onsdag 17. september 2014

Masterliv


I dag fekk eg desse to vitnemåla i posten. Bevis på at eg har klart å oppnå to bachelorgrader på 4 år: Eit i tysk og eit i litteraturvitskap. Det høyrest mykje meir imponerande ut enn det eigentleg er. Heile 90 stp blir brukt i begge gradene, då frie studiepoeng og førstesemesterstudiene kan brukast i to grader. Det betyr likevel at eg har henta meg inn eit semester ved å ta ekstrafag parallelt over to semester, og det er jo litt imponerande. Det har vore tøft, og i vår då eg valte å kombinere bacheloroppgåveskrivininga i tysk saman med 30 stp andre studiepoeng, angra eg littegran ei stund. 3  store eksamner fordelt på 6 dagar er noko av den kjipaste eksamensperioda eg har vore borti mine 4 år, for å ikkje snakke om at sola skinte som berre det alle dei dagane.




Men no i ettertid er det så fullstendig verdt det. Resultatet etter dette slitet var at eg både kom eg inn på førstevalget mitt om masterstudium i tysk og i tillegg kom eg også innpå på 1-årig PPU med fordjupning i norsk og tysk fagdidaktikk. Eg valte å gå for masteren no i fyrste omgang. Det er ikkje utelukka at vil velje å gå for pedagogikk etter masteren, men med master i bakhand har eg langt fleire moglegheiter enn om eg hadde valt å gå for PPU med det same. Sjølv om det var litt skummelt å takke ja til master. Ja, for det var eit skummelt steg å ta for ei som har hatt mastergradsangst. Eg kjente meg heller ikkje god nok då eg trykka ja til studietilbodet og har fram til studiestart vore veldig nervøs. Eg hadde faktisk relativt få andre forventingar at studiestart ville bli skummelt og jævleg. At eg ville kjenne meg underkvalifisert og usikker. Det heile har enda med å bli ein gedigen, positivt overraskelse. Ein månad etter studiestart sit eg att med ei einaste kjensle: Det kjennes så riktig dette valet eg har gått for. Eg ligg ajour med pensum, eg har stilt godt førebudd til kvar forelesing/seminar, har kunne bidra i timane og har lært mykje i timane. Eg trur at faga dette semesteret kan gå riktig bra. Eg har snakka med emneansvarleg om tanke for masteroppgåve og fått tilbakemelding på at det eg vil skrive om er kjempeinteressant. Eg har snakka om det til andre og alle lyser opp og er supergira når eg fortel om kva eg vil skrive om. Eg kjenner eg får det til, på eit nivå eg trudde eg kom til å slite noko forferdeleg. Eg har fått god tilbakemelding på første innleverte skrivearbeidet og skal no straks i gang med den første obligatoriske innleveringa, som eg faktisk gledar meg til å skrive. Kvar er dette forferdelege masterlivet alle snakkar om? Kjem det neste semester, eller om eit år då eg for alvor skal i gang med masterskrivinga? Eg går litt rundt på tå og tenkjer at snart må den kome ein nedtur her. Vi får sjå. Men retninga eg har gått for kjennast iallfall heilt riktig og det er så uendeleg godt når eg har vore usikker dei siste 2 åra. Det kjennes også ut som eg tek ei riktig viktig utdanning. For det er det jo. Tyskkompetanse er etterspurt og det er verkeleg få som studerer det på høgt nivå. Det er difor ei unik utdannelse eg tek og det er litt kult. 

Eg tenkte eg måtte blogge att når eg fekk vitnemåla i posten i dag. Det skal eg verkeleg halde fram med. Eg tenkjer at masterlivet er noko som eg må skrive om. Etterkvart kjem det nok innlegg med frusterande dagar og nokre nedturar. For det kjem det nok, og det har eg hatt. Som på mandag då eg brukte 3,5 time på å lese 20 sider og seinare blei køyrt på av ein syklist i Bergen sentrum (Når byrja syklistar å tru at dei har forkøyrsrett frå høgre? Hah). Nokre dagar må jo vere slik, for eit perfekt liv, det finnast ikkje. Så skal eg sjølvsagt fortelje om kva mi store masteravhandling skal handle om, men det høver seg best i eit eiga innlegg og elles andre spanande saker og mindre spanande saker eg skal få lyst til å skrive om. For no som eg faktisk "berre" tek 30 stp til ei forandring, har eg litt betre fritid. 


Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...