søndag 18. desember 2011

Home for christmas

Livet som dankdrivar i Bergen blei litt einsamt og kaldt etterkvart. Til trass for fire dagar med trening og nokre dagar med litt sosialt, blei det litt for einsamt til slutt. Spesielt sidan sistemann i kollektivet drog fredag, og eg i heile to daga hadde heile to etasjer for meg sjølv. Leiligheta er dessutan kronisk kald vinterstid, og utanom varmeovn på rommet var det litt som å gå tur ute, kvar gong eg skulle lage middag eller gå på badet. Og eg enda dermed opp med å få frostanfall i nokre timar etterpå.

Så, difor fant eg det for godt å endeleg vende nasa heimover, til trass for nokre kjekke dagar i Bergen. No følte eg meg klar! Det passa jo bra sidan Kjersti omsider også fekk ferie, slik at vi kunne slå oss saman om å ta Sogn og Fjordane-ekspressen. Ein slik ferd frå Hordaland til Sogn og Fjordane kan av og til vere svært utmattande og keisamt, men når ein har godt reisefølgje som ein kan skravle med, så blir turen så mykje betre. Det blei det: bussturen blei behageleg og julestemninga strøymde på då vi kjøyrde inn i Winter Wonderland, også kjend som Sogn og Fjordane.

Heime blei eg godt teken i mot med ein særs snill bror som henta meg på bussplassen, til trass for at det ikkje er så langt å gå. Deretter blei det eit hjarteleg gjensyn med ein rekkje familiemedlemmar over ein middag som stod klar med ein gong eg hadde fått av meg ytterklea. Dessutan var det særs godt å komme inn i eit hus med ordentleg varme. Sidan har eg fått kosa med pusekatten min, lest litt i bok og slappa av nede hos brodern og kjærasten, ved å sjå Dagfinns Lyngbø, Evolusjon. Ikkje nok med det, men eg blei også servert med heimelaga julekaker og kaffe frå kaffemaskin. Ikkje noko å klage på, med andre ord (anna at det kanskje var ein smule varmt inne. Ja du veit, eg har jo så smått blitt vant med iglotilverelsen). Broren min har dessutan verdens beste sofa med verdens beste plass. Ah!



Dagfinn Lyngbø fekk trent lattermusklane litt, ja!



Etterkvart som dagane gjekk i Bergen, byrja eg så smått å bli gal, slik at eg måtte ta slike bileter.


Min snille bror har fått nytt vidvinkleobjektiv, og har latt meg få låne det. Så eg har såvidt byrja å teste det litt. Kjenner eg gler meg til fotografering i dagane framover.



Ein av mammas julekuler, som eigentleg minner meg mykje om teikningar av menneskekroppens celler.



Bob-bob-deri-deri-bob-bob-sue.


Godt å vere heime.

2 kommentarer:

  1. Så koselig bilder! Jeg drar hjem på fredag, men blir bare til mandag igjen. Jobben legger en demper på julestemninga...

    SvarSlett
  2. Da må du ta naturbilder, ikke nærbilder!

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...