søndag 18. september 2011

Helgekos

Med høgt tempo i kvardagen er det deilig å for ein gongs skuld ta ei heilt roleg helg utan særlege planer. Det går mykje tid til studielesing, trening og innimellom enkelte sosiale saker som quiz og konserter. Denne helga har eg ikkje hatt noko særlig på agendaen, anna enn at vi litt spontant bestemte oss for å gå å sjå Carmina Burana i Grieghallen, fredagskveld. Ei koroppsetning av Carl Orff, som eg sjølv har vore med å synge for fire år sidan, då eg gjekk musikklinja. Derfor låg det mykje følelsar rundt å gå på denne konserten, og det var kjekt å mimre som tilskodar denne gongen, sjølv om eg må innrømme at eg blei bittelitt skuffa då denne oppsetninga ikkje stilte med fullt symfoniorkester som vi gjorde, men med enkelt akkompemang. Ellers var det eit par svakeheitar med mannskoret, men eg synes at samla sett så var ikkje konserten så ille, dog den ikkje kan nå seg opp mot vår storoppsetning i 2007.

I går sov eg lenge, for så å stå opp og ete frokost medan eg høyrte på Fleet Foxes, som eg skal på konsert med i november. Deretter reiste eg og Randi på loppemarked rett i nærleiken, og kom tilbake med nokre bokskatter, deriblant Emma av Jane Austen, ei bok av Joseph Conrad og ein av Marques. Etterpå reiste vi ein liten handletur i sentrum, som eg må seie må vere tidenes investeringstur frå mi side. Rådyre (men fantastiske) saueskinnstøffler blei med meg heim, i tillegg til at vi reiste innom ein 'løpebutikk', der eg fekk ei grundig og god vurdering av joggesko som er tilpassa mitt treningsregime på tredemølla. Eksperten såg på føtta mine først, forklarte litt og kom deretter med eit par sko eg fekk teste på tredemølla, som ho evaluerte etterpå med å sjå på kamera. Eg testa eit par sko før eg kom fram til at dei første var dei som fungerte best og var mest behagelige. Det beste er at alt i alt så fekk eg kjøpt skoa, pluss ein ny treningstskjorte for under prisen av det det ville ha kosta i ein sportsbutikk. Fekk rabatt fordi eg var sibmedlem, og skoa var ikkje så verst dyre. No er eg superklar for ny veke med trening, og først ut er zumba i morgen.
























Eg fekk også gjort unna ein etterlengta storopprydding på rommet mitt, og føler eg endelig kan gå ei ny studieveke i møte, med litt orden i livet mitt.

I dag har vore ein særs behagelig søndag med lesing av Madame Bovary (eg elskar pensum fortida!), storslått pusling av det flotte puslespelet ovanfor, baking av blåbærmuffins med mandelmel og for første gong i mitt liv har eg laga gulrotsuppe frå scratch, og den blei fantastisk god.


















Har kosa oss med fyr i peisen i dag også. Skikkelig helgekos, med andre ord. Har fått samla mykje energi og er klar for ein ny studieveke med heile to fridagar (som skal brukast på eksamenslesing), quiz og anna kos.


Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...