lørdag 19. september 2015

Masterliv II

Alle dei tusen lesarane eg har (eventuelt ein eller to) kan glede seg over ein ny bloggpost. Som vanleg så har eg forsvunnet frå bloggverden med jevne mellomrom, før eg plutseleg kjem attende med ein akutt skrivekløe. Det skal seiast at eg har vore på tanken på å skrive lenge før det her, sånn ganske ofte faktisk, men så blir det jo berre med tanken. Vel, i dag har eg altså kome litt lenger med prosessen.

Vel, masterlivet gjer seg endå gjeldande. Eg har kome meg gjennom det første året på masteren. No er eg kome dit at eg "berre" skal skrive ei masteroppgåve. 1 år, 60 stp. Ingen undervisning. Kun meg sjølv og oppgåva (og ein rettleiar som skal rettleie meg sjølvsagt) som etter sigande skal inn 15.mai 2016. 80 - 100 sider på tysk står mellom meg og ein mastergrad. 8 mnd til å gjere dette på. Høyrest lett ut eller? 

Det beryktede livet som masterstudent i oppgåveskrivingsfasen har sikkert fått mange knaggar på seg. Eg har sjølv sett fram til og grua meg så hinsides til dette tilvære som eg er i no. 

På den eine sida er det den enorme friheiten til å disponere kvar einaste dag som ein sjølv vil. Er du eit reinspikka B-menneske kan du endelg legge opp kvardagen slik at du legg deg seint, står opp seint, jobbar med masteroppgåva, utan å ta hensyn til at du må stå tidleg opp for å gå til forelesing eller kollokvie. Du kan rett og slett skrive og jobbe som det passar deg. Dessutan, ingen eksamen eller innlevering før jul. Kor deilig må no ikkje det vere? 

På den andre sida er det utfordringa ved å takle denne friheiten. Ein skal nemleg ståltsette seg med ein god dose sjølvdisplin fleire gongar i veka. Friheita kan freiste med så mangt. No kan ein endeleg sjå på det programmet ein har lyst til å sjå på dagtid på TV Zebra, passa det seg ikkje å sjå den episoden med House of Cards før du byrjar å jobbe, som så blir til to episodar? Åja, så er det jo så praktisk å kunne vaske kle midt på dagen, når ingen brukar vaskeriet. Eller ta seg ein treningstur midt på dagen. Eller så var det den kaffipausa som drog ut til å vare i 2 timar fordi du ikkje hadde nokon forelesing du måtte tilbake til, eller å ta den handleturen i sentrum når alle andre er på jobb. Det er fort å gå i fella at smaken på friheiten er så god at ein brukar litt for mykje av den, til å ikkje jobbe med masteroppgåva. Særleg dei første månadane, når det endå er så mange mnd igjen til innlevering..... 

Eller så kan ein gjere som meg, prøve å utøve sjølvdisiplin ved å ha ein plan i hovudet med å gå på lesesalen kvar vekedag i den meining om at ein skal gjere masterskrivinga til ein heiltidsjobb, så kan ein nytte kveldane og helgene til å slappe av og ta fri med god samvitt. Det høyrest ut som ein god plan i utgangspunktet. Det er berre det då, at fordi ein sit på lesesalen, så er det ingen garanti for at ein får gjort noko som helst faktisk. Det er forbausande kor lett det er å gjere ingenting inne i eit stille rom, med bøkene rundt deg, det perfekte utgangspunktet for å jobbe og få i gang masteroppgåva. Plutseleg har det gått 1 time og ein har ikkje gjort noko som helst som er relevant i tilknyting til masteroppgåva, anna enn å sjekke studentmailen kring femti gongar fordi ein ventar på svar frå rettleiar. Det er berre det, at det er så mykje å gjere at ein blir litt paralysert. Det er jo ikkje det at ein ikkje har nok å gjere altså, men mengden verkar så enorm at ein ikkje veit kva ende ein skal starte i. 

Men innimellom, så har ein jo desse dagane der ein faktisk kjem i gong og får gjort noko, ein heil del faktisk. Det er gjerne desse dagane som ein føler kan rettferdiggjere alle dei dårlege dagane ein har hatt. Wow, også kjenner ein på det at det ein gjer, faktisk er bra og at ein er godt i gang. Ein tenker, men dette kan jo gå bra. Dei beste dagane er der ein byrjar å skrive å enda opp med å vere i ein enorm skriveflyt, alt går av seg sjølv, ein kjem på fleire og fleire ting som skal med, og ein føler ei stund at ein er i ein så god flyt, at ein jammen meg kunne ha skrive ferdig heile masteroppgåva på flekken. Men som alltid, så må denne skriveflyten alltid ta slutt og ikkje sjeldan er det fordi at blæra skrik etter å bli tømt etter alle dei kaffikoppane ein måtte helle i seg for å kome i flytsona. Når ein kjem tilbake, er magien brutt. Det er då ein forbannar seg over å ikkje ha ei selskapsblære. Uansett, denne seansen fører med seg eit stort egoboost. Ein føler seg nesten som eit supermenneske som kan få til alt og denne lukkerusen kan ein gjerne leve på nokre timar eller kanskje dagar.

Så er det dei mindre lystige dagane, der ein føler at alt går rett vest. Heile masterprosjektet verkar til å vere ein stor vits (og trudde ein verkeleg at det ein allereie har skrive skulle ein få bruke i oppgåva? Ein veddar gjerne ein skilling på at rettleiaren vil be deg forkaste det og dermed samstundes sjølvtilitten din) og trua på å kome i mål verkar til å vere uendeleg langt vekke. Ein hatar seg sjølv for å i det heile teke ha byrja på master. Ein føler seg underkvalifisert og dum. All form for sjølvtilitt har forsvunnet, ein har gjerne stappa i seg sjokolade på ein heilt ordinær mandag fordi ein synest synd på seg sjølv. Det einaste ein får lyst til å gjere, er å gå heim og legge seg under dyna og gløyme alt som har med den teite oppgåva å gjere, medan ein kjenner på det dårlege samvittet av å ikkje ha fått utført noko. Sjølv det som vanlegvis får deg til å smile, får ikkje latteren ut av den dystre sjela di. 

Heldigvis eller uheldigvis er ein ikkje aleine om denne særs ustabile prosessen som ein må gjennom og leve med i minst 1 år. Som følge av at masterlivet er blitt meir og meir normalt, kan ein få trøyst i at ein ikkje er aleine om prosessen, både inne på lesesalen og ute i pausekroken. Det er ein fattig trøyst i at du ikkje vil vere den einaste som kjeme til å sitte på lesesalen klokka 22.00 ein fredagskveld nokre veker (eller månader) før innlevering. Ein er faktisk ganske mange som sit der og lid den same skjebna og ein føler seg iallfall ikkje så aleine. Guri, tenk korleis det var å skrive masteroppgåve på den tida nesten ingen gjorde det. No kan ein i det minste le og grine saman med alle dei andre som føler seg like begeistra over eit mikroskopisk funn eller like fortvila over kor dårleg det går. Uheldigvis kan slik selskap vere meir destruktivt enn positivt. Særleg om ein endar opp med å snakke med ein skrytepave som ligg godt an i prosessen, som presterer å fortelje deg kva du ikkje skal gjere eller poengterer for deg at prosjektet du har for deg er naivt eller vanskeleg, medan deiras går godt. Av og til kan det vere lurt å ikkje snakke for mykje om oppgåva heller. Eller så har du dei som er så absurd negative at humøret smittar over og du vil tvile på deg sjølv, uansett om du ikkje gjorde det i utgangspunktet. Det gjeld også altså å passe på kven ein omgåas og lage eit skjold om seg sjølv for å ikkje bli dratt ned i mørket med andre og så er det lurt å høste positiv energi hos dei som er veldig positive til oppgåva di, ofte er det bekjente som vil høyre om oppgåva og som har klokketru på deg. 

Masterlivet er utan tvil ein enorm berg og -dalbane som vil få deg til å lure på om du har kome i puberteten på nytt. Humøret kan veksle i alle regnbogens fargar frå ein står opp til ein legg seg. Samstundes er det ein bratt læringskurve der ein uansett vil erfare at alt ikkje blir som ein hadde tenkt, men at ein likevel vil lære mykje. Iallfall om seg sjølv. Det er ikkje utenkleg at oppgåveprosessen blir litt som eit turbulent kjærleiksforhold, og at ein vil veksle mellom eit elsk-hat-forhold. Til slutt vil ein kanskje vere stolt over det ferdigstilte prosjektet som har kosta ein både latter og tårer. Det gjenstår å sjå, det er trass alt 8 mnd igjen og eg har ikkje ein gong vore gjennom det verste. Eg har berre så vidt byrja på ferden i fornøyelsparken og den verste berg og -dalbana står for tur.....

Forsettelse følger - stay tuned. 


2 kommentarer:

  1. Så fint å få ei oppdatering fra deg igjen! :D Jeg har jo aldri skrevet en masteroppgave, men jeg går nå en gang forfatterstudiet, og der er det på en måte litt på samme måten - bare at vi skal ha klart å produsere femten sider omtrent hver sjette uke. Pluss at jeg følte litt på de samme følelsene da jeg skreiv hjemmeeksamen i løpet av ei uke da jeg studerte i Lillehammer. Da var jeg superstrukturert, og hadde regna ut hvor mange ord jeg måtte skrive hver eneste dag for å nå målet - og det klarte jeg! Syns sjøl det er utrolig deilig å kunne legge opp sitt eget løp, og helt ærlig trur jeg - innbiller jeg meg, i væffal - at jeg ville kunne ha kost meg en hel del med å skrive en masteroppgave om noe jeg er interessert i.

    Fortsatt lykke til!

    SvarSlett
  2. din er en guide som hjelper deg med å sammenligne svenske kasinoer, finne nye kasinoer online og få den beste bonusen så vel som gratis spinn!

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...