onsdag 5. januar 2011

Hei 2011!



Eg veit eg er lovleg seint ute. Årsak for det. Det verste er at eg heller ikkje har nokon jevngod unnskuldning, sidan eg trass alt framleis har ferie. Men, som vanleg er det betre seint enn aldri så.. Godt nyttår, bloggverdi!

Det blir spannande å sjå kva 2011 bringer med seg. Forhåpentligvis hell og lykke, kjærleik og sex. Haha. Venner, litteratur og opplevingar står i alle fall på ønskelista. Ellers har eg tenkt fint lite på det dei kallar for nyttårsforsett. Det er jo litt kjekt med mål men føler akkurat no at det ikkje er noko spesifikke mål for 2011 som eg ser på som stor nødvendighet. Eg er fortida nøgd med tingenes tilstand, men eg er også reint klar over at eg kan strekkje meg lenger i livet. Men dette er vel heller eit ønske om personelig utvikling som ikkje skjer over eit nyttårsforsett. Anna er at eg har lyst å bygge ein litt stødigare økonomi, og då står jo kanskje ein deltidsjobb på lista. Samstundes tykkjer eg at å leve på studiestøtte er god måte og begrense forbruket på, og å vie studiet full oppmerksomheit er også ønska. Så vi får sjå kva det blir til, kanskje berre mykje sommarjobb rett og slett. Så ingen nyttårsforsett i denne bloggen, i staden kan eg prøve å oppsummere korleis nyårshelga blei tilbrakt, nemmeleg i Hemsedal...

Historien om nyttårsafta

Så kom også den dagen som viser seg å vere den siste i eit år. 31. desemeber. Dagen som snart skal gå over til eit nytt år. Den snik seg sakte på, og plutselig kjem den tanken om at herregud, det er jo snart eit nytt år. Kanskje legg ein omtrent ikkje merke til det, grunna at ein gjer andre tradisjoner enn det ein er vant med.

Slik var mi nyttårsafta. Det var absurd å sitte på ein buss til Hemsedal på nyttårsafta, og tenke at det var nettopp det. Når vi kom fram var det å finne hyttene og legge frå oss bagasjen, samt å og gå og handle på butikkane. Oh wow for ein kjensle! Ungdommar og godt voksne overalt med skiklede; (fjor)årets mote ser ut til å vere store boblejakker i fargesprakande fargar og fancy hue og anna. Så har du solariumsgutane, med solbrillene på sleng. Butikkane var i alle fall stappa av slike, og butikkane var ribba for det meste, men vi fekk no det vi skulle ha likevel.

Så var det å tilberede mat, og etterkvart feiringa, som i alle fall byrja tidleg nok. Det vart glittervin innanbords, og kaffe og bayleis var også ein favoritt blant gjengen. Når klokka nærma seg tolv, delte hyttegjengen seg. Dei eldre haldt seg til sentrum, vi bestemte oss for å prøve ein ekostisk nattklubb ved skianlegget. "Hemsen Nightclub" vart vårt val etter å ha bladd i Hemsedalguiden. I følge guiden skulle dette visstnok vere ein av Noregs største nattklubbar, så oss yngregjengen (les; oss som var 20, men yngre enn 24) bestemte oss for å reise dit. Ein taxitur seinare var vi 40 kr fattigare kvar, men nærmare skianlegget og klar for å berike oss på nye opplevingar. Slaget slo tolv då vi kom ut av taxien, og fyrverkeri stod frå alle kantar, virka det som. I alle fall kjentes det slik i den berusede tilstand. Det vart klemming og ønskjer om godt nyttår frå alle hold. Så var det tid for å stille seg i kø. Etter litt forvirring kom vi oss gjennom vaktene, som såg ut til å ha lite kontroll. "Står dere i gjestelista? Dette er køen for de som står på gjesteliste". Med eit skeptisk nei, slapp vi gjennom likevel, og etter å ha levert frå oss 200 kr kvar for å få eit kjedelig stempel, var vi inne og nede i kjellaren til nattklubben.


Der lyste det mot oss, neongrønne og giftig grønne lys, musikken dundra med solid bass i golv og tak og dansarane var på plass på scena, i små glitrande drakter... Gud bevare meg.

I eit forsøk på å ha det gøy, går eg ut på dansgolvet, ser på dansarene.. det er tett om plassen og alt for høg musikk. Likevel kjem det ein søt gutt mot meg, smiler, spørr om eg vil danse.. "Hva heter du da?". "Eva". "Eva, hyggelig, jeg er Eirik". Det tek litt tid før eg får med meg alt. Vi danser litt, men Eirik gestikulerer og prøver å snakke, eg høyrer lite... "Skal vi gå en annen plass?". "Ja".


Eg følger etter Eirik, og vi havner etterkvart bak den ovale baren, og setter oss i kvar vår stol. Musikken er endelig på eit tålelig nivå. Vi snakker, snikk-snakker. Eg forteller at eg studerer litteratur vitskap, han forteller at han går byggingeniør i Oslo. Han er 20, nett som meg og er født i tvillingens tegn, eller var det krepsen? Det er forvirrende, han viser meg ein kreps tattovert på leggen. Eg rister på hodet, smiler og ler, forstår ein del også forstår eg ingenting. "Hvorfor smiler du sånn, du smiler. Du er søt når du smiler. Du er så mystisk". Østlandsdialekta er sjarmerande. Han er søt, han ligner på nokon, men eg kjem ikkje på kven. Så snur han stolen min slik at vi sett vis-a-vis kvarandre. "Får jeg lov til det? Får jeg lov til å kysse deg? Du er så søt". Eg smiler, nikker litt. Joda, han kan vel kysse meg, han er jo så søt. Han tar tak rundt halsen min og kysser. Det er eit bra kyss, han er flink til å kysse, han Eirik...

Eirik gir meg nummeret mitt, før kvelden er over. Spørr om eg vil møte han neste dag, viss eg framleis er der. Det vil eg, fortel eg. Lagrer nummeret. Reiser tilbake til sentrum med taxi og betaler denne gangen 30 kr. I sentrum er det enda mange folk, men når vi kjem til hytta ser vi at dei andre allereie er tilbake og har lagt seg. Det er vanskelig å vere stille, vi ler og et nattmatt, smiler og er fornøgde med nyttårsaften og det nye startet på året. Glad for at vi er i Hemsedal. Går til sengs, smilande.





Ja, det er litt av historien om korleis nyttårsafta var i Hemsedal. Dei to neste dagane vart ikkje like spennande, men kjekke dei òg. Eirik reiste heim lørdagen så planen om å møtest igjen blei ikkje noko av. Eg får vell heller ha i minnene ein liten festkveld med ein østlendig. Likevel var det sosialt samver, spel og diverse resten av helga, og eg koste meg. Alt i alt ein heilt fantastisk helg i Hemsedal, og allerede før vi var på veg heimover, snakker vi om å bestille hytte til neste nyttårshelg.. Å slutte året der den starta, å lage ein god tradisjon..

Velkommen, 2011!

2 kommentarer:

  1. Ååååhh, jeg er så glad for at nyttårsaftenen din blei fin! :D Godt 2011!

    SvarSlett
  2. Haha! Forhåpentligvis sex ja ;)
    For ei hærlig nyttårsfering det var <3

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...