tirsdag 2. oktober 2018

Eplebygda

I Sogndal bognar det av epler, bokstavleg talt. Eplebygda.

Blir også kalla for saftbygda, men burde eigentleg bli kalla for eplebygda. For det bognar av epletre overlat ein går. På den lille gåturen frå skulen går eg forbi fleire tre som det veks epler på. Midt i eit byggefelt.

Det er så mykje epler her at folk er mette og behovet for epleslang hadde vore reelt. For i grøftekantane ligg det epler som ingen vil plukka, epler som dette av treet og rotnar.

Litt ironisk at eg bur i ein bygd full av epler overalt, at det er for mykje epler her til at folk orkar eller klarer å plukke, og samtidig så sel dei importerte epler i butikkane. Sogndal burde ha vore sjølvforsynt på epler i butikkene.

Det burde eigentleg ha vore ein eigen kafé i Sogndal som spesialiserte seg på eplesmak. Eplepai, eplekake, eplesylte, eplete, eple med kaffismak?

Kanskje det er idé til kva eg skal drive med etter eg er ferdig med bacheloren til våren. Har faktisk tenkt på at det hadde vore kosleg å drive ein liten søt kafé. Men er nok mykje jobb og harde dagar, og vanskeleg å få det til å gå rundt.

Eg veit iallfall kva eg skulle kalt kaféen for, den skulle blitt kalla Epleslang. Ser føre meg at alle kundane hadde spøkt om eg hadde skaffa meg eplene med å gå på epleslang. Hadde skapt god stemning, også hadde eg sikkert blitt veldig lei den spøken etter kvart.

Epleslang er forøvrig namnet på det faste quizlaget vi har når vi går på quiz på eine koselige kaféen her i Sogndal. Det skal eg skrive meir om, eg får vel skrive ein Sogndalguide eller noko.

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...