søndag 26. februar 2012

Sundagslunsj


Gilmore Girls sesong 6, appelsin, heimelaga eplepai (namm!) og svart kaffe.

Var på Kvarteret i går og høyrte på Knut Nærum lese opp frå bøkene sine, samt at han snakka generelt om sitt liv. Det var så bra! Han er like kul i røynda som i på "Nytt på nytt". Det er ganske så vårleg i Bergen fortida, det er herleg! Også har eg nesten slutta å hoste heilt.

lørdag 25. februar 2012

Laurdagsfrokost


Paterson av William Carlos Williams, skjeve med blåbærsylte, appelsin og yogi tea.


Sjuk i fire daga, men i dag er eg på bedringens veg. Hurra!

onsdag 22. februar 2012

Når ein er sjuk

Det er ikkje til å legge sjul på at det å vere sjuk, kan vere særs keisamt. Eg blir iallfall særs rastlaus etterkvart av å ligge på sofaen med dyna over meg, og ikkje ha energi til å gjere noko særleg. Dette er tilfellet no. Eg er litt småsjuk på dag 2: med feber, stygg hoste, halsvond og generel slappheit. Eg var lei allereie i går føremiddag. Dette grunna ei ganske heftig, svevnlaus natt, med feberfantasi og kløe over heile kroppen. I dag hadde eg akkurat nok energi til å kome meg på seminar, men det krevde sitt då eg prøvde å avgrense hostinga i 3 timar. No i kveld er eg tilbake til status quo, og er superrastlaus. Det er unødvendig å nemne at eg i tillegg lid av noko som kallas dårleg samvitt ovanfor pensumlesing, men på ein annan side har ein gyldig grunn når ein er sjuk. Det gjer litt for mykje vondt i sjela om ein både skal vere sjuk og bruke den energien ein har til disposisjon, til å lese pensum.

Nei, då må ein nesten gjere alt ein kan for å halde på humøret, slik at ein snøgare kan bli frisk! Så, kva kan ein gjere? Kan like gjerne lage ein 'what-to-do-list-when-ill-and-bored'

1. Sjå på serier, sjølvsagt! Dette funker til ein viss grad, spesielt dersom ein har mange gode serier til disposisjon. Om ein skal få opp humøret, så er 'Sex and the city' ein sikker vinnar. Elles funkar Ally McBeal, Mad Men, Twin Peaks og liknande godt det også.

2. Når ein er lei av å sjå serier, så kan ein jo alltids prøve å lese i ein fin bok. Akkurat no går det i Vente, Blinke av Gunnhild Øyehaug.

3. Har ein litt tråd og nokre pinner, så set i veg i å strikke. Det spelar ikkje så stor rolle om det ikkje blir fint. Ein har i all høve tidsfordriv.

4. Pusle! Bli ferdig med det everlasting puslespelet på 2000 brikkar!

5. Drikk absurd mange koppar med te og honning for å bli raskare frisk.

6. Om ein har litt energi, så kan ein rydde romme og skifte sengtøy sånn at ein får ein litt koslegare atmosfære.

7. Om du framleis har litt meir energi, lag deilig bærpai!

8. Sjå gjennom gamle bileter, det er alltid hyggeleg.

9. Om du er så tappa for energi at du ikkje orkar noko av det ovanfor, men likevel ikkje vil sove, så kan ein setje på eit fint album på Spotify eller liknande, og legge seg ned og lukke auga.

10. Har du takvindu, stirr opp og håp på stjernehimmel.

11. Be til høgare makter om at du snart blir frisk, og sov!

---

Vonar om å bli frisk fort, for byrjar å bli lei av lista mi. Er heller klar for meir trening og sosialt. Jaja, god helse alle!

lørdag 11. februar 2012

Om meg, nokre spørsmål.

1. kor gamal er du om fem år?
26,5 år.

2. kven var du minst to timar rundt i dag?
Det må vel vere Randi.

3. kor lang er du?
Ein plass mellom 171-173 cm, trur eg.

4. kva var den forrige filmen du såg?
Muldvarpen på kino.

5. kven ringte du sist?
Det er sjeldan eg ringer til andre, sidan eg, som Tessa, lide av telefonskrekk. Men eg ringte faktisk mamma på tysdag, ettersom eg måtte svare på det tapte anropet.

6. kven ringte deg sist?
Sokrates

7. kva stod på den forrige sms’en du fekk?
"?"

8. føretrekk du å ringa eller senda sms?
Seier som Tessa: SMS. Men eg tykkjer det til tider kan vere svært keisamt dersom det er langt å skrive, og då foretrekker eg heller å skrive det i mail eller liknande.

9. er dine foreldre gifte eller skilte?
skilte.

10. når såg du mamman din sist?
1. nyttårsdag.

11. kva farge har du på augene?
Grønne, med småsmå hint av brunt.

12. når våkna du i dag?
Sidan det er laurdag så vart det litt seint. Ca i titida.

13. kva er din favorittjulesang?
Det lyser i stille grender

14. kva er din favorittplass?
Jølster om sumaren, ingen tvil.

15. kva plass likar du minst?
vanskeleg å sei eigentleg. av byane har eg hatt minst sans for Oslo.

16. kvar trur du at du er om ti år?
Det òg er vanskeleg å sei, men eg håpar og trur at eg er i jobb og gjer spanande ting!

17. kva skremte deg mest om natta som liten?
Eg var redd for mørket og for å sove aleine. Dette medførte at eg sov lenge i senga til mamma og pappa, for då eg fekk mi eiga seng på rommet mitt som 6-åring, ville eg ikkje sove der. Etterkvart så tok dei senga mi inn på deira soverom, sidan eg ikkje lenger fekk sove i senga. Dette haldt på nokre år, stakkars mamma og pappa!

18. kva fekk deg til å le hardt seinast?
Denne tweeten: "The awkward moment when you go scuba diving, and you see Adele rolling in the deep". Hahaha, ler framleis like godt.

19. kor stor er senga di?
Sikkert 190 cm, og ikkje så veldig brei. I all høve ikkje den som er i Bergen. Den heime er større.

20. har du stasjonær eller bærbar datamaskin?
Bærbar mac ;)

21. søv du med eller utan klede?
Eg søv i pysj. Om vinteren så blir det ein skikkelig varm og god ein. Om sumaren kan eg godt sove i pysjshorts og singlett.

22. kor mange puter søv du med i senga?
Eg har to, men eg endar som regel opp med å kaste den eine ned på golvet.

23. kor mange land har du budd i?
Berre dette, men om eit år kan eg forhåpentligvis seie to!

24. kvar har du budd?
Erikstad, Skei, Sandane og Bergen.

25. likar du sko, sokkar eller berrføtt?
Det kjem no heilt ann på. Sokkar er fint når det er kaldt, spesielt om dei er mjuke. Er eigentleg ikkje glad i sko, men det funkar til sitt formål. Om sumaren er det fint å gå beirføtt på godt underlag.

26. er du sosial?
Eg er sosial når eg føler for å vere sosial, men eg trivst også godt i mitt eiga selskap. Det er ein god balanse.

27. kva er din favorittis?
Har ikkje ein favoritt, men no fekk eg lyst på bringebæris!

28. kva er din favorittdessert?
Eg er matmoms eg, så eg kan sjølvsagt ikkje klare meg med ein ting. Men eplekake med is er ein god favoritt!

29. likar du kinamat?
Ja, det eg har smakt. Men eg trur ikkje eg hadde likt all kinamat. Eg likar sushi, kylling og slikt, men det er jammenmeg mykje rar mat eg sikkert ikkje hadde likt.

30. likar du kaffe?
Eg er i all høve avhengig av det, og likar det. Men den må vera heil svart, og gjerne litt sterk (men ikkje ekspresso-sterk).

31. kva drikk du til frukost?
Te og kaffe, også prøver eg hardt å drikke vatn også. Men det er ein hard kamp, og det er ikkje så gunstig sidan både te og kaffe er svært vanndrivande.

32. søv du på nokon spesiell måte?
Ikkje meir spesielt at eg sikkert skiftar stilling eit par gongar om natta. Har fått høyre at eg søv litt uroleg.

33. kan du spela poker?
Eg lærte det ein gong, men no har eg nok gløymt det igjen. Men det er gode sjanser at eg skal klare eit enkelt spel med litt oppfriskning.

34. likar du å kosa?
Eg er eit ganske så normalt emosjonelt menneske (kanskje eit veldig emosjonelt eit). Ja, eg elskar kos. Spør som Tessa: kan ein ikkje like det, sånn eigentleg?

35. er du eit avhengighetsmenneske?
Tja, ikkje sånn eigentleg. Eg er litt treningsavhengig no, men det kan kome perioder der eg ikkje trenar særleg (i feriar), og plutseleg er eg i ein periode der eg nesten ikkje trenar.

36. kjenner du nokon med samme bursdag som deg?
Trur det eller ei, eg kjenner faktisk tre som har det. Mamma (jepp), og to frå ex.phil.-kursa.

37. vil du ha born?
Det vil eg, men eg er ikkje så lysten på å føde.

38. kan du nokon andre språk enn norsk?
Engelsk og tysk sånn foreløpig.

39. har du nokon gong vore i ein ambulanse?
Heldigvis ikkje.

40. føretrekk du havet eller eit basseng?
Eg likar innsjøar, men skal eg velje, så må eg vel velje havet, så lenge det ikkje er brennmanetar der.

41. kva brukar du helst pengar på?
God mat, kjoler, godluktande lotions og serie-dvd, og gode reiser.

42. eig du dyre smykker?
Eigentleg ikkje.

43. kva er ditt favorittprogram på tv?
Torsdagskveld i Nydalen

44. kan du rulla med tunga?
Ja!

45. kven er den morsommaste personen du kjenner?
Kjenner mange, men Thordis er absolutt på toplista mi.

46. søv du med kosedyr?
Ikkje kvar dag, men eg kan finne på å gjere det.

47. kva har du som ringelyd?
Sannheita er at eg ikkje heilt hugsar det, fordi eg som regel har på lydlaus.

48. har du klesplagg frå du var liten?
Det ligg mange slike klesplagg på loftet.

49. kva har du nærast deg no som er raudt?
Kanten på kjølematta. Dernest, strikketøyet mitt.

50. flørtar du mykje?
Det hender. Kjem an på situasjon og humør.

51. kan du bytta olje på bilen?
Eg kan skifta kjøleveske, så då kan eg sikkert skifte olje.

52. har du fått ei fartsbot nokon gong?
Har det endå til gode.

53. kva var den forrige boka du leste?
"Retten som ingen kunne målbilde. En forsvarstale mot Arne Treholt", av Kaj Skagen.

54. leser du avisa?
Skrollar gjennom nettsidene på BT, Firda og Aftenposten. Elles les eg Studvest i papirutgåva kvar veke.

55. abonnerer du på noko magasin?
Nei, ikkje no.

56. dansar du i bilen?
Kven gjer det?

57. kva for radiostasjon høyrte du på seinast?
Eg trur det var P2.

58. kva var det siste du skreiv ned på eit papir?
Eg skreiv nok ned ei hending i årskalendaren min.

59. når var du i kyrkja sist?
Det kan eg ikkje hugse.

60. er du lykkelig?
Det går opp og ned i livet, men eg er ganske nøgd med tingenes tilstand, så eg vil seie at eg er tilfreds, men ikkje lykkelig heile tida.

-

Spørsmåla er lånt hos frå Tessa sin blogg.

søndag 5. februar 2012

Spis, elsk, lev

"Så det å vie seg til å skape og å nyte skjønnhet kan være viktig - ikke alltid nødvendigvis en måte å flykte fra virkeligheten på, men av og til en måte å holde fast ved det virkelige på når alt annet vitrer bort og blir...retorikk og plot" - Elizabeth Gilbert, "Spis, elsk, lev"

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...