tirsdag 18. januar 2011

Ei lita fotografering



..som eg hadde tidleg på sumaren ifjor, av det lokale blackmetalbandet Nifrost. Eg har snakka om dette før, men sidan macen min som kjent streika i byrjinga av juni, fekk eg aldri heilt sjansen til å vise fram bileta frå fotograferinga då den endå var fersk. Og sidan har det vore eit ork å sortere i bileta etter eg fekk macen tilbake, fordi det er sinnsjukt mange. Det blei tatt over 200 bileter på denne lille fotograferinga, og det kunne blitt raskt fleire, hadde det ikkje vore for at kamerabatteriet blei tomt og ekstrabatteriet likevel ikkje var lada.

No har eg så smått satt meg til å sortere bileta mine igjen. Det er eit salig kaos, men nødvendig. Eg vurderer nemmelig å prøve å søke i Studvest som fotojournalist, dog eg eigentlig har lita tru på at dei vil vurdere slike underkvalifiserte studentar som meg. Kva har eg å skrive på CVen då? Har ingen erfaring bortsett i frå litt hobbyfotografering her og der og denne photoshooten.

Uansett, det skader vel eigentlig ikkje å prøve å søke, men vi får no sjå. Vurderer samtidig å også søke på stillinga som kulturjournalist, men tvilar på at eg står noko sterkt der heller. Men det hadde vore virkelig virkelig spennande å ta for seg eit slikt prosjekt, så eg trur eg skal søke om ikkje anna.

Så var det å dele litt av fotograferinga her på bloggen. Det skal seiast at dette berre er eit lite utvalg, men eit utvalg som likevel representerer dei ulike oppstillingane og liknande som blei fotografert. Det er ein del morsomme bilete her, og det var kjempekjekt å ha photoshooten, det kunne eg tenke meg å gjere igjen. Sjølv om det var ein tanke kaldt og det småregna litt innimellom, men kjekt, ja absolutt!

Alle bileta er forsåvidt uredigert. Eg har desto ein plan om å redigere dei ein gong. Ein del av biletene er vel kanskje i underkant mørke, men eg har ein liten fascinasjon for å ta litt mørke bilete, sjølv om søstera mi synes lite fint om det.
























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...