fredag 28. januar 2011

Litteraturvitenskapen og kvardagen


Min supersøte søster, Nina!

Oi. Det har allereie blitt helg igjen. Vekene flyr ufatteleg fort og det er eigentlig ganske utruleg, samtidig ikkje. Den fyllast raskt opp når ein er tilbake med studiene, i tillegg dei andre faste rutinene. Det er liksom ikkje det at eg har vore SÅ superopptatt, men når du står opp klokka sju/halv åtte kvar dag så har du litt lite overskudd til å setje deg ned om kvelden og skrive eit blogginnlegg. Ikkje at eg har så voldsomt mykje overskudd no, men så har det seg slik at det er fredagskveld og eg er aleine heime etter å ha vore på ein kort brettspelekveld saman med søstera mi og nokre av hennar venna. Og då kjenner ein seg raskt litt einsam, og då er det ikkje like einsamt å snakke med seg sjølv i sin eigen blogg.

Ja, apropos søstera mi, Nina. Eg må få lov til å dedikere eit heilt avsnitt om ho. Det har seg nemmeleg slik at min supersnille 5 år eldre og søte søster, i dag var på diplomutdeling. Det betyr no at søstera mi offiselt sett er PSYKOLOG! Gratulerer søster, eg er meget stolt av deg! For det første at du kom deg rett frå årsstudiumet inn til profesjonsstudiet, som så kjend er litt av eit nålauge. Deretter at du har haldt ut dei resterende fire/fem åra med studiene og no allereie neste veke er klar for å ta til med ditt nye liv, der du flyttar tilbake til trivselsfylket med ein ny og spennande og godt betalt jobb!

Eg gler meg til å komme på besøk i vinterferien min, ikkje minst til å lese i bloggen din som du nett har oppretta etter ei lita oppfordring frå meg. Dette er eigentlig ikkje noko nytt frå Nina si side, ho byrja å blogge for mange år sidan medan ho gjekk årsstudiumet i psykologi. Og veit du kva? I bloggen skreiv ho at aldri skulle bli psykolog, men det ser ut som at ein ofte blir det ein ikkje trur. Ein skal aldri sei aldri.

Uansett, i dag er eg stolt over deg, søster!

Så, nett då søstera mi er ferdigutdanna og flyttar frå Bergen, er eg som aldri før dedikert til denne småkulturelle byen. Ja, for no som vi er ferdig med dei halvinteressante emna ex.phil. og ex.fac. , (..som gjekk overraskande nok, bra. B, C og C vitnar om 30 studiepoeng) og endeleg har byrja på det vi har kommen til universitetet for, blir saker og ting spennande. Litteraturvitenskapen så langt er meget interessant!

I haust før eg søkte var eg skikkelig sikker på at dette var det rette å gjere. Då eg derimot hadde søkt og venta på svar, var eg veldig usikker og angra på søknaden min. Då eg fekk svar var eg positiv igjen, men rett før semesteret byrjar, meir usikker. Med andre ord har eg vore meget usikker på kva eg egentlig har begitt meg ut på, spesielt er det jo dette aspektet med å skulle få seg jobb etter studiet då. Det humanistiske fakultet er ikkje akkurat kjend for å gje jobbar etter endt utdanning. Men likevel så må det vere sagt; dei humanistiske emna er viktige! Leste ein artikkel i Atrium om at det spøker litt for det humanistiske fakultetet sin økonomi, noko som er skummelt. Det er viktig at vi utdanner mennesker som blir kjend med historia og spesielt verdiane og demokratiet frå dei greske bystatane. Korleis skal det ellers gå med det politisk styret i framtida? Verdiar er viktige å ta vare på, og forhistoriene må vi halde fram med å lære. Å vel, nok om det.

Dei to første vekene av studiene er overstått, og det har så langt vore spennande forelesingar. Eg merkar at emna virkelig interesserer meg, og at eg allereie kan mykje frå før av. Det er vel på dette punktet eg endelig må innrømme at jo, Margot; ditt engaskjement i norskfaget har virkelig lønna seg. Eg kan overraskande mykje frå før, noko som selvfølgelig er ein stor fordel då eg kan sikte meg inn på litt sekundærkjelder og samtidig kan ta meg tid til å lære anna som vil gje pluss på ein eksamen. Gode karakterar er ein fordel om eg satsar på master på etterkvart, men ikkje noko eg kjem til å stresse over. Det viktigaste for meg ved studiet er å lære mykje og til å utvikle meg sjølv som skribent og person.

Ein ting er undervisninga, ein anna ting er sjølve universitetet, eller fakultetet vårt, som eg stadig blir fascinert over. Den store gule bygningen, Sydneshaugen skole som ser litt ut som Hogwarts utanfrå, og inne i skuleområdet ser ut som ein spansk landsby. Eg veit ikkje heilt, men på slutten av sommaren då eg byrja der fekk eg mange gongar ein kjensle av at eg var i Spania medan eg satt ute på trappa før seminar. Det er vanskelig å skildre i grunn, det bør helst opplevast. Det må nok vere noko med fontena og dei mange eføyene som heng omkring på den gule murbygningen. HF-kantina er dessutan noko av det koseligaste. Eg har merka meg at det er mykje meir søt mat der enn på studentsenteret, i tillegg til at kaffikortsystemet om "kvar tiande kaffi gratis", er småsjarmerande; Kantinedamene kryssar av på kaffikortet med KULEPENN! Eg meinar, dei set faktisk berre eit kryss. Det er forferdelig lett å skulle jukse med å setje kryss sjølv. Slikt gjer eg dog ikkje, og eg lurer eigentlig på kvifor dei har det systemet. På studentsenteret har dei stempel for kaffikortet. Den logiske forklaringa ligg nok i at det trass alt er det humanistiske fakultetet; det er medmenneskekjærleik og stort sett ærlege og sympatiske studentar. Kva anna? Eg er i alle fall ærleg, og i dag fekk eg min første gratise kaffi, for eg har faktisk betalt 90 kr for ni 9 kaffi!

Når det gjeld medstudentane likar eg særs godt at vi har litteraturen til felles: Det er liksom eit tema som knyt oss studentar tett saman. Dessutan er det artig å sjå kor engaskjerte dei andre er også; halvparten er på plass 15 minutter før forelesinga byrjar. Og eg som trudde at eg var tidleg ute med mine 10 minutta. Den gang ei!

Òg forlesarane.. Forlesarane fortjenar faktisk eit eiget innlegg, for dei er så flinke! Så mange spennande og flinke forlesara som gjer til at det er umulig å ikkje lære noko. Nei, dette liker eg. Eg blir nok veldig opptatt av studiene framover, når eg først driv med noko eg virkelig brenn for. Faktisk har eg allereie vore på biblioteket og sete og lest og skrivd i fleire timar. Ja, dette semesteret blir bra! Meg, dette, litteraturen og litteraturteorien. Teorien er minst like interessant, og eg merkar at eg nok faktisk har ein liten fascinasjon for vitenskapen after all.

No er det på tide å slutte å snakke med meg sjøv, dette blir for mykje for einkvar som faktisk ikkje interesserar seg særleg for litteratur, eller generelt om livet mitt. Vi kjem tilbake til litt meir saklige og strukture innlegg etterkvart.

God helg!

3 kommentarer:

  1. Ikkje altfor mange skrivefeil. Det kjem seg. ;)

    SvarSlett
  2. Hehe. Eg ser nokre slurvefeil sjølv, også ein del bokmålsord som kunne ha vore bytta ut mot urnynorske. Men det får vel vere godkjent sidan det er skrive seint på kvelden =P.

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...