tirsdag 30. august 2011

Attende til studentlivet



Nesten endå ein månad har gått sidan forrige blogginnlegg, og mykje innhaldsrikt har funnet vegen inn i livet mitt. Til dømes er eg tilbake i studentkvardagen, noko som er fantastisk kjekt.
Før det har eg faktisk rukket å fylle 21 år og avslutta sommarjobbing, reist attende til bylivet i Bergen i to små dagar, der eg og dei nye folka i kollektivet har tatt ein heidundrandes ikeatur for gjere leiligheta litt koseligare.

har eg flydd sørover kontinentet, der eg har tilbrakt 5 nydelige dagar i Leipzig, hos Thordis. Leipzig fortjener faktisk eit eiget innlegg, for det er "den nye Berlin" og ein by eg kjem til å reise attende til fleire gonger! Dessverre har eg klart å la kameraladaren ligge att heime i Jølster, så før eg tak i den igjen, uteblir innlegget, ettersom eg så gjerne vil suppelere det med bileter frå ferien!

Inntil vidare, så kan eg fortelje at eg har blitt så voksen at eg endelig har byrja å sjå på forsikringar, og fått konstantert at eg i det minste lever under mammas inboforsikring. Eg har også opplevd brannalarmen i kollektivet, og korleis ein nullstille den (for så å ringe og varsle om falsk alarm slik at fem brannbilar ikkje ville ha blitt sendt hit). Samme dag tryna eg i trappa balaserande på tre tallerkar og sølte smoothie over heile meg. Ja, for å ikkje gløyme at eg forsov meg, etter å ha skrudd på vekkerklokka 48 timar feil :)

Eg har også rukket å innstalere ein hightech Canon pixma, som gjer til at eg kan skrive ut både utskrifter, fotobileter, skanne og kopiere, heilt trådlaus er den òg! Eg har også lært meg å like rosenkål og bruke det i matlaging, vore på eit par forelesingar og sjølvsagt klart å søle kaffi over ein del av pensumbøkene mine (som illustrert på biletet). Akkurat no les eg ein finurlig bok i pensum på 103 om Joseph Andews og hans vitterlige eventyr, som til tider er hysterisk morsom. Min fantastiske konteeksamen i Eldre litteratur og poetikk (grunna sjukdom) er snart berre ein måned unna, med andre ord har eg nok pensum å lese. Så høyrer det med at ein skal vere sosial, og eg har allerede rukket eit klassevorspiel og kino, og dei neste dagane blir det både quiz, konsert, filmkveld og dionysisk aften med herlige litteraturfolk. I tillegg har eg premierebillett til Henrik Ibsens Gengangere 10.september, på 1. rad, som ikkje blir anna ein episk!

Eg har det ganske så bra, med andre ord.


tirsdag 2. august 2011

Stillheita er ikkje eit ord

Det har nesten gått ein måned sidan forrige blogginnlegg, og det har vore mange innhaldsrike dagar, på godt og vondt. Eg tenkjer sjølvsagt først og fremst på 22.juli.2011, som for meg endå er uverkeleg og uforståleg. Eg trur vi alle har det litt slik. Eg har vel prøvd å forbigå det i stillheit, tanken har vore der ofte om å skrive om det, men så har eg ikkje heilt visst kor å starte.

Eg var på Malakoff Rockfestival då tragediene skjedde, og fredagen var det vanskeleg å skjønne omfanget av det heile: Fordi vi levde eit liv utan massemediene og høyrte berre rykter. Den dagen var det berre bombinga i Oslo som eg fekk høyre om og som vi innimellom konsertane og alkoholkonsumet snakka om, men ikkje kunne forstå. Den første indikasjonen på at noko galt hadde skjedd, var at venninna mi fekk ein sms av broren sin om 'at alt står bra til med meg, om de lurer'. Vi forstod sjølvsagt ikkje kva som var meint, men trudde ikkje det var så alvorleg. Seinare overhørte vi av nokon som gjekk forbi teltet seie at "Jens Stoltenberg lever". Også ord som at "Al Quida står bak", svirra rundt campen. Det var uutholdeleg å ikkje ha greie på kva som var på gang, så ved hjelp av mobilt internett fekk vi lest litt i nettavisa om bombeangrepet på Regjeringskvartalet. Det var sjokkerande, uverkeleg. Var dette i Noreg? Nett då var eg med to vener av meg som bur i Oslo til vanleg, og det prega dei ein del. Likevel haldt vi fram med å gå på konsert og prøvde å kose oss etter beste evne.

Først laurdagen, då vi gjekk for å kjøpe aviser, skjønte vi omfanget av det heile som har skjedd. Då avisene gjekk i trykken, visste dei ikkje kor mange som var blitt drept i skytinga på Utøya, forløpig hadde avisene eit tal på 4. Likevel skjønte vi at dette ville bli oppjustert, ettersom det stod i avisa at drapsmannen hadde gått rundt i nesten to timar og fått skyte frittt. Utenfor Narvesen, satt alle med kvar si avis, stemninga var alvorleg og trist. Trangen for å grine var der. Ein som satt ved siden av oss på bordet, spurte oss kva som stod i avisa om antal drepte. 4, sa vi. Det nye talet er 84, sa han. Tallet stakk i oss. 84? Nei, det kunne ikkje vere så mangen. Det måtte vere rykter. Det kunne for søren ikkje vere så mange, det var for vilt. Vi nekta å tru han.

Seinare på ettermiddagen var det konsert med Bjørn Eidsvåg, som på mange måtar blei ein markeringskonsert. Det var ein prest som åpna konserten med 1 minutts stillheit. Presten fortalte at det forløpige talet på drepte var 91. Så var det sant, det gjorde inntrykk. Heile konserten var stemninga trist, men likevel fin. Det var ein vakker konsert med musikken til Bjørn Eidsvåg. Som presten sa, i slike stunder er det få ting så passa betre enn musikken hans, og det trur eg er sant.


Biletet er henta her i frå.

Eidsvåg åpna med songen Evig Kvile, som skildra situasjonen utruleg bra:

Ingenting blir noen gang som før
Og før kommer aldri mer igjen

Mørket rår når endog håpet dør

Sorgen er en dyster følgesvenn
Livet er så sårbart og så skjørt

Før det står i blomst kan det vere over

Historien om undere har vi hørt

Trassig liv som trosser alle lover

Men ikke denne gangen,
ikke nå

Vi så livet reise seg og gå



Ingen følte egentlig for å feste noko særleg resten av helga, så det blei ein roleg helg. Samstundes var det utruleg godt å vere på ein festival med mange folk og få snakka om det som hadde skjedd. I slike stunder er det viktig med samhold, og det trur eg landet vårt har vore flinke til.

Då eg kom heim etter festivalen, kjentes alt så utruleg trist og tomt. Eg kom heim til eit tomt hus, og endeleg til realiteten med massemediene. I fleire timar etterpå satt eg heime og oppdaterte meg på det som hadde skjedd, og grein. Det einaste eg klarte å tenkte var: Ingenting blir som før.

Heldigvis har eg fantastisk gode venner, og allerede same kveld fekk eg invitasjon til filmkveld. Først gjekk eg og ei venninne tur i sola og snakka om det som hadde skjedd. Det var utruleg godt. Vi var ganske triste då vi kom inn att, men satte på ein komedie, noko som gjorde mykje for humøret.

Dei siste dagane har eg vore mykje saman med folk, og det har vore viktig. Det er ikkje bra å gå rundt aleine med sorg i desse tider. Det har vore utruleg fine dagar, fylt med masse kjærleik. Eg trur ein del av sorgen har blitt erstatta av samhold, kjærleik og ønskje om å gjere noko i Noreg, om å stå saman som demokrati.

Tragediene har distansert seg litt for meg dei siste dagane, mest fordi eg er heime på bygda og tilbake i jobb. Det kjennes nesten litt som tragediene har skjedd i utlandet. Eg har ikkje sett markeringar på nært hald, ingen turistar har sagt noko om tragediene og i det heile er kanskje livet meir tilbake til normalen her. Men vi snakkar om det, vi føler med det, men det er mest litt som ein fæl draum eg har hatt. Eg kjenner ingen som har blitt drept eller har vore med på tragediene, men eg veit at det er mange venar og kjente i Bergen som har det, og eg trur at når eg reiser tilbake den 14. august, så vil eg merke meir av sorgen. Det vil nok bli litt anna i byen.

Dessverre har eg ikkje fått anledning til å vere med på fakkeltog, og mitt bidrag har vore gjennom 'kampanjer' på facebook, men om det framleis er mogelegheiter skal eg kjøpe ei rose og legge den ved den blå steinen.

Elles gjer eg som mange, føler med det som har skjedd i stillheita, tenkjer på alle råka - både dei drepte og pårørande. I det minste bidreg eg litt i politikken, ettersom eg står på liste for årets kommuneval, noko som kjennes ekstra godt. Voner om at flest muleg vil bruke stemmeretten sin.



Biletet er henta her i frå.

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...