Sjølv om eg kanskje drar meg litt vel lenge i senga, så er eg ikkje heilt potetsekk. Eg har faktisk gjort ein god del husarbeid no som eg har tid. Nett no ventar eg på at eit brett med heimelaga rundstykker skal bli ferdigstekte, for å ikkje snakke om browniesen eg lagde i går. Og høyr, høyr: Eg har faktisk vaska handkle for hand! Det siste er fordi sikringane er teite og vi ventar på elektrikar som aldri kjem. Sist vi prøvde å bruke vaskemaskna, så kortslutta tørketrommelen som vi aldri har brukt.. så sånn kan det gå. Så no er det tilbake til gamledager, og dei som klagar over at dei må hente og henge opp kle frå vaskemaskina. Hah! I tillegg har eg nesten strikka ferdig ei hue som eg starta på i går. For å kompensere for husmortendensane mine, så har eg sett på sex og singelliv. Så ingen grunn til otte, endå!

Ferie er ganske digg etter å ha hanka inn 45 studiepoeng. Det er godt å vere litt i Bergen og få gjort ting eg aldri har tid til grunna studier. No har eg ikkje noko hastverk med å kome meg heim med det første, og nyter altså dei første feriedagane i byen. Så blir det nok jolefeiring på bygda nokre daga, og tilbake til eit nytt og spennande semester på nyåret. Eg er nemmeleg ferdig med 100-nivå, noko som tyder på at eg skal skrive bacheloroppgåve etter jul. Men før det skal eg rekke å lese mange andre skjønnlitterære bøker!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar