søndag 10. juli 2011

Sumardagar

Denna helga har til trass for jobbing, vore kjekk. Fredag hadde eg ein meget hyggelig vakt på jobb, før eg faktisk hadde ein hyggelig legetime. Det siste er relativt sjelden, ettersom eg ofte endar opp med leger som eg ikkje klarer å føle meg trygg hos. Til trass for denne erfaringa, har eg endelig funnet ei kjempegrei og flink turnuslege. Eg er veldig nøgd med kor seriøs og grundig ho var og ellers korleis legetimen blir gjort hyggelig med litt småprat, med litt spøking innimellom. På fredag prata vi faktisk om bøker medan vi venta på nokre prøveresultat. Ho hadde sett at eg leste bok på venterommet og lurte på kva eg leste, og spurte om eg ville anbefale boka og kva bøker eg ellers likte. Ho spurte blant anna om eg likte Harry Potter-serien. Ikkje berre flink, men kul!

Etter den hyggelige legetimen med hyggelige prøveresultat ('knallgod' blodprosent i følge legen) møtte eg fine Jorunn og Tessa i sentrum av Skei. Sola knalla til med fantastisk veir og Jølster viste seg frå si beste side. Vi måtte feire denne fine dagen med is og herlig prat om alt frå myten om kvinnen i den røde kjolen til litt sjukeheimsprat. Veldig koselig!

Seinare på ettermiddagen kom mi kjære søster til Jølster, vi laga god mat, tulla og såg ein betre film basert på ein nesten tåredryppande historie.

Laurdag var det igjen på tide med jobb, som blei koselig arbeidsdag. I byrjinga var det stille før stormen, så vi lagde Astrup-quiz, spelte kort og fant ut at vi ville lage pannekake til oss sjølv. På kvelden inviterte eg til brettspel hos meg, noko som blei veldig koselig. Ingenting som å spele ein runde scrabble og gode, gamle memo.




I dag var nok ein spennande men utfordrande dag på jobb. Det var jammen mange som vitna Astruptunet! Etter jobb måtte eg kaste meg over kakebaking til ære for min broder som fylle 24 år i dag. Så det har blitt kake og kaffi i dag også. Ikkje nok med det, men i morgon skal eg i endå ein bursdagsfeiring og eg legg planer om å bake endå ei kake.

Fine dagar med andre ord, til trass for mykje jobbing. Eg kom til å rekne på det - på torsdag har eg vore heime i 34 dagar, og eg har jobba 32 av dei. Pretty sick! Heldigvis skal eg ha tre dager fri frå torsdag av, og det skal utnyttast med ein helgetur til Bergen. Gleda meg til å sjå byen att, sjølv om eg ikkje har lagt så mange planar. Anna enn at rombytte stor og bursdagsgåveinnhandling må til. I min produktive familie har nemmelig 7 stykke bursdag (inkludert meg) i sommarferien.

Sommarferie er fint.

søndag 3. juli 2011

Sumar på bygda

Sumar heime i Jølster er noko heilt spesielt. Alt er så levande og assosiasjonsrikt, grønt, lufta er frisk, og soldagane får innsjøen ein heilt fantastisk speiling av fjella med snøtoppane og breen. Fint!


Mammas hage er full av fine blomar, og i 12 dager no skal eg passe på desse blomstene og skal vere flink med å vatne dei når det trengst.



Kjære Fant sumaren i fjor. Han har dessverre fått ein ny heim, men til det beste.



Åh gå på fjellet.



Fargane er så levande om sumaren.



Åh å - sitje i ein stol her på slike solrike, varme daga med smoothie og ein god bok.

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...