fredag 30. desember 2011

Nye takter

2011 står heilt på randen og trekk sin siste pust. Om ikkje så mange timar skal vi inn i endå eit nyttår - 2012. Det er skremmande kor fort tida går. Det kjennes ikkje lenge sidan eg satt og blogga om at eg skulle til Hemsedal for å feire nyttår der, akkurat for eit år sdan. Men eit heilt år sidan er det, og det har skjedd mykje sidan då. Eg trur ikkje 2011 heilt har vore mitt år: det starta så utruleg bra med Hemsedal og det som etterfulgte i eit par veker etterpå, men utover våren og sommaren gjekk kanskje ting litt mot meg, med litt for mange legebesøk og sjukehus og ein sjukdomsdiagnose og litt for mykje energi på studier og mykje jobbing. Det har vore mange fine stunder også, men det er mykje eg helst vil gløyme. I tillegg har Dagmar satt ein dempar på romjulsfeiringa også, så dette er heller ikkje tidenes julefeiring. Men no er eg klar for å legge det gamle bak meg, ta med det positive og gå eit nytt år positivt i møte. Eg gler meg til feiringa i morgon, for den skal først vere med ein stor familie samla til middag, før eg reiser til venner og feirer der med kaker og kos (men ingen alkohol), før vi reiser ned til ein anna familie etter midnatt. Nyårsfeiringa skal med andre ord tilbringast både her og der, og det blir kjekt å feire både med familie og vennar.



Ellers har romjulsfreden endeleg senka seg etter Dagmar. I dag våkna eg til eit kvitt teppe av snø, noko som er veldig hyggeleg etter dei siste stormfulle dagane. Det var så godt å våkne til ein stille og fredeleg morgen etter stormen.





Kjennas godt å gå i den kalde og friske lufta igjen.

Takk for det gamle, og velkommen til alt det nye. Håper alle får ei fin nyttårsfeiring og god start på eit nytt år (og la det ikkje bli det siste, med tanke på at dommedag er spådd i slutten av 2012).

tirsdag 27. desember 2011

Stille etter stormen


Snikk-titt frå julaftan

Hadde eigentleg tenkt å skrive kor koseleg dei siste dagane før jul og julaftan var, men før eg riktig rakk det ble tilveiret litt snudd grunna orkanen som plutseleg var over oss med voldsom styrke. Hadde gleda meg voldsomt til å få venninner på besøk, 1.juledag plar vi å samlast for enten å feste eller berre kose oss. Det er sjansen til å samle gjenger frå grunnskulen no når dei fleste er heime på juleferie. Det blei dessverre ikkje slik denna gongen. Orkanen fekk taksteinar til å fly og kaffetraktarar til å kortslutte, og tilslutt forsvant straumen også. Då var det ikkje anna å gjere enn å avlyse kosekvelden.

Natta der orkanen herja var eg heilt aleine: hadde eg vore klok hadde eg takka ja til å reise til pappa og stemor, men eg fant det for godt å vere heime. Då straumen gjekk forsvant også mobilnettet, så då var det forseint. Så den natta var eg aleine og høyrte korleis vinden styrte på, og håpte på at straumen skulle dukke opp ein gong. Eg halvsov litt, og ein gong våkna eg og kikka ut glaset, og synes at eg såg alle julelysa, og tenkte då at straumen var kome tilbake. Men då eg våkna dagen etterpå var det ingen straum, men alt var vindstille. Framleis ikkje dekning, men eg fant ut at eg skulle gå til det nye huset der pappa og stemor bur no. Dei kom heldigvis akkurat heim då eg hadde gått den lange vegen opp. Dei visste sjølvsagt ingenting om når straumen kom tilbake eller noko. Saman samla vi oss inne. Desember utan lys blir fort mørkt. Med stearinlysa tent satt vi og halvsov klokka to/halv tre om ettermiddagen, og trudde klokka var meir i 8-9 tida på kvelden. Vi sov i i håp om å sove til straumen kom tilbake og dermed få kontakt med omverda. Tenkte at mamma var bekymra som ikkje fekk kontakt med oss. Etterkvart fant vi at klokka framleis ikkje var så mykje, og at vi difor måtte finne på noko. Vi fant ut at vi skulle ta ein kjøyretur, slik at vi samstundes kunne høyre på radioen.

Difor fant vi ut at vi skulle heim til den gamle gården slik at dei kunne hente nokre ting i det brannskada huset, samstundes som eg endeleg skulle få møte synet av det brannherja barndomsheimen. Det var mørkt og uhyggeleg, røyklukta slo mot oss før eg var komme inn døra, samstundes som eg møtte synet av tjukke lag med aske som låg i den forholdsvis uskada delen av huset. Vidare møtte eg synet av halvsmelta plast og endeleg ut i leiligheta som var totaltskadd. Så underleg at brann kan gjere så mykje skade; måten den riv ned takkledningar og får alt til å sjå sotete og halvsmelta ut. Hadde sett for meg det heile som meir svart. Huset var jo sjølvsagt utan strøm og med regnet utanfor og vinden som ulte og med lommelykter som kasta spøkelsesaktige skjær, var det nesten som å vere i ein skrekkfilm. Men det føltes heilt greitt, det var eigentleg slik eg hadde sett skadene for meg.

Dagen i går utan straum verka så uendeleg lang. Då vi kom tilbake spelte vi spel for å få tida til å gå. Alias fekk tankane mine vekk frå den uhyggelege og straumlause tilvera ei stund, sjølv om det gnagde i bakhaudet og eg ikkje var i det beste spelehumøret. Men det var nok, godt nok. For plutseleg såg eg ut vindauget og oppdagar at heile byggjefeltet på andre sidan har fått tilbake straumen, og det gjer oss håp. Vi blir gira, men lurar samstundes på kvifor dei har fått strøm og ikkje oss. Vi håpar litt, men i det samme vi sluttar å tru at vi skal få den tilbake fortløpande, kjem plutseleg alle lysa på: Det er ein fantastisk kjensle: Med jubelrop spring vi ut på kjøkkenet og byrjar å tilberede kaffe og te, for dette har vore det største saknet i den straumlause tilvera. Men før vi har rukket å tilberede ferdig kaffen, forsvinn strømmen att; ja, tenkte vi ikkje at det var for godt til å vere sant. Den har forsvunnet frå den andre sidan som for litt sidan lyste opp, og dette gjer til at vi mistar det nyoppståtte håpet.

Så vi sit i mørket, og klagar over at vi ikkje rakk å lage kaffe eller te. Har gjett opp håpet, og kjem med erkjennelser som at vi nok kan glømme å få den tilbake i kveld: men i det dei magiske orda er uttalt, kjem straumen tilbake att: denne gongen berre hos oss og nokre gatelykter nedanfor, og no var den kommt for å bli, til lykke for oss alle. Nesten eit døgn etter at den forsvant. Eit døgn som har kjennast ekstra langt, i mørkret. Sjølv om uveiret riktignok ikkje er heilt over, kosar vi oss med dagens første kaffe klokka åtte om kvelden, vi klistrar oss framfor tvskjermen for å få oppdateringar om orkanen på nyheitene, og tv-bileta med alle dei enorme ødeleggelsane får oss nærmast i sjokk: Det er mange store skader nordover og mange som endå mangler strøm. Vi føler oss heldige som ikkje har opplevd store skader, og skjønar at vi har komme heldig unna frå orkanen, i forhold til andre stader.

Eg tenkjer på kor avhengig vi er blitt av strøm, kor omfattande det hadde blitt om ein elektromagnetisk storm hadde oppstått: alt det som ikkje vil fungere, som vi er som avhengige av for å fungere. Det eine døgnet utan straum var uhyggeleg nok, spesielt på vintertids. Den sitt godt at i kroppen, og heilt er det jo ikkje over. For eg har endå ikkje nettdekning på mobilen, å ryktene skal ha det til at eg kanskje ikkje får det før om ei veke. Ei veke, det er jo i 2012 det! Eg tenkjer på alle eg skulle ha kommunisert med før det, og kor vanskeleg det blir å nå enkelte. Vanskeleg har det vore, og det er jo ikkje over endå. Mamma skulle ha kommt heim i dag men sit værfast i Hardanger, forhåpentlegvis kjem ho seg heim i morgon. Broren min måtte uventa overnatte i Førde ettersom at uveiret skapte ras og stengde vegar, men er no endeleg kommt heim. Det verste er likevel at eg føler at det eine døgnet med straum var fælt nok, og enda har eg venner som sitter på sitt andre døgn utan straum og tilgang til kontakt med omverden. Også tenkt korleis det vil bli med ein slik feil som gjer til at straumen er vekke frå oss i mange mange dagar, kanskje til og med månedar? Eg berre grøssar av tanken. Pris elektrisiteten, seier no eg! (og spar den, slik at fleire får nytte seg av den).

I det minste har eg fått lest ein god del i ferien, overraskande mykje til no. Det har gått i Dan Brown, Thomas Espedal og Vigdis Hjort. Likevel skulle eg ynskje at eg hadde vore litt meir sosial. Det har blitt for lite av det denne ferien så langt, og eg kjedar meg ein tanke. Forhåpentligvis blir det ein koseleg nyttårsfeiring med både familier og seinare vennar, så eg håpar og trur at nyåret kan by på litt koseligare og betre dagar enn det romjula så langt har bydd på.




onsdag 21. desember 2011

Juleglimt: stemningsrapport frå heimen

Temperaturen på julestemninga i huset byrjar å bli høg. Vi har pynta juletreet heile to daga før tradisjonen (og eg bryt den som regel aldri). Likevel har vi valt å pynte treet litt tidleg i år, sidan mamma og lillebror skal feire jul i Eidfjord. Då er det veldig lov å tjuvstarte litt på det som høyre familiesamveiret til. I morgon kjem søs også, så då blir det gløgg! Snøen ligg endå og glitar ute, men veirmeldingane skal ha det til at nedbør i form av regn er på veg innover landet. Krysser fingrane for at det ikkje når låglandet her, sjølv om eg har mine tvil. Julekos blir det nok uansett!


Små nisser har kommt i hus!


Nissehue må til!


Min favorittpynt på juletreet.

Make You Feel My Love

søndag 18. desember 2011

Home for christmas

Livet som dankdrivar i Bergen blei litt einsamt og kaldt etterkvart. Til trass for fire dagar med trening og nokre dagar med litt sosialt, blei det litt for einsamt til slutt. Spesielt sidan sistemann i kollektivet drog fredag, og eg i heile to daga hadde heile to etasjer for meg sjølv. Leiligheta er dessutan kronisk kald vinterstid, og utanom varmeovn på rommet var det litt som å gå tur ute, kvar gong eg skulle lage middag eller gå på badet. Og eg enda dermed opp med å få frostanfall i nokre timar etterpå.

Så, difor fant eg det for godt å endeleg vende nasa heimover, til trass for nokre kjekke dagar i Bergen. No følte eg meg klar! Det passa jo bra sidan Kjersti omsider også fekk ferie, slik at vi kunne slå oss saman om å ta Sogn og Fjordane-ekspressen. Ein slik ferd frå Hordaland til Sogn og Fjordane kan av og til vere svært utmattande og keisamt, men når ein har godt reisefølgje som ein kan skravle med, så blir turen så mykje betre. Det blei det: bussturen blei behageleg og julestemninga strøymde på då vi kjøyrde inn i Winter Wonderland, også kjend som Sogn og Fjordane.

Heime blei eg godt teken i mot med ein særs snill bror som henta meg på bussplassen, til trass for at det ikkje er så langt å gå. Deretter blei det eit hjarteleg gjensyn med ein rekkje familiemedlemmar over ein middag som stod klar med ein gong eg hadde fått av meg ytterklea. Dessutan var det særs godt å komme inn i eit hus med ordentleg varme. Sidan har eg fått kosa med pusekatten min, lest litt i bok og slappa av nede hos brodern og kjærasten, ved å sjå Dagfinns Lyngbø, Evolusjon. Ikkje nok med det, men eg blei også servert med heimelaga julekaker og kaffe frå kaffemaskin. Ikkje noko å klage på, med andre ord (anna at det kanskje var ein smule varmt inne. Ja du veit, eg har jo så smått blitt vant med iglotilverelsen). Broren min har dessutan verdens beste sofa med verdens beste plass. Ah!



Dagfinn Lyngbø fekk trent lattermusklane litt, ja!



Etterkvart som dagane gjekk i Bergen, byrja eg så smått å bli gal, slik at eg måtte ta slike bileter.


Min snille bror har fått nytt vidvinkleobjektiv, og har latt meg få låne det. Så eg har såvidt byrja å teste det litt. Kjenner eg gler meg til fotografering i dagane framover.



Ein av mammas julekuler, som eigentleg minner meg mykje om teikningar av menneskekroppens celler.



Bob-bob-deri-deri-bob-bob-sue.


Godt å vere heime.

onsdag 14. desember 2011

Leipzig

Eg har bladd litt gjennom bileta mine i det siste, og eg kom på at eg endå har til gode å vise fram ein del bileter. Først og fremst tenkte eg å vise bilete frå Göteborg-turen min for nokre veke sidan, men så kom eg på at eg endå ikkje har visst bilete frå Leipzig-ferien min i august. Difor kjem desse bileta først, betre seint enn aldri! Det er noko med å ta dei fram nokre måneder etter reisen og mimre litt. Leipzig er ein fantastisk fin by.



Sundae! Delicious.



Nydeleg vegan-middag, laga av Anna. MMmmm.



Den beste rosenkålen eg har smakt!



Wall of freedom?



Hjørnet. Bagels-kafé, utsikt frå Starbucks.



Starbucks!


Mange flotte bygningar


Når ein fyrst er i Leipzig, så må ein jo besøke Goethe-statuen. Eg hadde faktisk med meg Faust I då eg var i Leipzig, og burde nesten ha satt meg i Auerbachs-kjellar og lest den der.



Mange fine kaféar og brolagte gater.


Ein av mange fine handlegater

søndag 11. desember 2011

Hei, desember! (og joleferie)

No har eg hatt juleferie i heile fire daga, og rukket å bli skikkeleg lat! Kanskje litt for lat, etter mi smak. Soving til klokka nesten er tolv, bør jo helst ikkje bli ei vane. Heldigvis har eg fagutvalmøte i morgon som gjer til at eg må stå opp litt tidleg. Det skal bli godt å komme seg ut døra litt for å møte studentkollegaer og professorar. At eg allereie saknar litt universitetsliv etter fire daga med ferie er jo ikkje det beste teiknet for ei som ikkje ein gong har fått timeplaner for neste semester. Neida, det skal nok gå fint, det. Det er nok berre det at eg ikkje heilt har vent meg til tanken på at eg ikkje treng å lese pensum på ei stund no, etter eit hardtjobbande semester. Men hey, studere kan ein jo gjere uansett om ein ikkje er student, men eg trur ikkje eg er heilt klar for å tenke at kvar dag er ein eksamen.

Sjølv om eg kanskje drar meg litt vel lenge i senga, så er eg ikkje heilt potetsekk. Eg har faktisk gjort ein god del husarbeid no som eg har tid. Nett no ventar eg på at eit brett med heimelaga rundstykker skal bli ferdigstekte, for å ikkje snakke om browniesen eg lagde i går. Og høyr, høyr: Eg har faktisk vaska handkle for hand! Det siste er fordi sikringane er teite og vi ventar på elektrikar som aldri kjem. Sist vi prøvde å bruke vaskemaskna, så kortslutta tørketrommelen som vi aldri har brukt.. så sånn kan det gå. Så no er det tilbake til gamledager, og dei som klagar over at dei må hente og henge opp kle frå vaskemaskina. Hah! I tillegg har eg nesten strikka ferdig ei hue som eg starta på i går. For å kompensere for husmortendensane mine, så har eg sett på sex og singelliv. Så ingen grunn til otte, endå!



Ferie er ganske digg etter å ha hanka inn 45 studiepoeng. Det er godt å vere litt i Bergen og få gjort ting eg aldri har tid til grunna studier. No har eg ikkje noko hastverk med å kome meg heim med det første, og nyter altså dei første feriedagane i byen. Så blir det nok jolefeiring på bygda nokre daga, og tilbake til eit nytt og spennande semester på nyåret. Eg er nemmeleg ferdig med 100-nivå, noko som tyder på at eg skal skrive bacheloroppgåve etter jul. Men før det skal eg rekke å lese mange andre skjønnlitterære bøker!

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...