søndag 30. januar 2011

BAD hair (all)day


Håret mitt rett etter hårfarging i november.


Det har seg slik at om dagen så har håret mitt byrja å bli ein belastning for kvardagen min; det er til irritasjon for meg og sikkert andre som ofte må vitne kråkereiret mitt. Sidan det forrige innlegget var litt av den tunge 'akademiske' sorten så passar det seg med eit litt overfladisk innlegg denne søndagen om nettopp håret mitt. Det er jo trass alt min blogg og av og til så må ein jo få lov til å vere litt egosentrisk.

Så, for tida så er håret mitt eit kråkereir. Det samlar seg ufatteleg mange flokar over natta, og sjølv om eg faktisk skulle orke å bruke tid å børste ut flokane mine om dagane, så har det veldig lite nytteverdi då kjem attende nye flokar kvar morning. Og det er ikkje det at eg ikkje brukar balsam, for det gjer eg òg, men resultatet blir minst like gale. Til den som lurer; nei eg brukar aldri anna hårprodukt i håret mitt enn shampoo og ein sjeldan gang balsam. Eg har ufatteleg tjukt hår, men samtidig så er det ganske så stritt. Det vil seie at av og til så samlar alt det stritte håret seg slik at det ikkje ser ut som eg har så tjukt hår. Av og til, dersom håret har vore i strikk eller lignande så står det rett ut, og ofte så samlar flokane seg då til ein salig mashup. Dette er ikkje noko nytt problem; då eg var lita jente måtte mamma ta meg med til frisøren fordi eg ikkje ville børste håret mitt. Frisøren måtte da klyppe vekk flokane mine. No børstar eg jo håret mitt kvar dag, i alle fall prøver eg, men likevel så byrjar eg å få små dreads eit par plasar.

No tenkjer du kanskje at eg burde gjere det same; gå til frisøren å få klipt håret mitt slik at det blir lettare å halde det flokefritt. Det hadde sikkert vore ein strålande god idè, sidan det minst er eit år sidan eg har satt min fot innan ein frisørsalong. Dessverre er det slik at eg har så lite penga for tida at det gjer vondt, og i ein priorteringsliste så ligg frisørbesøk bakerst på lista. SÅ nødvendig er det vel ikkje.



Slik var håret mitt i januar i fjor, før eg byrja farga det mørkt for så lyst igjen. I januar i fjor hadde eg også store planar om å ta medisin grunnfag ved Atlantis. Derfor boka... (and it didn´t happen, you know.. men boka har eg framleis)


Så kan vi forøvrig snakke om hårfargane mine og etterveksten som ikkje gjer akkurat gjer håret mitt så veldig beundringsverdig for andre. Eg farga det litt lysare i november, ettersom hårfarginga mi i fjor vår til den mørkare sorten, byrja å kjede meg voldsomt. Men sidan eg også har såkalla glasshår som gjer til at håret mitt er VELDIG lite mottakeleg for det som kallas hårpigment, så blei det jo slik at fargen berre bestemte seg for å setje seg på nokre plassar i håret; det nyvokste håret ettersom det er nærmast hodebunnen som gjer til at håret har meir varme og dermed tar til seg fleire fargepigmentar. Joda, det var greit ei periode, heilt til håret mitt byrja å vakse og eg no har fått ein særs vakker etterskill. Slik er det med hårfarging, det er farleg risiko.


Eva goes black betty. Etter hårfarging i vår/tidleg sumar.




Dagens fatale tilstand. Say no more...



Det beste hadde kanskje vore å tatt kjøkkensaksa og klipt meg sjølv, men det blir vel ikkje stor betre det heller. Nei nei. Forøvrig så er det ikkje slik at eg går og irriterer meg over det til stadigheit. Faktisk bryr deg med som oftast fint lite, då folk sikkert tar sikte på å snakke til andre deler enn håret mitt. Likevel følte eg for å forklare meg dersom nokon som derimot er veldig opptatt av hår har klødd seg i haka over kråkereiret. Sånn, og nei eg har framleis ikkje råd til frisørbesøk.

Sånn, då var månedens egosentriske innlegg overstått. Her er det så mange bileter av meg sjølv at det nok er litt for kvalmt for kven som helst. Slik sjølvsentrering burde avskaffast, så kanskje eg må snart må trå til med å skrive om fæle og viktigare ting som skjer i andre delar av verden.
Eller så høyrer vi kanskje nok om det allereie.

Sayanora!

lørdag 29. januar 2011

Herr. forelesar


Legg merke til den artige detaljen om at det står to 'grekarar' ved siden av kvarandre midt i biletet, men som har knytt togaen sin på forskjellige skulder. Er ein av dei ein barrbar?


No skal eg fortelje om vår forelesar i ALLV 102, som vi no har hatt tre forelesingar med. Først så trudde eg heilt ærleg at forelesaren vår var litt gal. Sidan dette er ein blogg og kven som helst kan finne seg sjølv ved eit enkelt googlesøk, så skal eg ikkje skrive navnet på forelesaren. Men eg kan fortelje at han ikkje er så ukjent, for eigentleg forskar han på justismord for tida, men likevel har han tatt seg tida til å undervise oss håpefulle litteraturstudentar. Noko som er veldig, veldig kjekt.

Vår første forelesing med Herr.forelesar skulle altså vere 10.15 torsdag, noko som skulle tilseie at vi dessverre måtte forlate Sydneshaugen skole for to skuletimar, og gå heilt bort til jussbygget. Der må ein spasere gjennom den kjedelege arkitekturen i bygget, for så gå ned sikkert femten trapper, medan vi møter på akkurat jussstudentar (som ikkje treng nokon ytterligare skildring) for å komme til undersida av jussbygget, der det er endå eit jussbygg. Så det er altså der vi skal vere, bortsett frå at vi må på undersida av det same jussbygget, igjen. Med andre ord ein ganske så kronglete ferd for oss som så smått har blitt vant med søte, lille Audatorium R som praktisk nok ligg nært kantina på HF som har dei koselege kaffikuppongane.

Uansett, vi er ikkje lenger innan vårt herlege fakultet, men har måtte ta turen til jusstudentane for ein liten stakka stund. Der, på undersiden av jussbygget som det er forventa at vi skal gå inn, står ein liten gjeng medelevar ute og hutrar. Eit fantastisk nøkkelkortsystem som tydeligvis er utilgjengeleg for oss HF-studentar, gjer til at vi berre må stå ute og håpe på at forlesaren ein gang vil komme og sleppe oss inn. Men dei lengste har vore og venta før klokka ti, og inne ser det voldsomt folketomt ut. Fleire og fleire medelevar samlast utanfor ettersom klokka nærmar seg 10.15. Alle med den same undring over seg og med spørsmål om ein har prøvd alt for å komme inn; å taste kode før, etterpå og å prøve å snu kortet. Men dei ivrigaste har allereie prøvd alt, og døra vil likevel ikkje rikke seg ein centimeter.

Omsider då klokka er nøyaktig 10.13 dukker det opp ein middelaldrande mann i dress med koffert. Først er eg forvirra, og stusser på om dette verkeleg kan vere forelesaren. Navnet kjende eg på førehand, ettersom det var eit navn som gjekk igjen i pensum store delar av forrige semester, og eg hadde av ein eller annen grunn sett for meg ein yngre utgåve av ein mann. Meir ein halvkjekk mann i førtiåra, det var dei assosiasjonene navnet gav meg.

Herr. forelesar ser derimot ut til å vere rundt 50-60 år, grå i håra og med skjegg. Han brøyter seg gjennom mengden og går fram til døra der han tek fram sitt personlege nøkkelkort. Med magiske evner får han åpna døra og alle saman pressar seg inn for å sleppe å bli utelåst i kulda.

Herr. forelesar virka dog ein tanke forvirra til tross for det første sjølvsikre møte med elevane, og må spørre oss om kva audatorium vi skal vere på. Vi peiker rett fram og deretter låser han opp til eit bekmørkt rom. Resten går likevel ikkje problemfritt. Forelesaren går rundt og fomlar i fleire minutter etter ein lysbrytar. I mellomtida set vi oss stilt inn på plassane, etter litt snubling i mørket og etterkvart som lyset kjem på gjer vi oss klare, tek fram notatblokkene og pennane og det som ellers måtte vere relevant for forelesinga: Kong Oidipus av Sofokles.

Lenge før Herr. forelesar er klar har vi funnet fram det vi treng, og alle saman sit og ser spent på forelesaren som stressa leitar rundt i sin koffert, jakkelommer og ein bag på jakt etter noko. Han unnskulder seg og seier at han ikkje finn minnepennen, som han var bombesikker på at han hadde pakka dagen før. Ja ja. Han går bort til den røde bagen igjen og og eg tenkjer for meg sjølv at han sikkert skal gjere eit siste forsøk i å finne minnepennen.
Uventa løftar han opp ein grønnsak som ser ut som ein fennikkel?!, som han set på skrivebordet. Så går han tilbake til bagen og trekk opp ein flaske med rødvin. Herr. forelesar smiler og set den ved siden av fennikkelen. Kva i all verda er det han driv med? Eg snur meg til sidemannen, ler og rister litt på haudet, samstundes som eg er spent på kva han har tenkt å seie no.

Herr. forelesar retter seg etterkvart opp og byrjar å snakke. Han presenterar seg med låg stemme, klør seg i haka og drar opp på buksa som ser ut til å vere litt for stor til han, til trass for ein tydeleg ølmage. Han poengeterer kor dumt det er at minnepennen ikkje er med, sidan han hadde gjort klar ein formidabel powerpointpresentasjon med ein del bileter på. Så spørr han om vi veit kva slags type grønnsak det er, og om det er mange som har smakt ein slik. Det er overraskande mange som kjenner til fennikkelen, noko som han gjer eit stort poeng av at den har blitt så globalisert dei siste åra. Så fortel han at vinflaska er frå bursdagen hans i går.
Omsider kjem han til poenget; Kjære forsamling.... vi skal snakke om piker, vin og sang og guden Dionysos. Med dette byrjar han med ein spennande forelesing om Hellas i antikken, og vi følgjer alle spent med i skildringa av guden Dialysos og at symbolet fennikkel var den kjønnsnøytrale guden Dionysos sitt symbol, sidan det både kunne ligne eit mannleg og eit kvinnleg kjønnsorgan.

Etter dei to skuletimane med forelesing går alle smilande ut og er klar for ein lenger lunsj før neste forelesing 14.15. Vi går ekstatiske mot studentsenteret, babler i munnen på kvarandre om kva vi tenkte på då forelesaren tok ein grønnsak fram frå bagen, og om kor glad vi var at det ikkje var vi som måtte gå ut av forelesingssalen for å gå inn igjen slik vi trudde ein grekar ville ha gjort det.

Etter ein betre lunsj med både kaffi og sjokolade er vi klare for siste forelesing for dagen og kan heldigvis gå tilbake til det gode, gamle og lune Audatorium R utan å måtte vente i kulda for å kome inn.

Herr. forelesar kjem tilbake, like blid som før men har denna gangen med seg minnepennen og kan vise fram biletene av dei ulike fenniklane og av vakre kvinner. Vi nærmar oss slutten på den generelle innføringa om Hellas i antikken og er klar til å gå over til ein av dei store greske tragediediktarane: Sofokles med Kong Oidipus. Det viser seg at ikkje alle har lest tragedien og etter å ha byrja å gå inn i historia spørr han oss om kva som står i prologen, som nettopp er det viktige for å forstå tragedien. I same augonblikk blar eg opp på første side og med skrekk og gru møte Herr. forelesar, blikket mitt.
- Du der som har boka oppe, les prologen for oss du.
Eg stivner til i skrekk og er forvirra, meiner han MEG? Eg spørr om han vil at eg skal lese heile prologen.
- Ja det fikser du, det tar jo knapt 3-4 minutter.
I staden for å protestere lener eg meg fram og byrjar uforberedt på lesinga av ein gresk tragedie. Kjenner at ein del ord går tapt og at alt for mange uttalelser av dei greske navna er for dårlege. Pulsen er høg og andletet heitt då eg er ferdig. Eg konsentererer meg om skriveboka og ignorerer det faktum av at han ikkje ein gang sa "takk", men at Herr. forelesar ufortrødent held fram med å snakke om Kong Oidipus. Antagelegvis var lesinga så dårleg at det ikkje fortjente eit takk. Neida, sannsyneligvis var det ingen grunn til å sei noko som helst, lesinga var vel gjennomsnittleg og dessutan kvifor bruke tid på trivialiteter som takketaler til ein framand student? Når eg tenkjer på er det betre med ingen ord enn Margots "godt forsøk"-kommentar.

Likevel forbannar eg meg litt sjølv for å ha bladd opp boka på heilt feil tidspunkt, men eg har vel lært av dette: Unngå å vere for engaskjert i forelesinga og for all del, ikkje sitt på ytterbenken på venstre side av audatoriumet, for då risikerer du å bli eit offer for Herr. forelesars påfunn.

Forelesinga tek omsider slutt, vi er alle varme og tunge i hovudet forårsaka av den tette lufta i audatoriumet, og klar for å gå ut i den friske januarettermiddagen. Torsdag, den lengste universitetsdagen er offiselt sett over, og vi kan pakke saman bøkene for å gå heim på kammerset der vi skal få den ære av å kose oss med 40 sider skriven av den store filosof Aristoteles og hans "om diktekunsten". Ein filosofisk analyse av kva som kjenneteikner den gode og den dårlege tragedie, og delvis andre episke sjangrar.

Vi forlet magiske Sydneshaugen skole, undrande over den litt eksentriske Herr. forelesar, men likevel spente på morgensdagens forelesing.

fredag 28. januar 2011

Litteraturvitenskapen og kvardagen


Min supersøte søster, Nina!

Oi. Det har allereie blitt helg igjen. Vekene flyr ufatteleg fort og det er eigentlig ganske utruleg, samtidig ikkje. Den fyllast raskt opp når ein er tilbake med studiene, i tillegg dei andre faste rutinene. Det er liksom ikkje det at eg har vore SÅ superopptatt, men når du står opp klokka sju/halv åtte kvar dag så har du litt lite overskudd til å setje deg ned om kvelden og skrive eit blogginnlegg. Ikkje at eg har så voldsomt mykje overskudd no, men så har det seg slik at det er fredagskveld og eg er aleine heime etter å ha vore på ein kort brettspelekveld saman med søstera mi og nokre av hennar venna. Og då kjenner ein seg raskt litt einsam, og då er det ikkje like einsamt å snakke med seg sjølv i sin eigen blogg.

Ja, apropos søstera mi, Nina. Eg må få lov til å dedikere eit heilt avsnitt om ho. Det har seg nemmeleg slik at min supersnille 5 år eldre og søte søster, i dag var på diplomutdeling. Det betyr no at søstera mi offiselt sett er PSYKOLOG! Gratulerer søster, eg er meget stolt av deg! For det første at du kom deg rett frå årsstudiumet inn til profesjonsstudiet, som så kjend er litt av eit nålauge. Deretter at du har haldt ut dei resterende fire/fem åra med studiene og no allereie neste veke er klar for å ta til med ditt nye liv, der du flyttar tilbake til trivselsfylket med ein ny og spennande og godt betalt jobb!

Eg gler meg til å komme på besøk i vinterferien min, ikkje minst til å lese i bloggen din som du nett har oppretta etter ei lita oppfordring frå meg. Dette er eigentlig ikkje noko nytt frå Nina si side, ho byrja å blogge for mange år sidan medan ho gjekk årsstudiumet i psykologi. Og veit du kva? I bloggen skreiv ho at aldri skulle bli psykolog, men det ser ut som at ein ofte blir det ein ikkje trur. Ein skal aldri sei aldri.

Uansett, i dag er eg stolt over deg, søster!

Så, nett då søstera mi er ferdigutdanna og flyttar frå Bergen, er eg som aldri før dedikert til denne småkulturelle byen. Ja, for no som vi er ferdig med dei halvinteressante emna ex.phil. og ex.fac. , (..som gjekk overraskande nok, bra. B, C og C vitnar om 30 studiepoeng) og endeleg har byrja på det vi har kommen til universitetet for, blir saker og ting spennande. Litteraturvitenskapen så langt er meget interessant!

I haust før eg søkte var eg skikkelig sikker på at dette var det rette å gjere. Då eg derimot hadde søkt og venta på svar, var eg veldig usikker og angra på søknaden min. Då eg fekk svar var eg positiv igjen, men rett før semesteret byrjar, meir usikker. Med andre ord har eg vore meget usikker på kva eg egentlig har begitt meg ut på, spesielt er det jo dette aspektet med å skulle få seg jobb etter studiet då. Det humanistiske fakultet er ikkje akkurat kjend for å gje jobbar etter endt utdanning. Men likevel så må det vere sagt; dei humanistiske emna er viktige! Leste ein artikkel i Atrium om at det spøker litt for det humanistiske fakultetet sin økonomi, noko som er skummelt. Det er viktig at vi utdanner mennesker som blir kjend med historia og spesielt verdiane og demokratiet frå dei greske bystatane. Korleis skal det ellers gå med det politisk styret i framtida? Verdiar er viktige å ta vare på, og forhistoriene må vi halde fram med å lære. Å vel, nok om det.

Dei to første vekene av studiene er overstått, og det har så langt vore spennande forelesingar. Eg merkar at emna virkelig interesserer meg, og at eg allereie kan mykje frå før av. Det er vel på dette punktet eg endelig må innrømme at jo, Margot; ditt engaskjement i norskfaget har virkelig lønna seg. Eg kan overraskande mykje frå før, noko som selvfølgelig er ein stor fordel då eg kan sikte meg inn på litt sekundærkjelder og samtidig kan ta meg tid til å lære anna som vil gje pluss på ein eksamen. Gode karakterar er ein fordel om eg satsar på master på etterkvart, men ikkje noko eg kjem til å stresse over. Det viktigaste for meg ved studiet er å lære mykje og til å utvikle meg sjølv som skribent og person.

Ein ting er undervisninga, ein anna ting er sjølve universitetet, eller fakultetet vårt, som eg stadig blir fascinert over. Den store gule bygningen, Sydneshaugen skole som ser litt ut som Hogwarts utanfrå, og inne i skuleområdet ser ut som ein spansk landsby. Eg veit ikkje heilt, men på slutten av sommaren då eg byrja der fekk eg mange gongar ein kjensle av at eg var i Spania medan eg satt ute på trappa før seminar. Det er vanskelig å skildre i grunn, det bør helst opplevast. Det må nok vere noko med fontena og dei mange eføyene som heng omkring på den gule murbygningen. HF-kantina er dessutan noko av det koseligaste. Eg har merka meg at det er mykje meir søt mat der enn på studentsenteret, i tillegg til at kaffikortsystemet om "kvar tiande kaffi gratis", er småsjarmerande; Kantinedamene kryssar av på kaffikortet med KULEPENN! Eg meinar, dei set faktisk berre eit kryss. Det er forferdelig lett å skulle jukse med å setje kryss sjølv. Slikt gjer eg dog ikkje, og eg lurer eigentlig på kvifor dei har det systemet. På studentsenteret har dei stempel for kaffikortet. Den logiske forklaringa ligg nok i at det trass alt er det humanistiske fakultetet; det er medmenneskekjærleik og stort sett ærlege og sympatiske studentar. Kva anna? Eg er i alle fall ærleg, og i dag fekk eg min første gratise kaffi, for eg har faktisk betalt 90 kr for ni 9 kaffi!

Når det gjeld medstudentane likar eg særs godt at vi har litteraturen til felles: Det er liksom eit tema som knyt oss studentar tett saman. Dessutan er det artig å sjå kor engaskjerte dei andre er også; halvparten er på plass 15 minutter før forelesinga byrjar. Og eg som trudde at eg var tidleg ute med mine 10 minutta. Den gang ei!

Òg forlesarane.. Forlesarane fortjenar faktisk eit eiget innlegg, for dei er så flinke! Så mange spennande og flinke forlesara som gjer til at det er umulig å ikkje lære noko. Nei, dette liker eg. Eg blir nok veldig opptatt av studiene framover, når eg først driv med noko eg virkelig brenn for. Faktisk har eg allereie vore på biblioteket og sete og lest og skrivd i fleire timar. Ja, dette semesteret blir bra! Meg, dette, litteraturen og litteraturteorien. Teorien er minst like interessant, og eg merkar at eg nok faktisk har ein liten fascinasjon for vitenskapen after all.

No er det på tide å slutte å snakke med meg sjøv, dette blir for mykje for einkvar som faktisk ikkje interesserar seg særleg for litteratur, eller generelt om livet mitt. Vi kjem tilbake til litt meir saklige og strukture innlegg etterkvart.

God helg!

søndag 23. januar 2011

Glimt


Eit lite tilbakeblikk frå tida då Nathaniel (lisjebror) var baby. Foto: Søs.

Hei, her er eg. Eg leve, men gjer litt andre ting enn å blogge for tida. Venna på besøk, festligheitar, svømming og studiestart. Men neste veke så skal eg forsetje på utfordringane, og kanskje skrive litt om korleis studiet verkar så langt. Enn så lenge, enjoy life!

tirsdag 18. januar 2011

Utfordring: # Dag 5 av 30

Dagens utfordring: Yndlingssangen din for tiden.

Det er i alle fall ein sang som har gått på repeat den siste veka hos meg. I går hadde eg til og med introen på hjernen når eg skulle sove, om og om igjen. Men den er i alle fall veldig fin, har egentlig ikkje noko spesielt forhold til Ane Brun, men denne likar eg.





Følg min blogg med bloglovin

Ei lita fotografering



..som eg hadde tidleg på sumaren ifjor, av det lokale blackmetalbandet Nifrost. Eg har snakka om dette før, men sidan macen min som kjent streika i byrjinga av juni, fekk eg aldri heilt sjansen til å vise fram bileta frå fotograferinga då den endå var fersk. Og sidan har det vore eit ork å sortere i bileta etter eg fekk macen tilbake, fordi det er sinnsjukt mange. Det blei tatt over 200 bileter på denne lille fotograferinga, og det kunne blitt raskt fleire, hadde det ikkje vore for at kamerabatteriet blei tomt og ekstrabatteriet likevel ikkje var lada.

No har eg så smått satt meg til å sortere bileta mine igjen. Det er eit salig kaos, men nødvendig. Eg vurderer nemmelig å prøve å søke i Studvest som fotojournalist, dog eg eigentlig har lita tru på at dei vil vurdere slike underkvalifiserte studentar som meg. Kva har eg å skrive på CVen då? Har ingen erfaring bortsett i frå litt hobbyfotografering her og der og denne photoshooten.

Uansett, det skader vel eigentlig ikkje å prøve å søke, men vi får no sjå. Vurderer samtidig å også søke på stillinga som kulturjournalist, men tvilar på at eg står noko sterkt der heller. Men det hadde vore virkelig virkelig spennande å ta for seg eit slikt prosjekt, så eg trur eg skal søke om ikkje anna.

Så var det å dele litt av fotograferinga her på bloggen. Det skal seiast at dette berre er eit lite utvalg, men eit utvalg som likevel representerer dei ulike oppstillingane og liknande som blei fotografert. Det er ein del morsomme bilete her, og det var kjempekjekt å ha photoshooten, det kunne eg tenke meg å gjere igjen. Sjølv om det var ein tanke kaldt og det småregna litt innimellom, men kjekt, ja absolutt!

Alle bileta er forsåvidt uredigert. Eg har desto ein plan om å redigere dei ein gong. Ein del av biletene er vel kanskje i underkant mørke, men eg har ein liten fascinasjon for å ta litt mørke bilete, sjølv om søstera mi synes lite fint om det.
























mandag 17. januar 2011

Utfordring: # Dag 4 av 30


Ein vakker mann..


Dagens utfordring: 10 ting som er superfint hos det motsatte kjønn.

1. Auger; enten dei er blå, brune eller grønne. Auge kan smile, auge kan fortelle ein del. Ingenting som å møte blikket til ein vakker mann...

2. Armane; litt småmuskuløse, faste armer med ein frammtredande blodåre er fint, spesielt når ein ser for seg at desse armane kan halde rundt ein.

3. Smilet. Eit vennelig smil, kan lyse opp ein kvardag, spesielt om vedkommande har smilehol.

4. Rygg, ein sterk og vakker rygg.

5. Av og til kan ein bli heilt fascinert og betatt av håret til eit mannfolk.

6. Gangen; gutta har det med å gå så avslappa og nocholant.

7. Og kva med ein herlig og mørk stemme? Det kan vere ganske sexy.

8. Menn i uniform er og blir supersexy!

9. Du veit det gode manneparfymane...

10. Brede skuldre og høgde er av og til tiltrekkande, det skapar ein slags trygghetsfølelse.

søndag 16. januar 2011

Utfordring: # Dag 3 av 30




Dagens utfordring: 5 ting som får deg til å le.

1. Webcam bileter av meg sjølv og venner, der alle mulige grimaser blir foretatt, som i eksempelvis biletene ovanfor.

2. Eg ler av ein eller anna grunn av dårlege vitsar.

3. Internhumor i spel som Alias og internhumor generelt.

4. Når våren og sommaren kjem, og livet automatisk blir hakket betre og gjer deg eit påskudd til å smile frå øyre til øyre.

5. Av og til er eg så følsom at eg ler av kvar minste uventa berøring.


Ein god latter forlenger livet, sa Kjerringa og lo seg i hel.

lørdag 15. januar 2011

Utfordring: # Dag 2 av 30


Winter wonderland heime på bygda.


Dagens utfordring: Skrive om noe du har kjempelyst på akkurat nå.

Sjokoladebehovet blei dekt i går, og etter å ha svømt i 50 minutt i dag forsvann også litt behovet for å plaske i eit vatn. Sjølv om det hadde vore fint å gjere det i eit hav og i varmare strøk, så er det ikkje det eg har lyst på mest akkurat no.

I laurdagsstemninga og dens varme og sosiale atmosfære kunne eg tenkt meg ein gjentaking av hytteturen til Hemsedal nyttårshelga. Ikkje nødvendigvis at det må vere i nyttårshelga, men ein ny hyttetur og dets hytteliv som måtte høyre med. Brettspel etter ein lang dag i trekket eller på ski i lysløypene, litt god alkohol, god stemning, badstue og fin musikk. Det fine hytteliv, i Hemsedal med fine folk. Ja, det er noko eg har kjempelyst på akkurat no. Nyte vinteren og dens snøprakt på best muleg måte mens den enda er der, så kan våren komme.

fredag 14. januar 2011

Utfordring: # Dag 1 av 30


Egypt 2008, in the submarine at the Red Sea.

Så byrjar eg på den 30-dagers utfordringa, som lova. Dette kan bli interessant. Eg har i midlertid hatt det veldig kjekt med å gjennomføre den første utfordringa, som altså er å skrive femten fine eller spennande fakta om meg, pluss eit bilete. So, siden eg allereie har visst eit bilete, så er det berre å halde fram med å skrive femten fakta. Ver så god:
  1. Det er jo fint å starte med kortid eg har bursdag. Nemmelig på slutten av sommaren når egentlig ingen er heime, det er sånn nokre dagar før skulestart og alle utnyttar tida til å reise eller har allereie flytta. Nei ikkje alle, men mange. Sidan eg har bursdag 13. august så var det alltid for tidleg å synge bursdagssang til meg på skuleavslutninga før sommaren, men ingen huska å synge det når vi kom tilbake til skulen. Trist, men sant. Så her har du ei jente som opp gjennom grunnskulen har vore i manko på bursdagssongar.

  2. Det kan vel nevnast at mamma også har bursdag 13. august. Ja, det er sant, eg vart fødd på hennar 25 års dag! Om det var tidenes verste eller beste bursdag for hennar del tør eg ikkje heilt spørre om, men eg trur ikkje ho ber nag sidan vi har kommt til einighet om følgande: På 25 års dagen min og då hennar 50 års dag skal vi altså reise på cruise på det blå hav. Visstnok på mi rekning, men eg har litt i tvil at økonomien min er såpass om fire og noko år.

    Som om ikkje det er nok så skal det bli stor ståhei på aldersheimen når vi i følge mamma begge bur på samme rom den dagen eg fyller 75 og ho 100. For då skal ho endelig sprette sin hellige Astrupvin. For dei som ikkje forstår så er dette ein veldig ekslusiv vin laga av rabbarbara frå Astruptunet der mamma har jobba mange år i sitt liv, og det eksisterer ikkje mange av denne vinen. Om ho ikkje blir 100 så har mamma sagt at vinen skal vere med henne i grava.

  3. Eg er halvt tysk. Mamma er eigentlig frå Nord-tyskland, heilt til grensa ved Danmark og flytta til Noreg for å gifte seg med pappa då ho var berre 18 år! Pikenavnet hennar er Wippermann, noko eg er evig glad for at eg ikkje arva. Om ikkje anna kunne det kanskje ha vore mitt mellomnavn. Tenk deg initaliene E.W.E? Heftig. Så meir til slekta mi: Eg har berre to søskenbarn! Desse er i tillegg tyske, det vil seie at eg ikkje har søskenborn i Noregs land! Heilt sant. Til gjengjeld har eg no allereie 5 søsken og ein nevø.

  4. Eg går no litteraturvitenskap, det er i alle fall dei emna eg startar på om få dagar. Eigentlig kom eg inn på bachelor i Kunsthistorie, men eg søkte intern overgang til litteraturen. Men eigentlig så var kunsthistorie nummer to på lista. Eg ville studere årsstudium i Psykologi, men kom ikkje inn. Den dag i dag er eg eigentlig litt glad for det, når eg høyrer kor vanskeleg det er. Sjølv om det sikkert hadde vore spennande. Derimot har eg aldri vore sikker på kor eg skulle ende opp, for eg har hatt alt mellom himmel og jord på søknadslista mi og vurdert mykje meir. Året før, altså i den meining å studere rett frå vidergående hadde eg faktisk ei stund store ambisjonar om å flytte til Trondheim og studere årsstudium i geografi. Så var det samfunnsfaglige emner på lista, førskulestudier med vekt på kunstfag og ergoterapi og historie. I 2009 kom eg inn på bachelor i Historie og hadde eg takka ja så hadde eg gått i same 'klasse' som Anders. Men eg var absolutt ikkje klar for å studere då, takka nei og tok meg eit friår og tjente ein del pengar. Anna har eg vurdert både lærar og ernæringsemner, men mangler god nok mattekarakter og realfag som kjemi og fysikk.

  5. For grunnen til at eg har eit svakt vitnemål med tanke på realfag er at eg gjekk musikklinja på Firda VGS. Eg hadde ikkje muligheta til å ta dei faga eg då ville ha trengt grunna at timeplanen var fyllt med allslags musikkfag. Dog angrer eg eigentlig ikkje. Eg fekk den finaste klassa og lærte mykje spennande i dei ulike musikkfaga. Først hadde eg gitar som hovudinstrument, men skifta andre året til bassgitar, og gav meg sjølv ei lita utfordring. Men det var kjekt å lære noko nytt og på eksamenskonserten min kunne eg nok til å fortjene ein 4ar på hovudinstrumentet mitt. Så eg er eigentlig fornøgd.

  6. I følge tannlegen min som eg var hos i sommar så har eg endå ei melketann. Og antageligvis kjem den til å vere ei melketann eit par år til.

  7. Eg er medlem av både Amnesty og Leger uten Grenser, var ein gang aktiv i Natur og Ungdom og deltok på eit landsmøte. Har også vore medlem i speidaren i nesten 10 år.

  8. Eg har ikkje børsta håret mitt på over ei veke no. Det er fordi eg glømte børsta mi heime, og når det kjem til børster, så er eg kresen og vil helst berre bruka naturbørsta mi frå The Body Shop. Det byrjar å vokse fram nokon dreads bak i håret ja.

  9. Eg multitasker når det gjeld serier. For tida driv eg endeleg å avsluttar LOST siste sesong, sesong 4 av Gilmore Girls, sesong 1 av Frustrerte Fruer, sesong 2 av True Blood, sesong 1 av Vampire Dairies, Glee, sesong 1 av the O.C. Den einaste serien eg har sett ferdig er Six Feet Under, My So-called Life, Mot i Brøstet og Sex and the City. Vidare har eg store planar om å sjå Prison Break, Mad Men, House... Ja, ogsåvidare. Serier er kjekt!

  10. Eg har hatt navlepiercing to gongar. Den første gongen mista eg bakdelen på piercingssmykket og fant den aldri igjen, slik at eg måtte ta den ut og den grodde igjen til eg fant den att. Andre gongen måtte eg ta den ut fordi mamma trudde eg ikkje tolte piercingsmykket og det var opphavet for alt vondt (les; forferdelig stygg hoste). Det visste seg imidlertid at hosta holdt fram lenge etter det. Synd, for eg saknar piercingen no. Det var forresten broren min som pierca meg begge gongar, og det gjekk heilt fint, fint det!

  11. Eg er veldig glad i Haruki Murakami sine bøker. Den japanske forfattaren får meg til å fryse på ryggen, til å tenke nye tankar og til å ta meg langt avstad til handlingane i bøkene, og der kan eg vere ei stund etterpå i tankene.

  12. Mine favorittbrettspel er Alias, Trivial Pursuit og Risk. Spesielt liker eg kunnskapsspel der ein får heilt unyttige spørsmål som ein av og til overraskande nok kan svaret på.

  13. Eit mål i livet har alltid vore å få publisert eigne skriverier, og det har eg på ein måte oppnåd. Eg har fått publisert ei kjærleiksnovelle (forferdelig klisjèaktig) i ei bok som TL-klubben har ut gitt. Med andre ord ikkje så veldig stort. I tillegg har eg fått trykt to dikt i barneombudets bok om BARN, utgitt på universitetsforlaget, ei veldig stor og tjukk bok. Det var spesielt heftig å få vere med på bokutgivelse og feiring av FN-konvensjon i store festsal i Oslo, og etterpå bli invitert i toppetasjen hos barneombudets lokaler og bli omtatt som forfattara og prate med nøkkelpersonar som Reidar Hjermann. Veldig hyggelig!
    Men eit neste mål er då få utgitt bok eller ei diktsamling ein gong.

  14. Fortida har eg ekstremt merkelige og levande drømmer. I natt til dømes hadde eg ein metadrøm. Eg drømte at eg drømte, men det var nok meir komplisert enn som så. Når eg våkna i drømmen fikk eg greie på at eg visstnok hadde vært våken og vore med på ein dramatisk hendelse, men som eg ikkje kunne huske i det heile tatt i drømmen, noko som gjorde meg litt lunatic. Natta før drømte at eg var barnepike og at barnefaren la ann på meg, rett foran barnemora.

  15. Eg har hatt ufattelig mange bloggar. Den første bloggen min oppretta eg som fjortenåring, altså i 2004, og var ein sprayblogg som eg faktisk trur eksisterar endå. Eg trur eg kalla meg thechild eller noko, som forresten var mitt første brukarnavn på bua. Sidan har sikkert hatt tre eller fire andre bloggar, før eg har enda opp her som 'the georgian planet' og blogspot. Eg har forresten ein wordpress-adresse der eg berre skriv engelsk, men som ingen eigentlig veit om.


torsdag 13. januar 2011

Utfordringar

Eg har sete på vekkerklokka no 'tidleg' dei siste dagane no i den meining å skaffe meg ei ordentleg døgnrytme. No må det seiast at klokka 9 i grunn ikkje er noko tidleg, men når ein først har tilvent seg den luksus å kunne sove lenger enn det, i fleire månader, så er det vanskeleg å skulle få kroppen til å tru noko anna. For når eg likegodt kan sove lenger, ja då set eg berre på slumring, og til slutt slår eg av vekkerklokka og søv to timar meir enn tenkt. Så der har eg ei utfordring, å ordne døgnrytma.

Frå tysdag av så blir det å stå opp 'tidleg' minst fem gongar i veka. Og kanskje meir, om eg får meg ein helgejobb, så det er vel berre å bite i det sure eplet (som eigentlig ikkje er surt, det er jo ein bra ting, heilt sant). Men eg trur først eg må skaffe meg ein taktikk. Det beste er kanskje å legge meg tidleg, men det ser ut til å vere vanskeleg det også. Så, eg møter verkeleg ein reel utfordring no. Men detta skal eg klare. I morgon har eg som mål å stå opp ca når vekkerklokka ringe, klokka ni. Så skal eg starte med ein god og sunn frukost med te, og deretter trene yoga. For eg har tatt fram yogaboka mi og har tenkt til å starte å trene det igjen. Yoga er nemmelig ein herleg måte å starte dagen på.

Så var det ei langt anna type utfordring, nemmelig ein 30-dagers bloggutfordring. Dette går ut på å skrive blogginnlegg frå lista nedanfor. Detta trur eg både kan bli kjekt og spennande, så eg gledar meg til å ta til på denne utfordringa i morgon. Lista er inspirert frå Åshild som har henta lista frå Synne. Dersom du skulle få lyst til å gjere det same så er det fint om du seier i frå i kommentarfeltet til Synne og linkar til ho sjølv i eit blogginnlegg.

30 dagars utfordring som følgjer:

1. 15 spennende og fine fakta om deg + et bilde.
2. En ting du har kjempelyst på akkurat nå.
3. 5 ting som får deg til å le
4. 10 Ting som er superfint hos det motsatte kjønn.
5. Yndlingssangen din for tiden.
6. 10 ting du vil gjøre før du dør.
7. 5 ting du elsket da du var yngre.
8. Et outfitbilde.
9. 10 artige/fine ting i huset/leiligheten din.
10. En situasjon du kunne tenke deg å være i om 5 år.
11. Et bilde av utsikten fra valgfritt vindu i huset/leiligheten din.
12. En spennende/artig historie.
13. 10 ting du virkelig setter pris på.
14. 5 ting som er bra med livet ditt akkurat nå.
15. En rar/fin drøm du har hatt.
16. 5 ting du ønsker deg til jul.
17. Oversikt over hva du har i veska.
18. Noe som rører deg.
19. En oppskrift på noe godt.
20. 5 fine ting med våren, sommeren, høsten og vinteren.
21. En bok som har betydd mye for deg.
22. Favorittproduktene dine (hår, sminke, hygiene osv)
23. 5 dyr du kunne tenke deg å ha (trenger ikke være tradisjonelle husdyr)
24. 10 fine blogger.
25. Et bilde hvor du er kjempekjempeglad/smiler
26. Forklar hvordan det kjennes for deg å være forelsket.
27. 5 steder som er fine å være på.
28. En måte du kunne tenke deg å tilbringe påskeferien på.
29. Noen du savner.
30. Noe som kommer rett fra hjertet, i form av tekst/bilde/video/tegning/kombinert.

Dette blir spennande, og eg gler meg til i morgon slik at eg kan starte! :)

onsdag 12. januar 2011

Fire, fire, fire. (Ein listesak med sjel)

Plosiv kom med ein fin listesak på bloggen sin. Eg spurte om eg kunne stjele spørsmåla og svare med mine eigne svar, og det kunne eg. Eg lar spørsmåla vere i sin opprinnelige form, ingen vits å oversette, det er svara som er viktige!

Så, fire ting om litt av kvart:

Fire jobber jeg har hatt:

  • Oppvaskhjelp og servitør på hotell
  • Museumsvert ved kunstmuseum
  • Turistinformant ved den lokale turistinformasjonen
  • Assistent/ekstrahjelp ved omsorgssenter (sjuke/gamleheim)

Fire filmer jeg kan se om og om igjen:
Dette er i grunn ikkje så vanskelig, for det er alltid nokon filma eg ser meir enn andre.

  • Dirty Dancing! Ingen over, ingen ved siden av.
  • Populærmusikk frå Vittuala. Eg veit ikkje heilt, sjølv om den er trist-fin så blir eg alltid fyllt med gode kjensler etter å ha sett den.
  • Ringenes Herre - To tårn. Det er faktisk lenge sidan eg har sett den no, men det er ein film eg kan sjå om og om igjen.
  • Love actually. Ja, det er noko med den filmen.

Fire steder jeg har bodd:

  • Heime på bygda, nærmare sagt Jølster.
  • Så budde eg tre år som hybelbuar på Sandane medan eg gjekk på VGS.
  • Bergen er nok foreløpig den siste plassen eg har budd og framleis bur.
  • Ja, kva blir det neste?

Fire tv-serier jeg liker:

  • Six Feet Under (Herregud, verdens finaste serie)
  • Sex and the city, sviktar aldri. Heilgod underholdning.
  • MY so-called LIFE. Fordi det er sånn fin-søt tenåringsserie som heller få har sett.
  • LOST. Var vanskelig å velge den siste, men Lost er liksom spennande sjølv om det er absurd mykje å holde styr på. Det er liksom ein sånn serie du kjem med utrop til no og då.

Fire matretter jeg liker:

  • Nachos
  • Laks med forskjellig dill
  • Makaronigrateng (mammas versjon..)
  • Ristorante sine pizza.

Fire nettsteder jeg besøker daglig:

Fire ting jeg har lyst til å gjøre før jeg dør:

  • Reise til USA!
  • Ferie i Hellas blant alle dei fine klippene.
  • Gå på ein musikal
  • Reise til eit land i Afrika eller Sør-Amerika og smake på mange ulike frukter!

.

Fire mennesker jeg «tægger» (dvs sender dette meme videre til):

No veit eg eigentlig ikkje kven som eigentlig leser bloggen min sånn egentlig, så den som vil kan gjerne fylle den ut og svare. :).

Boller i ovnen...



..men ei gravid. Nei, for det er nok heimelaga kanelbollar som snart skal stå i steikeovnen. Ladegårdsgt. 31a har nemmelig blikt reine bakestove fortida. Då eg kom til Bergen på fredag hadde Kjersti laga brownies. På laurdag eller var det kanskje fredag det òg? Kunne Annelin by på nokre slag av bollar. I går hadde Kristine laga kveitebollar med sjokoladebitar i, så i dag var det rett og slett min tur, og valget falt på kanelbollar, ein garantert favoritt nummer 1!

Når eg tenkjer meg om, så trur eg faktisk det er første gong sidan eg flytta til Bergen at eg endelig tek fram forkleet og bakar noko. Dette innsåg eg sidan eg for første gang sidan eg flytta handla inn kveitemjøl (også veit det jo skeptisismen min til kveitemjøl i forhold til allergi og slikt). Jo eg likar jo å bake, men det er jo liksom detta med å berre komme i gang. Men no hadde eg bestemt meg og tenkt på dette i to-tre dagar så tiden var vel moden, sidan eg endå ikkje har kommt i gang med neste semester. Flust of time, you see!

Så, sjølv om ikkje akkurat dette er noko stor utfordring, synes eg likevel eg startar året med nye utfordringar. Det krev jo sitt å komme i gang med bakinga, spesielt på kvelden.

Når det gjeld anna så har eg teke kontakt med ein sjukeheim her i nærleiken for å fortelje at eg er interessert i å jobbe helg og vere ringevikjar. Det er litt med blandande kjensler eg gjer dette, men eg treng ein jobb og eg trur at å komme tilbake i slike rutiner ville vere godt for meg. Så det blir spennande å sjå kva som skjer.

Men no har deigen forheva seg nok, så då er det vel på tide å faktisk få ferdig bollene. Bon apetit!

onsdag 5. januar 2011

Hei 2011!



Eg veit eg er lovleg seint ute. Årsak for det. Det verste er at eg heller ikkje har nokon jevngod unnskuldning, sidan eg trass alt framleis har ferie. Men, som vanleg er det betre seint enn aldri så.. Godt nyttår, bloggverdi!

Det blir spannande å sjå kva 2011 bringer med seg. Forhåpentligvis hell og lykke, kjærleik og sex. Haha. Venner, litteratur og opplevingar står i alle fall på ønskelista. Ellers har eg tenkt fint lite på det dei kallar for nyttårsforsett. Det er jo litt kjekt med mål men føler akkurat no at det ikkje er noko spesifikke mål for 2011 som eg ser på som stor nødvendighet. Eg er fortida nøgd med tingenes tilstand, men eg er også reint klar over at eg kan strekkje meg lenger i livet. Men dette er vel heller eit ønske om personelig utvikling som ikkje skjer over eit nyttårsforsett. Anna er at eg har lyst å bygge ein litt stødigare økonomi, og då står jo kanskje ein deltidsjobb på lista. Samstundes tykkjer eg at å leve på studiestøtte er god måte og begrense forbruket på, og å vie studiet full oppmerksomheit er også ønska. Så vi får sjå kva det blir til, kanskje berre mykje sommarjobb rett og slett. Så ingen nyttårsforsett i denne bloggen, i staden kan eg prøve å oppsummere korleis nyårshelga blei tilbrakt, nemmeleg i Hemsedal...

Historien om nyttårsafta

Så kom også den dagen som viser seg å vere den siste i eit år. 31. desemeber. Dagen som snart skal gå over til eit nytt år. Den snik seg sakte på, og plutselig kjem den tanken om at herregud, det er jo snart eit nytt år. Kanskje legg ein omtrent ikkje merke til det, grunna at ein gjer andre tradisjoner enn det ein er vant med.

Slik var mi nyttårsafta. Det var absurd å sitte på ein buss til Hemsedal på nyttårsafta, og tenke at det var nettopp det. Når vi kom fram var det å finne hyttene og legge frå oss bagasjen, samt å og gå og handle på butikkane. Oh wow for ein kjensle! Ungdommar og godt voksne overalt med skiklede; (fjor)årets mote ser ut til å vere store boblejakker i fargesprakande fargar og fancy hue og anna. Så har du solariumsgutane, med solbrillene på sleng. Butikkane var i alle fall stappa av slike, og butikkane var ribba for det meste, men vi fekk no det vi skulle ha likevel.

Så var det å tilberede mat, og etterkvart feiringa, som i alle fall byrja tidleg nok. Det vart glittervin innanbords, og kaffe og bayleis var også ein favoritt blant gjengen. Når klokka nærma seg tolv, delte hyttegjengen seg. Dei eldre haldt seg til sentrum, vi bestemte oss for å prøve ein ekostisk nattklubb ved skianlegget. "Hemsen Nightclub" vart vårt val etter å ha bladd i Hemsedalguiden. I følge guiden skulle dette visstnok vere ein av Noregs største nattklubbar, så oss yngregjengen (les; oss som var 20, men yngre enn 24) bestemte oss for å reise dit. Ein taxitur seinare var vi 40 kr fattigare kvar, men nærmare skianlegget og klar for å berike oss på nye opplevingar. Slaget slo tolv då vi kom ut av taxien, og fyrverkeri stod frå alle kantar, virka det som. I alle fall kjentes det slik i den berusede tilstand. Det vart klemming og ønskjer om godt nyttår frå alle hold. Så var det tid for å stille seg i kø. Etter litt forvirring kom vi oss gjennom vaktene, som såg ut til å ha lite kontroll. "Står dere i gjestelista? Dette er køen for de som står på gjesteliste". Med eit skeptisk nei, slapp vi gjennom likevel, og etter å ha levert frå oss 200 kr kvar for å få eit kjedelig stempel, var vi inne og nede i kjellaren til nattklubben.


Der lyste det mot oss, neongrønne og giftig grønne lys, musikken dundra med solid bass i golv og tak og dansarane var på plass på scena, i små glitrande drakter... Gud bevare meg.

I eit forsøk på å ha det gøy, går eg ut på dansgolvet, ser på dansarene.. det er tett om plassen og alt for høg musikk. Likevel kjem det ein søt gutt mot meg, smiler, spørr om eg vil danse.. "Hva heter du da?". "Eva". "Eva, hyggelig, jeg er Eirik". Det tek litt tid før eg får med meg alt. Vi danser litt, men Eirik gestikulerer og prøver å snakke, eg høyrer lite... "Skal vi gå en annen plass?". "Ja".


Eg følger etter Eirik, og vi havner etterkvart bak den ovale baren, og setter oss i kvar vår stol. Musikken er endelig på eit tålelig nivå. Vi snakker, snikk-snakker. Eg forteller at eg studerer litteratur vitskap, han forteller at han går byggingeniør i Oslo. Han er 20, nett som meg og er født i tvillingens tegn, eller var det krepsen? Det er forvirrende, han viser meg ein kreps tattovert på leggen. Eg rister på hodet, smiler og ler, forstår ein del også forstår eg ingenting. "Hvorfor smiler du sånn, du smiler. Du er søt når du smiler. Du er så mystisk". Østlandsdialekta er sjarmerande. Han er søt, han ligner på nokon, men eg kjem ikkje på kven. Så snur han stolen min slik at vi sett vis-a-vis kvarandre. "Får jeg lov til det? Får jeg lov til å kysse deg? Du er så søt". Eg smiler, nikker litt. Joda, han kan vel kysse meg, han er jo så søt. Han tar tak rundt halsen min og kysser. Det er eit bra kyss, han er flink til å kysse, han Eirik...

Eirik gir meg nummeret mitt, før kvelden er over. Spørr om eg vil møte han neste dag, viss eg framleis er der. Det vil eg, fortel eg. Lagrer nummeret. Reiser tilbake til sentrum med taxi og betaler denne gangen 30 kr. I sentrum er det enda mange folk, men når vi kjem til hytta ser vi at dei andre allereie er tilbake og har lagt seg. Det er vanskelig å vere stille, vi ler og et nattmatt, smiler og er fornøgde med nyttårsaften og det nye startet på året. Glad for at vi er i Hemsedal. Går til sengs, smilande.





Ja, det er litt av historien om korleis nyttårsafta var i Hemsedal. Dei to neste dagane vart ikkje like spennande, men kjekke dei òg. Eirik reiste heim lørdagen så planen om å møtest igjen blei ikkje noko av. Eg får vell heller ha i minnene ein liten festkveld med ein østlendig. Likevel var det sosialt samver, spel og diverse resten av helga, og eg koste meg. Alt i alt ein heilt fantastisk helg i Hemsedal, og allerede før vi var på veg heimover, snakker vi om å bestille hytte til neste nyttårshelg.. Å slutte året der den starta, å lage ein god tradisjon..

Velkommen, 2011!

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...