatte det materielle for ein familie på 7, over mange år, det lar seg ikkje erstatte. Alle juleforbedelsane er sjølvsagt også tapt. Arvegodset frå mine besteforeldre. Mykje gamle fotografier. Det lar seg aldri ersatte. Å kanskje aldri skulle gå omkring på gården i feriene, staden eg vaks opp i. Der eg har så mykje minner frå. Det gjer vond å tenkje på. Og eg kan ikkje ein gong tenke meg korleis dei heime har det no. Det må følest litt stusselig, litt tomt, litt trist, mykje bekymringer. Truleg får dei støtte og gode ord fra vennar og anna familie omkring.

Så frå å glede meg til juleferie, gruer eg meg ein del no. Gruer meg for å kome heime og møte synet av brannen og dei nye omstendene. Eg veit ikkje heilt kva forhåpningar eg kan ha til julefeiringa no, sjølv om samhaldet er det viktigaste. Eg håpar det ikkje pregar feiringa for mykje, men det er vanskeleg å tenkje seg til noko no - fordi eg skal kome heim til noko som ikkje lenger er min eigentlege heim.

Det har i grunn skjedd mykje detta året. Det har vore mykje fine stunder, men også mykje vondt. Helsa har vore relativt dårleg til tider, og det er noko eg har valt vekk i blogginga. Det er faktisk grunnen til at eg omtrent ikkje har blogga gjennom heile sumaren.

Eg fekk diagnotisert ein kronisk tarmbetennelse etter ein del legebesøk og eit sjukehusbesøk, i sumar. Før eg fekk diagnosen gjekk eg rundt i uvisse, med mykje ubehag og smerter i magen, dårleg matlyst og kjensla av å ikkje ha greie på kva som feila meg. Legen kunne ikkje utelukke noko før ho visste det sikkert, og ho sa ho ikkje kunne utelukke at det var kreft, men dog at det var lite sannsynleg. Heldigvis var det jo ikkje dette, og eg har vore relativt heldig med omfanget av sjukdommen. Den er svingande, men heldigvis har eg, og har hatt relativt milde symptom. Likevel har det vore hardt til tider: Ei stund i sumar var det så ille at eg fekk vondt av omtrent all maten eg åt. Etter fleire månader med medisiner er sjukdommen heldigvis lite merkbar. Eg får smerter i magen til tider, spesielt dersom eg ikkje passar på kosthaldet, men alt i alt er det store forbetringar. Sjukdommen er likevel kronisk, den opptrer gjerne i anfall. Den kan forsvinne, men komme att om 3 måndar, 5 eller 10 år, og kanskje opptrer den verre då. Det kan eg aldri vite, og den sett litt omgrensingar til tider. Til dømes har eg det siste halvåret hatt episoder der eg har fått vondt i magen etter kun to-tre glass med vin, og det er forferdeleg keisamt. Sjukdommen gjer og til at eg er redd for at den skal kome i vegen for at eg får reist til Argentina. Nett no ser verken eg eller legen nokon fare i det, og eg er forsikra om at eg skal få ein fast lege der nede som eg kan henvende meg til dersom eg blir sjuk under opphaldet. Likevel så klarer eg ikkje slå frå meg tanken om at eg kan bli dårleg før eg skal reise, og dermed ikkje få reist. Slik tenker eg i dårlege stunder, sjølv om eg veit at det er bortkasta å tenke på den måten. Dei siste månadane har eg stilt meg positivt til sjukdommen, og det har vore viktig. Eg tenkjer ikkje særleg over den, sjølv om eg veit at den er der. Det er berre noko eg må lære meg å leve med.

I tillegg har det vore litt kjipt å ha ein ekstra eksamen å jobbe med, detta semesteret. Det har gjort til at eg ikkje har kunne fokusere så mykje på dei faga eg har eksamen i no, og som har gjort at eg har jobba mykje med studier dette halvåret. Det har vore lærerikt å repetere, og eg blei jo belønna med ein god karakter. Men eg skulle likevel ynskje at eg ikkje hadde blitt sjuk på eksamensdagen i vår. Det var så unødvendig å måtte bli det, der og då kjentes det som eit lite personleg knekk, og det har stressa meg gjennom sumaren og fram til den nye eksamensdatoen.

Når eg tenkjer tilbake på våren, så framtonar den seg litt som eit virrvarr av blanda kjenslar: Mykje følelsar rundt kjærleik og sorg, som har tatt mykje tankerom og energi. Samstundes har dette håpet som ein finn om våren, gjett meg gode kjenslar. Samstundes med kjensla av å ikkje heilt kjenne seg sjølv, til tider.

Eg klarer meg greit nok med tanke på eksamenskonsentrasjonen. Eg får lest, men burde sjølvsagt ha byrja tidlegare. Dagane er rett og slett fylt opp med eksamenslesing, og det er slitsamt. Eg har ikkje ein gong gleda meg noko særleg til desembermånaden, som eg eigentleg elskar. I morgon og søndag skal eg jobbe seinvakt også, og før det blir det eksamenslesing. Ikkje den mest kjekkaste helga på lenge, akkurat. Eg håpar desto at vaktene på sjukeheimen kan bli koselege og at det er eit greitt avbrekk frå eksamenslesinga. Eg er likevel sliten, og slike fredagskvelder som dette skulle eg ynskje eg hadde ein kjærast som eg kunne vere med, eller at eg hadde hatt familien rundt meg. Eg har heldigvis gode vennar, og eg har mottatt fine ord og støtte dei siste dagane for hendingane rundt brannen, og det set eg pris på.

Det høyres jo kanskje ut som dette er mykje negativt, og det er det jo til tider. Spesielt i slike mørke tider, der ein stressar over eksamen. Eg er klar over at tida framover kan bli litt hard med tanke på familieomstendigheitane, men samstundes er eg innstilt på å gjere det beste ut av det. Å ta vare på samholdet i familien, å gje kjærleik, å prøve å sjå positivt på omstendigheitane. Så er eg klar til å kome sterkt tilbake, og å vere klar for nye utfordringar til nyåret. Eg tenkjer at dette er ein fase i livet eg berre må kome meg gjennom, kanskje med ein klem eller to. Så får eg tenkje at det er lov til å vere litt lei meg akkurat no - så lenge eg ikkje blir det for lenge.





onsdag 23. november 2011

A family sticks together when they need it the most

Uhell skjer. I dag har vore ein litt trist dag for familien min. Det du fryktar kan skje, men håper at det aldri vil skje: som å opne avisa og lese at eit hus står i flammer i området du er frå. Tanken om: herregud, tenk om det er heime? Men så slår du deg frå deg, for du tenke at det er usannsyneleg, at det ikkje skjer deg. Men i dag skjedde det. Etter ei stund oppdaterte lokalavisa artikkelen, og eit bilete av huset heime visste seg, med røyk sivande ut vindu, brannbil og brannmenn som står omkring. Det er eit bilete du ikkje vil sjå, tenke at det ikkje kan vere sant, men i dag var det dessverre sant.

Heldigvis vart ingen skada, og brannen blei fort teken kontroll over. Hjelpsomme naboer kom og hjalp til å prøvde å slukke og berge ut ein del materielle ting. Men skadeomfanget er likevelt stort. Det er ikkje synd på meg, men det er utruleg trist for familien min heime. Dei er fortvila, for huset er ikkje forsikra, og akkurat no er det røyk i heile huset, slik at dei ikkje kan bu der nett no. Kva som skjer vidare er ikkje godt å sei, sidan familien min ikkje har den beste økonomien. Litt urealistisk å sitje fleire titals mil heimanifrå og ikkje kunne gjere noko konkret. Å først oppdage det ved å lese avisa. Huset eg vaks opp i. Samstundes er eg takknemmeleg for at det gjekk så bra: at småsøskena mine var i barnehagen, at stemora mi var heime og våken og oppdaga det, til trass for at ingen røykvarslar gjekk.. og at brannvesenet komm så fort, då huset fort kunne ha blitt overtent. Så det er litt hell i uhell.

Det verste er at dette ikkje er første gongen det skjer. Dagens hendelse har fått meg til å tenke tilbake på brannen eg opplevde då eg var rundt ti år gamal. Den starta på loftet om natta, den brant seg gjennom taket i rommet mitt, og det var eg som først oppdaga det: Fordi eg ikkje fekk sove heile natta, grunna at eg hadde vondt i magen. Derfor blei det oppdaga fort, eg varsla mamma og pappa og vi fekk kontroll over brannen, slik at skadene ikkje blei større enn materielle skader og golv på loftet. Det var også hell i uhell. Den gongen kunne eg ha sove djupt og ikkje oppdaga det før huset hadde vore overtent. Men eg sov heldigvis ikkje den natta, og det heile blei ikkje så alvorleg.

Skadeomfanget er nok større denne gongen, og spesielt kjedeleg er det jo at det skjer så tett opp om jul. Det blir nok ingen julefeiring der i år, men det skal eg nok overleve. Det viktigaste er trass alt eg ingen er skada, så får vi ta det derfrå.

fredag 11. november 2011

Ein "normal" fredagskveld

Denna veka har vore sinnsjukt stress. Den har bestått av oppgåveskriving, stress, planlegging av faglunsj (eg sit i fagutvalet for litteraturvitskap), frokostmøte for fagutvala, baking til faglunsjen, gjennomføring av faglunsjen (som vart suksees!), skriving av semesteroppgåve. Etter ein lang dag med forelesing - ca 14 tima som hardtarbeidande student - enda med at 6 timers med arbeid plutseleg forsvant, 1 time før deadline. Treng eg å fortelje korleis eg følte meg i går kveld? Skulle feire at eg var ferdig med oppgåva, med å sjå torsdagskveld i nydalen. Enda med at det blei tårer i stadenfor latter. Så galt kan det gå, ja. Heldigvis har eg ein snill kollokvieledar som hadde sørgjeleg erfaring med datatrøbbel, og lot meg få lov til å levere seinare. Så i dag har eg reprodusert alt det tapte i løpet av nokre harde timar igjen, og har endeleg fått levert, takk og lov!

Det kjennast ekstra godt med helg no, etter denne travle veka. Så, kva tilbringer eg og resten av romkameratene i kollektivet vårt, denne kvelden med? Vel..den blir faktisk tilbragt i vår private gruppe på facebook. Her skjer det mykje internt, som av og til bør delast med omverden. Til dømes har aktiviteten på gruppen foregått slik dei siste timane, etter ein liten kattediskusjon.





Denne her kan enkelt forklarast som eit resultat at eg la ut eit bilete for å demonstrere eit poeng (at eg likar kattar - som ein del av kattediskusjonen) - og kva skjer? Jo det som kan skje, biletet blir litt misbrukt. Det har nemmeleg skjedd før.



Her er orginalbiletet, som skapte ein heftig kattediskusjon blant mine kollektivistar. Har vi katt eller ikkje hatt? Er katten ein pute eller kasta eg den ut vindauget sekundet etterpå? Tja.. sånn er livet i kollektivet vårt ein fredagskveld - fylt av meingsfulle diskusjonar i gruppa.

tirsdag 1. november 2011

Berre litt tysdagspoesi


Biletet er tatt frå ein herleg tur i haustsola, forrige måndag. Bergen viser seg igjen frå ei veldig flott og haustfin side, og det er liksom då ein verkeleg kjem til å like hausten.



Alle fargene på veg til Fløien, er amazing. No har sola trekt seg tilbake igjen, og regnet er tilbake. Sjølv om eg tidvis kan vere rimeleg lei av alt regnet, så var det utruleg forfriskande nett i dag. I sta var det så mykje regn at eg omtrent ikkje høyrde trafikken i lyden av regnet som traff asfalten, vatnet fløyt overalt, samla seg om alt lauvet og strøymde avstad. Men det var fint, for eg var i min eigen verd der eg gjekk under den store raude paraplyen min og støvlane, ogdå er det jo heilt greitt at det regnar mykje.

Eg kunne heller fortalt at eg har brukt heile 3 timar i dag på å fylle ut noko byråkratiske skjema av Gjensidige. Eg meiner - 3 tima! Berre for å prøve å skrive opp alle legebesøka, og alle medisinane dei siste fem åra, snakk om å gjere research og vri hjernen, fem år tilbake, og eg har faktisk vore alt for mykje til legen! Nei... no er papira sendt og eg har dei ute av systemet for ei stund, og det er bra, for dei har vore på skrivebordet mitt i nokre veker og gjett meg dårleg samvitt, men no er dei ikkje i augesyn lenger, og det er fint. Det var så lite interessant å fortelje om i grunn, om det og sortering i papir og sånt arbeid som du berre må gjere av og til, men som er kjedeleg.

Men, det som er fint å tenke på, at det i dag berre er ein månad att til desembermånad, og 1 måned og ei veke til juleferie. Herleg, fin, sjuk, flott, tanke.

Og sa eg at eg fekk B på den eksamen min, som eg ikkje hadde så store forhåpningar om? Det er veldig OK, sidan ingen fekk A, med andre ord så er det B - for best, eller brave.


mandag 31. oktober 2011

Dikt 341 - Emily Dickinson

After great pain, a formal feeling comes-
The Nerves sit ceremonious, like Tombs-
The stiff Heart questions was it He, that bore,
and Yesterday, or Centuries before?

The Feet, mechanical, go round-
Of Ground, or Air, our Ought-
A wooden way
Regardless grown,
A Quartz contentment, like a stone -

This is the Hour of Lead-
Remembered, if outlived,
As Freezing persons, recollect the Snow-
First-Chill-then Stupor-then the letting go-

- Emily Dickinson

søndag 30. oktober 2011

Denne veka..


Har semesteroppgåva mi om 'kvinner og galskap', nesten blitt til ein historie om 'Eva og galskap'.


Eg har gjort klar ein ein 15-20 minutters framføring om Dostojevskij og den polyfone roman som eg skal presentere i morgon. Drømte at framføringa blei for ein full forelesningssal...


Vore litt sånn, litt for masse tid i senga, shotting av hostesaft og slikt. In other words ein ganske så kjedeleg veke. Men heldigvis ser eg lyset i enden av tunnelen. Oppgåva er levert, framføringa klar, og hosten har byrja å avta. Etter morgendagens 15 minutter er eg klar for ei ny, men forhåpentligvis bra veke med fri tysdag og onsdag (hei ny helg!), litterære foredrag og forhåpentligvis litt solgløtt og meir tid til blogging. For hey, eg har faktisk ein liten hemmeleghet å fortelje, angående neste haust.

mandag 24. oktober 2011

Om fine ord i kvardagen

Pappa hadde bursdag på laurdag, og då eg spurte han kva han ynskja seg i bursdagsgåve, kom det typiske foreldresvaret om "snille barn", men han etterfulgte det med å skrive "men det har eg allereie". Det er kjekt å høyre frå ein 6-barnsfar, som endå har nokre små å pusle med, og som han har hatt dei siste 20-30 åra av sitt liv. Og er det rart då? Det er berre å sjå på bileta at vi er nokre gullungar i gode augonblink :)

Nina og Jan Tore.

Kjell Inge

Aleksander

Nathaniel

Sist, men ikkje minst så kjem jo også eg i gullrekka (ikkje sist, og ikkje minst forresten, men som ein god nummer 3 i rekka av syskjen, sjølv om eg var minstejenta i heile 9 år).

Familien er hjertets fedreland - Guiseppe Mazzini

søndag 23. oktober 2011

Hauststemning





Er livet kjedeleg om hausten? Slettes ikkje. Denna helga har vore ein av dei betre, fylt til randen med koselege saker. Det byrja med ein gourmetmiddag hos Kjersti og bestevenn KS på fredag. I tillegg til den allereie nemnte hjortebiffen med fantastisk tilbehør, blei dei dessertx3. Oreois, heimelaga cookies og ostekake. Namm, masse deilig carbs! Medan vi kosa oss med maten, såg vi ein typisk hollywood-kjærleiksfilm: 27 dresses. Humørbooster! Så måtte eg springe for å få med meg ein av konserthaustens store begivelser: Sondre Lerche, med Young Dreams som oppvarming. Konserten var faktisk på Kvarteret, og alle hadde kome for å sjå, så dei blei både trang og varmt. Men vi var så heldige at vi fekk plass på ein slags lita tribune slik at vi såg alt. Både Sondre Lerche og Young Dreams overraska meg positivt, det var ein god konsert.

Laurdag fekk eg besøk av mamma og kjæresten hennar, og dei lurte meg med på ein to timar lang fjelltur. Eg har faktisk gått opp den berømmlege Stoltzen, forså å gå derifrå til Fløien. Til trass for regn og vind mot slutten, vart det ein forfriskande og kjekk tur. Alle biletene er tatt frå turen opp til Stolzen, og bevise at det faktisk kan vere mange fine haustfargar i Bergen også. Hurra!

Mamma var så snill at ho inviterte meg på hotellfrukost i dag tidleg, og det er få ting som slår det. Som om ikkje det var nok, fekk eg ein stor, raud paraply med logoen til Thon Hotel. Så no er eg klar for å møte regnet (ironisk nok er det meldt fint veir i to veker framover..)

For å fullende hauststemninga, så skal eg dra på filmhaustens store begivelse i Bergen: BIFF, såklart! Har fått heile tre gratisbillettar, og har tenkt å gje vekk to av dei. Så då blir det Hot Coffee som ein verdig avslutning på helga.

fredag 21. oktober 2011

Cut the crap, Freud!


Mykje meir morosamt å krølle håret, enn å skrive om Freud, psykoanalyse og "kvinner og galskap". Freud er ein ting, men Lacan med sin språklingvistiske miks av Freuds umedvetne og signifikat og signifikant og blablaba.. har gjort meg litt smågal. Derfor har eg latt semesteroppgåva på vent no, og er heller klar for hjortebiffmiddag med Kjersti og bestevenn KS, for så å reise på Sondre Lerche + Young Dreams konsert. Velkommen helg, håper alle får ein fin ein :)

torsdag 20. oktober 2011

Litt om dikt og datt

I den litteraturhistoriske epoken avantgarden som vi har gått gjennom dei to siste vekene, møter ein det eine surrealistiske dikt, foran det andre. Dikt som nesten blir absurde, men som likevel er spannande. Ofte forbind eg det ikkje med djupe kjærleiksdikt, men ein surrealist, Robert Desnos har skrive eit skikkelig skikkelig fint dikt, som eg vil dele med omverden.

Siste dikt

Jeg har drømt så mye om deg
Jeg har gått så mye, snakket
Elsket skyggen din så lenge
At jeg ikke har mer tilbake av deg
Tilbake er bare dét: å være skygge blant skygger
Å være hundre ganger mer skygge enn skyggen
Å være skyggen som skal komme og gå i ditt solopplyste liv

- Robert Desnos

For å sitere det forelesaren sa 'tenk å vere den heldige kvinnen som fikk det diktet til seg'. Ja..det er vakkert, og meir seriøst ein ein del andre surrealistiske dikt, som til dømes Joyce Mansour dikt om ein mangofrukt.

En mangofrukt

Jeg har lyst på en mangofrukt
Jeg avskyr menn som ikke kan spise
Uten at visdommen veller ut av dem
Du gråter
Ensom såret og leget av min kjærlige munn
Du skjønner en fallos må spises med fingrene
Jeg er sulten på støv
Det finnes ingen bolig stor nok
Intet århundre ingen strand tom nok for meg
Dagen før dysset i søvn av Cæsars sønner
Tar jeg til mitt forsvar fjærene av uten sorg
Mitt hjerte trenger en mangofrukt
Ingen må drepes
Idag sier man forsiktig
Kjærlighetens øyne er tørre
Oljeflekker erstatter skillingtrykk på våre vegger
Morgenrødens tunge vogner
Kjærer ustanselig forbi
Bak teddybjørnen
Slangens ville blikk
Og min mor som drømmer på engelsk langt langt borte
Langt borte mangofrukten som lukter natt

- Joyce Mansour

Diktet minner meg faktisk ein smule om kjøleskapspoesi. Ord som 'bak teddybjørnen' minner om det absurde, men eg har eigentleg litt sansen for surrealistane, dei kan eg forstå litt av, der dadaisme blir litt for spesielt for meg.

Ellers er det faktisk undervisningsfri dag i morgon, og bortsett frå trening og semesteroppgåveskriving (first pain, then pleasure), skal eg på hjortemiddag og seinare på konsert med Young Dreams og Sondre Lerche. Det blir stas!


onsdag 19. oktober 2011

"Når han var hjemme, var han ikke hjemme"

Det er ny veke igjen. Eg har vore heime i helga og slappa av med familien, henta fram gamle bileter som eg fortida driv å skannar inn, laga raspekakemiddag til 6 menneskjer, sett forunderleg mykje på fjernsynet, og tilbragt 11 timar i buss. Denna veka skriv eg semesteroppgåve om 'kvinner og galskap', og les Tomas Espedal innimellom. 'Når han var hjemme, var han ikke hjemme'. - Denne har satt seg i minnet mitt. Det sei så mykje, Tomas Espeldal har utruleg bra språk i bøkene sine. Det slår meg at som litteraturstudent, burde eg skrive mykje meir om bøker. Ja, kanskje eg skal byrje litt med det. Fortelje litt om kva eg eigentleg likar å les, mitt forhold til lesing og skriving.



Og ellers har eg faktisk vore hos frisøren, det var nok på tide. Resultatet blei bra, har klipt opp ein del og haudet mitt kjennast mange hundre gram lettare. Eg ser usedvanleg blond ut her, men det er nok berre lyset som spelar oss eit lite puss (oj, eg er visst blitt litt påverka av Adorno..)

Snart er det quizonsdag, eg har ein kjensle at vi kan kanskje klare oss litt bra i dag.

søndag 9. oktober 2011

Good days


Torsdag var eg endeleg ferdig med 102-eksamen, som har henge over meg som ein sky sidan... pretty much sidan vi starta med faget i januar, så det er endeleg godt å bli ferdig med den. Eg trur det gjekk tåleleg bra, uansett er eg fornøgd så lenge eg står. Så denne helga har eg tatt den første studiefriehelga på leenge! Derfor passa det bra med sol på laurdag, slik at eg og Randi fekk tatt oss ein fin laurdagstur på Fløien.





Ellers har det gått i pusling, retrodansing på Hulen, vasking, Mad Men og soving. Fin måte å tilbringe helga på.

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...