onsdag 25. april 2012


Kva skal ein seie? At tida flyr er ingen klisjé. Det er berre studentkvardagen og eksamenstid som nærmar seg. Under ein måned att til at bacheloroppgåve skal vere levert, og skuleeksamen i litteratur og retorikk skal vere overstått. Det er jo veldig snart det, ikkje heilt sikker på om det er bra eller dårleg, har eit ambivalent forhold til det. Elles går det i bileteredigering, litt sosiale saker, studentkost, studentpolitikk, litt jobbing, soving og ja.. Det går mykje i lesing av tysk sekunderkjelder (det er faktisk kjekt, eg trur eg må studere tysk også), Hölderlin, kaffe, litt The Wire, litt lesing av Renberg, mykje kvitring, mykje lytting til Susanne Sundfør og The Silicone Veil. Det har gått i lungeinfeksjon og antibiotika også, sjølvsagt. Det er litt vanskeleg å kome unna slikt med mitt litt nedsatte immunforsvar, men elles har eg haldt meg overraskande frisk, enn så lenge det held seg. Elles prøvar eg å vere flink til å skrive rett nynorsk, prøvar også å planleggje framtida mi, noko som er vansklegare. Klarer ikkje finne ut om eit år med nordisk og studentpolitikk er det luraste, eller om eg skal ta eit semester med halvrelevante emner og fagutvalarbeid, så utveksle til Nicaragua neste vår.  For så å etterfølgje med poststudier i Bergen, mest truleg meir språkfag (spansk og tysk) for så å ta oversetjingsstudie i etterkant. Tanken på master ein gong i framtida er heller ikkje så avskrekkande , eller tanken på å utvide horisonten min med litt tverrfaglegheit. Kva med psykologi, sosiologi, media, juss? Nei, moglegheitane er mange, det er det einaste eg er sikker på.


søndag 1. april 2012

Påskeferie?







Tida går så fort at til og med slikt som påskeferie kjem brått på. Påskeferie, no? Eg merkar at hjernen ikkje er mentalt forberedt på ferie, noko som må seiast å vere særs unormalt. Det kan også ha noko med å gjere at eg uansett ikkje skal ta heilt påskefri, fordi: A) Bacheloroppgåve og pensumlesing sjølvsagt, dette må nok prioriterast. B) Eg er endå i Bergen, og jobba seinvakt i går. Jobbemodus, ikkje feriemodus C) Eg skal ikkje feire påske i Jølster for første gong på 20 år. Eg skal faktisk ta toget til Voss i morgon eller tysdag for å vere med mamma og hennar nye pendlartilveire i Eidfjord. Det er litt uvant, men eg trur det blir kjekt. Forhåpentlegvis vil eg merke litt meir av påskestemninga då.

Har likevel tatt litt lesefri i helga. Helga ser eg tross alt på som studiefri. Difor går det i Tore Renberg og Charlotte Isabel Hansen. Dette er den første Renberg-boka eg les. Ja, tru det eller ei. Eg byrja ikkje på litteraturvitskap fordi eg ville vere Jarle Klepp.

Elles går det lite i blogging om dagen, men det er mykje å gjere, og mykje å ta stilling til. Det største eg har tatt stilling til i det siste, er utvekslingsplanane. Dette er forresten ikkje ein aprilspøk, altså. Eg har etter fleire veker med mykje tenking, kome fram til at eg utsetjer Argentina på ubestemt tid. Dette er det fleire grunnar til, blant anna økonomiske, men mest av alt grunna nye reglar som kulturstudier må rette seg etter: oppgradert spansk som krev eit omfattande forkurs. Valalternativet er å reise ned 1 måned tidligare, for å ta kurset der nede, men dette er ikkje er mogeleg for meg, grunna sommarjobb og økonomi. Eit anna forslag var eit ti vekers nettkurs med 10 timar i veka frå 7.mai, men dette kræsjar jo intelligent nok med eksamensperioda. Nei, lett skal det ikkje vere. Difor har eg meldt meg av haustens kurs, og det ser heller ut til at det blir eit år med nordisk fag på meg (frie studiepoeng). Eg har eigentleg heile tida hatt ein dårleg kjensle på å skulle reise til hausten, så dette er nok det rette valet her og no. Om ikkje anna kjem det fleire mogeleigheitar, for dette kan eg jo ta utanom bachelorgraden min. Det er jo trass alt ikkje gjennom UiB.

Kanskje blir det litt meir blogging i den såkalla påskeferien. Det blir jo ikkje berre lesing, då. Eg draumer forresten mykje om sol og varme dagar. Bergen gav ein forsmak, også kom faceslappen med kulde og regn. Idioti. Kom, sumar og sol!

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...