fredag 30. desember 2011

Nye takter

2011 står heilt på randen og trekk sin siste pust. Om ikkje så mange timar skal vi inn i endå eit nyttår - 2012. Det er skremmande kor fort tida går. Det kjennes ikkje lenge sidan eg satt og blogga om at eg skulle til Hemsedal for å feire nyttår der, akkurat for eit år sdan. Men eit heilt år sidan er det, og det har skjedd mykje sidan då. Eg trur ikkje 2011 heilt har vore mitt år: det starta så utruleg bra med Hemsedal og det som etterfulgte i eit par veker etterpå, men utover våren og sommaren gjekk kanskje ting litt mot meg, med litt for mange legebesøk og sjukehus og ein sjukdomsdiagnose og litt for mykje energi på studier og mykje jobbing. Det har vore mange fine stunder også, men det er mykje eg helst vil gløyme. I tillegg har Dagmar satt ein dempar på romjulsfeiringa også, så dette er heller ikkje tidenes julefeiring. Men no er eg klar for å legge det gamle bak meg, ta med det positive og gå eit nytt år positivt i møte. Eg gler meg til feiringa i morgon, for den skal først vere med ein stor familie samla til middag, før eg reiser til venner og feirer der med kaker og kos (men ingen alkohol), før vi reiser ned til ein anna familie etter midnatt. Nyårsfeiringa skal med andre ord tilbringast både her og der, og det blir kjekt å feire både med familie og vennar.



Ellers har romjulsfreden endeleg senka seg etter Dagmar. I dag våkna eg til eit kvitt teppe av snø, noko som er veldig hyggeleg etter dei siste stormfulle dagane. Det var så godt å våkne til ein stille og fredeleg morgen etter stormen.





Kjennas godt å gå i den kalde og friske lufta igjen.

Takk for det gamle, og velkommen til alt det nye. Håper alle får ei fin nyttårsfeiring og god start på eit nytt år (og la det ikkje bli det siste, med tanke på at dommedag er spådd i slutten av 2012).

1 kommentar:

  1. Jeg tenker jeg skal droppe å kjøpe julegaver til neste år og skylde på at jeg var sikker på at verden skulle gå under.

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...