søndag 24. november 2019

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gått inn i jobblivets rekker. I mai blei eg ferdigutdanna med nok ein bachelorgrad, og avslutta studentlivet i Sogndal med stil med bachelorgrad i reiselvisleiing.  I motsetnad til då eg avslutta den første bachelorgraden, følte eg meg denne gongen klar for å starte jobblivet og også veldig klar for å flytte frå Sogndal også, ettersom eg byrja å bli litt lei.

Sidan har det gått slag i slag, å faktisk måtte finne jobb var skummelt, du veit, ein er jo redd for å ende opp utan jobb. I sumar fekk eg jobb på Natursenteret i Eidfjord. Det var ein annleis, men kjekk erfaring. Eg stod både i resepsjon, gjekk ut i bussar og ønskte cruiseturistar velkomen og solgte også ein del varer i souvenirbutikk. Ein annleis, men kjekk erfaring. Sidan mamma har flytta til Eidfjord fekk eg bu der gratis i sumar, i den vakre fjordperlen, som bokstavleg talt ligg redd ved fjorden. Det har vore ein fin sumar, sjølv om eg har jobba heile sumaren. Eg har blitt kjent med nye, kjekke folk gjennom jobben og sumaren har i grunn vore ganske flott, der eg fleire kvelder har hatt høve til å nyte sol på verandaen. Berre sjå for ein utruleg vakker utsikt det er i huset som eg no kallar min andre heim:




Den 20.august var eg ferdig med sumarjobben, og stod utan jobb vidare. Då tok eg meg ein velfortjent sein sumarferie heime i Jølster og brukte tida på å male gongen til pappa og måle og ordne trappa, sidan eg rekna med å gå ei stund utan jobb.

Plutseleg fekk eg ein telefon på ein vikarstilling eg hadde søkt på i eit destinasjonsselskap. "Drømmenjobben" som eg berre hadde turt å håpe på. Det var lenge sidan eg hadde sendt søknaden, så eg trudde ikkje eg skulle bli innkalt til intervju, men kandidaten deira trekte seg plutseleg og dei trengte ny tilsett raskt og timing og alt var god, sidan eg ikkje hadde jobb og dei trengte folk raskt. Så plutseleg var det gjort, eg fekk jobben og flytta til Voss raskt.

Så, no bur eg på Voss, ein stad eg ikkje heilt hadde sett føre meg å bu og eg har jobba no i litt over 2 mnd. Eg trivast stort sett i jobben, den er variert og utfordrande, men november har vore ein travel månad, og det er nokre ting eg ikkje likar og andre ting eg elskar ved jobben, men det som er sikkert er at eg lærar utruleg mykje av. Det er eit vikariat som går fram til 31.juli neste år. Etter det er tida uvisst, men eg tenker det er perfekt å slutte den 31.juli og ta ferie i august og finne ut av livet vidare. Eg fyller jo faktisk 30 i august neste år (kor sjukt er ikkje det?!) og eg tenker at det passar bra med feire då og feire 30 år då på ein eller anna spesiel måte. Eg ser ikkje føre meg at det er på Voss eg skal bu på lang sikt, men det er fint å bli kjent med nye stader og det er også fint å vere kun ein kort togtur frå Bergen.

Men no er det snart tid for desember og all det koslege som høyrer med det. Eg er så glad for at eg får juleferie frå 20.desember til 2.januar, no som eg er i jobb er det ikkje noko eg automatisk reknar med. Det er kun 1 veke til 1.desember og neste laurdag tenker eg å byrje med adventskosen med å byrje å sjå den første julefilmen for i år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...