onsdag 25. april 2012


Kva skal ein seie? At tida flyr er ingen klisjé. Det er berre studentkvardagen og eksamenstid som nærmar seg. Under ein måned att til at bacheloroppgåve skal vere levert, og skuleeksamen i litteratur og retorikk skal vere overstått. Det er jo veldig snart det, ikkje heilt sikker på om det er bra eller dårleg, har eit ambivalent forhold til det. Elles går det i bileteredigering, litt sosiale saker, studentkost, studentpolitikk, litt jobbing, soving og ja.. Det går mykje i lesing av tysk sekunderkjelder (det er faktisk kjekt, eg trur eg må studere tysk også), Hölderlin, kaffe, litt The Wire, litt lesing av Renberg, mykje kvitring, mykje lytting til Susanne Sundfør og The Silicone Veil. Det har gått i lungeinfeksjon og antibiotika også, sjølvsagt. Det er litt vanskeleg å kome unna slikt med mitt litt nedsatte immunforsvar, men elles har eg haldt meg overraskande frisk, enn så lenge det held seg. Elles prøvar eg å vere flink til å skrive rett nynorsk, prøvar også å planleggje framtida mi, noko som er vansklegare. Klarer ikkje finne ut om eit år med nordisk og studentpolitikk er det luraste, eller om eg skal ta eit semester med halvrelevante emner og fagutvalarbeid, så utveksle til Nicaragua neste vår.  For så å etterfølgje med poststudier i Bergen, mest truleg meir språkfag (spansk og tysk) for så å ta oversetjingsstudie i etterkant. Tanken på master ein gong i framtida er heller ikkje så avskrekkande , eller tanken på å utvide horisonten min med litt tverrfaglegheit. Kva med psykologi, sosiologi, media, juss? Nei, moglegheitane er mange, det er det einaste eg er sikker på.


1 kommentar:

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...