lørdag 29. januar 2011

Herr. forelesar


Legg merke til den artige detaljen om at det står to 'grekarar' ved siden av kvarandre midt i biletet, men som har knytt togaen sin på forskjellige skulder. Er ein av dei ein barrbar?


No skal eg fortelje om vår forelesar i ALLV 102, som vi no har hatt tre forelesingar med. Først så trudde eg heilt ærleg at forelesaren vår var litt gal. Sidan dette er ein blogg og kven som helst kan finne seg sjølv ved eit enkelt googlesøk, så skal eg ikkje skrive navnet på forelesaren. Men eg kan fortelje at han ikkje er så ukjent, for eigentleg forskar han på justismord for tida, men likevel har han tatt seg tida til å undervise oss håpefulle litteraturstudentar. Noko som er veldig, veldig kjekt.

Vår første forelesing med Herr.forelesar skulle altså vere 10.15 torsdag, noko som skulle tilseie at vi dessverre måtte forlate Sydneshaugen skole for to skuletimar, og gå heilt bort til jussbygget. Der må ein spasere gjennom den kjedelege arkitekturen i bygget, for så gå ned sikkert femten trapper, medan vi møter på akkurat jussstudentar (som ikkje treng nokon ytterligare skildring) for å komme til undersida av jussbygget, der det er endå eit jussbygg. Så det er altså der vi skal vere, bortsett frå at vi må på undersida av det same jussbygget, igjen. Med andre ord ein ganske så kronglete ferd for oss som så smått har blitt vant med søte, lille Audatorium R som praktisk nok ligg nært kantina på HF som har dei koselege kaffikuppongane.

Uansett, vi er ikkje lenger innan vårt herlege fakultet, men har måtte ta turen til jusstudentane for ein liten stakka stund. Der, på undersiden av jussbygget som det er forventa at vi skal gå inn, står ein liten gjeng medelevar ute og hutrar. Eit fantastisk nøkkelkortsystem som tydeligvis er utilgjengeleg for oss HF-studentar, gjer til at vi berre må stå ute og håpe på at forlesaren ein gang vil komme og sleppe oss inn. Men dei lengste har vore og venta før klokka ti, og inne ser det voldsomt folketomt ut. Fleire og fleire medelevar samlast utanfor ettersom klokka nærmar seg 10.15. Alle med den same undring over seg og med spørsmål om ein har prøvd alt for å komme inn; å taste kode før, etterpå og å prøve å snu kortet. Men dei ivrigaste har allereie prøvd alt, og døra vil likevel ikkje rikke seg ein centimeter.

Omsider då klokka er nøyaktig 10.13 dukker det opp ein middelaldrande mann i dress med koffert. Først er eg forvirra, og stusser på om dette verkeleg kan vere forelesaren. Navnet kjende eg på førehand, ettersom det var eit navn som gjekk igjen i pensum store delar av forrige semester, og eg hadde av ein eller annen grunn sett for meg ein yngre utgåve av ein mann. Meir ein halvkjekk mann i førtiåra, det var dei assosiasjonene navnet gav meg.

Herr. forelesar ser derimot ut til å vere rundt 50-60 år, grå i håra og med skjegg. Han brøyter seg gjennom mengden og går fram til døra der han tek fram sitt personlege nøkkelkort. Med magiske evner får han åpna døra og alle saman pressar seg inn for å sleppe å bli utelåst i kulda.

Herr. forelesar virka dog ein tanke forvirra til tross for det første sjølvsikre møte med elevane, og må spørre oss om kva audatorium vi skal vere på. Vi peiker rett fram og deretter låser han opp til eit bekmørkt rom. Resten går likevel ikkje problemfritt. Forelesaren går rundt og fomlar i fleire minutter etter ein lysbrytar. I mellomtida set vi oss stilt inn på plassane, etter litt snubling i mørket og etterkvart som lyset kjem på gjer vi oss klare, tek fram notatblokkene og pennane og det som ellers måtte vere relevant for forelesinga: Kong Oidipus av Sofokles.

Lenge før Herr. forelesar er klar har vi funnet fram det vi treng, og alle saman sit og ser spent på forelesaren som stressa leitar rundt i sin koffert, jakkelommer og ein bag på jakt etter noko. Han unnskulder seg og seier at han ikkje finn minnepennen, som han var bombesikker på at han hadde pakka dagen før. Ja ja. Han går bort til den røde bagen igjen og og eg tenkjer for meg sjølv at han sikkert skal gjere eit siste forsøk i å finne minnepennen.
Uventa løftar han opp ein grønnsak som ser ut som ein fennikkel?!, som han set på skrivebordet. Så går han tilbake til bagen og trekk opp ein flaske med rødvin. Herr. forelesar smiler og set den ved siden av fennikkelen. Kva i all verda er det han driv med? Eg snur meg til sidemannen, ler og rister litt på haudet, samstundes som eg er spent på kva han har tenkt å seie no.

Herr. forelesar retter seg etterkvart opp og byrjar å snakke. Han presenterar seg med låg stemme, klør seg i haka og drar opp på buksa som ser ut til å vere litt for stor til han, til trass for ein tydeleg ølmage. Han poengeterer kor dumt det er at minnepennen ikkje er med, sidan han hadde gjort klar ein formidabel powerpointpresentasjon med ein del bileter på. Så spørr han om vi veit kva slags type grønnsak det er, og om det er mange som har smakt ein slik. Det er overraskande mange som kjenner til fennikkelen, noko som han gjer eit stort poeng av at den har blitt så globalisert dei siste åra. Så fortel han at vinflaska er frå bursdagen hans i går.
Omsider kjem han til poenget; Kjære forsamling.... vi skal snakke om piker, vin og sang og guden Dionysos. Med dette byrjar han med ein spennande forelesing om Hellas i antikken, og vi følgjer alle spent med i skildringa av guden Dialysos og at symbolet fennikkel var den kjønnsnøytrale guden Dionysos sitt symbol, sidan det både kunne ligne eit mannleg og eit kvinnleg kjønnsorgan.

Etter dei to skuletimane med forelesing går alle smilande ut og er klar for ein lenger lunsj før neste forelesing 14.15. Vi går ekstatiske mot studentsenteret, babler i munnen på kvarandre om kva vi tenkte på då forelesaren tok ein grønnsak fram frå bagen, og om kor glad vi var at det ikkje var vi som måtte gå ut av forelesingssalen for å gå inn igjen slik vi trudde ein grekar ville ha gjort det.

Etter ein betre lunsj med både kaffi og sjokolade er vi klare for siste forelesing for dagen og kan heldigvis gå tilbake til det gode, gamle og lune Audatorium R utan å måtte vente i kulda for å kome inn.

Herr. forelesar kjem tilbake, like blid som før men har denna gangen med seg minnepennen og kan vise fram biletene av dei ulike fenniklane og av vakre kvinner. Vi nærmar oss slutten på den generelle innføringa om Hellas i antikken og er klar til å gå over til ein av dei store greske tragediediktarane: Sofokles med Kong Oidipus. Det viser seg at ikkje alle har lest tragedien og etter å ha byrja å gå inn i historia spørr han oss om kva som står i prologen, som nettopp er det viktige for å forstå tragedien. I same augonblikk blar eg opp på første side og med skrekk og gru møte Herr. forelesar, blikket mitt.
- Du der som har boka oppe, les prologen for oss du.
Eg stivner til i skrekk og er forvirra, meiner han MEG? Eg spørr om han vil at eg skal lese heile prologen.
- Ja det fikser du, det tar jo knapt 3-4 minutter.
I staden for å protestere lener eg meg fram og byrjar uforberedt på lesinga av ein gresk tragedie. Kjenner at ein del ord går tapt og at alt for mange uttalelser av dei greske navna er for dårlege. Pulsen er høg og andletet heitt då eg er ferdig. Eg konsentererer meg om skriveboka og ignorerer det faktum av at han ikkje ein gang sa "takk", men at Herr. forelesar ufortrødent held fram med å snakke om Kong Oidipus. Antagelegvis var lesinga så dårleg at det ikkje fortjente eit takk. Neida, sannsyneligvis var det ingen grunn til å sei noko som helst, lesinga var vel gjennomsnittleg og dessutan kvifor bruke tid på trivialiteter som takketaler til ein framand student? Når eg tenkjer på er det betre med ingen ord enn Margots "godt forsøk"-kommentar.

Likevel forbannar eg meg litt sjølv for å ha bladd opp boka på heilt feil tidspunkt, men eg har vel lært av dette: Unngå å vere for engaskjert i forelesinga og for all del, ikkje sitt på ytterbenken på venstre side av audatoriumet, for då risikerer du å bli eit offer for Herr. forelesars påfunn.

Forelesinga tek omsider slutt, vi er alle varme og tunge i hovudet forårsaka av den tette lufta i audatoriumet, og klar for å gå ut i den friske januarettermiddagen. Torsdag, den lengste universitetsdagen er offiselt sett over, og vi kan pakke saman bøkene for å gå heim på kammerset der vi skal få den ære av å kose oss med 40 sider skriven av den store filosof Aristoteles og hans "om diktekunsten". Ein filosofisk analyse av kva som kjenneteikner den gode og den dårlege tragedie, og delvis andre episke sjangrar.

Vi forlet magiske Sydneshaugen skole, undrande over den litt eksentriske Herr. forelesar, men likevel spente på morgensdagens forelesing.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...