tirsdag 29. november 2011

Wanderes Nachtlied II

über allen Gipfeln
ist Ruh,
In allen Wipfeln
Spürest du
Kaum einen Hauch;
Die Vögelein schweigen im Walde.
Warte nur, balde
Ruhest du auch.

- Johan Wolfgang von Goethe

fredag 25. november 2011

Life is a roller coaster

Eg har som regel latt bloggen min vere ein arena der eg skriv om fine og positive hendingar i mitt liv. Dette er fordi det er jo dette eg vil sjå tilbake til og hugse, og ha med meg vidare i livet. Det tyder ikkje at livet mitt er fylt av berre glede og gode dagar frå ende til ein anna: for det er det ikkje. Eg berre lar vere å blogge om det. Dei stundene eg ikkje bloggar har som regel to årsakar: anten har eg det for travelt, eller så skjer det ikkje så gode ting i livet og eg føler eg ikkje har noko særleg å blogge om. Men, av og til må det få vere greitt å skrive om triste stunder, sjølv om eg eigentlig er ein optimist. Livet mitt går også opp og ned, og særleg i det siste har det svinga, og dessverre har det gått mykje i nedoverbakke.


Ein liten del av min nydelege familie. Stemor og mine to halvbrødre - Aleksander og Nathaniel.

Eg tenkjer først og fremst på min familie der heime, som er råka av brannen. Eg forstår det ikkje endå, for det heile er så uverkeleg. Spesielt når eg sit her i Bergen. Skadene etter brannen er visst større enn eg først trudde. Det går ikkje ann å bu i huset, og omtrent alt det materielle er tapt. For å seie det slik stemora mi sa det: Det har det dei går i. Dei har heldigvis fått leige ein ny plass å bu, nett no. Tida framover er usikker, men dei snakka om å kanskje kjøpe det huset dei skal leige, for det er truleg ikkje mogeleg å flytte tilbake til huset eg vaks opp i. No startar ein epoke der familien må byggje seg opp igjen. Heilt primitive saker som dyner til alle, nye kle og handkle, må kjøpast inn. Det blir økonomisk hardt, sjølv om inboforsikring dekker noko. Men å erstatte det materielle for ein familie på 7, over mange år, det lar seg ikkje erstatte. Alle juleforbedelsane er sjølvsagt også tapt. Arvegodset frå mine besteforeldre. Mykje gamle fotografier. Det lar seg aldri ersatte. Å kanskje aldri skulle gå omkring på gården i feriene, staden eg vaks opp i. Der eg har så mykje minner frå. Det gjer vond å tenkje på. Og eg kan ikkje ein gong tenke meg korleis dei heime har det no. Det må følest litt stusselig, litt tomt, litt trist, mykje bekymringer. Truleg får dei støtte og gode ord fra vennar og anna familie omkring.

Så frå å glede meg til juleferie, gruer eg meg ein del no. Gruer meg for å kome heime og møte synet av brannen og dei nye omstendene. Eg veit ikkje heilt kva forhåpningar eg kan ha til julefeiringa no, sjølv om samhaldet er det viktigaste. Eg håpar det ikkje pregar feiringa for mykje, men det er vanskeleg å tenkje seg til noko no - fordi eg skal kome heim til noko som ikkje lenger er min eigentlege heim.

Det har i grunn skjedd mykje detta året. Det har vore mykje fine stunder, men også mykje vondt. Helsa har vore relativt dårleg til tider, og det er noko eg har valt vekk i blogginga. Det er faktisk grunnen til at eg omtrent ikkje har blogga gjennom heile sumaren.

Eg fekk diagnotisert ein kronisk tarmbetennelse etter ein del legebesøk og eit sjukehusbesøk, i sumar. Før eg fekk diagnosen gjekk eg rundt i uvisse, med mykje ubehag og smerter i magen, dårleg matlyst og kjensla av å ikkje ha greie på kva som feila meg. Legen kunne ikkje utelukke noko før ho visste det sikkert, og ho sa ho ikkje kunne utelukke at det var kreft, men dog at det var lite sannsynleg. Heldigvis var det jo ikkje dette, og eg har vore relativt heldig med omfanget av sjukdommen. Den er svingande, men heldigvis har eg, og har hatt relativt milde symptom. Likevel har det vore hardt til tider: Ei stund i sumar var det så ille at eg fekk vondt av omtrent all maten eg åt. Etter fleire månader med medisiner er sjukdommen heldigvis lite merkbar. Eg får smerter i magen til tider, spesielt dersom eg ikkje passar på kosthaldet, men alt i alt er det store forbetringar. Sjukdommen er likevel kronisk, den opptrer gjerne i anfall. Den kan forsvinne, men komme att om 3 måndar, 5 eller 10 år, og kanskje opptrer den verre då. Det kan eg aldri vite, og den sett litt omgrensingar til tider. Til dømes har eg det siste halvåret hatt episoder der eg har fått vondt i magen etter kun to-tre glass med vin, og det er forferdeleg keisamt. Sjukdommen gjer og til at eg er redd for at den skal kome i vegen for at eg får reist til Argentina. Nett no ser verken eg eller legen nokon fare i det, og eg er forsikra om at eg skal få ein fast lege der nede som eg kan henvende meg til dersom eg blir sjuk under opphaldet. Likevel så klarer eg ikkje slå frå meg tanken om at eg kan bli dårleg før eg skal reise, og dermed ikkje få reist. Slik tenker eg i dårlege stunder, sjølv om eg veit at det er bortkasta å tenke på den måten. Dei siste månadane har eg stilt meg positivt til sjukdommen, og det har vore viktig. Eg tenkjer ikkje særleg over den, sjølv om eg veit at den er der. Det er berre noko eg må lære meg å leve med.

I tillegg har det vore litt kjipt å ha ein ekstra eksamen å jobbe med, detta semesteret. Det har gjort til at eg ikkje har kunne fokusere så mykje på dei faga eg har eksamen i no, og som har gjort at eg har jobba mykje med studier dette halvåret. Det har vore lærerikt å repetere, og eg blei jo belønna med ein god karakter. Men eg skulle likevel ynskje at eg ikkje hadde blitt sjuk på eksamensdagen i vår. Det var så unødvendig å måtte bli det, der og då kjentes det som eit lite personleg knekk, og det har stressa meg gjennom sumaren og fram til den nye eksamensdatoen.

Når eg tenkjer tilbake på våren, så framtonar den seg litt som eit virrvarr av blanda kjenslar: Mykje følelsar rundt kjærleik og sorg, som har tatt mykje tankerom og energi. Samstundes har dette håpet som ein finn om våren, gjett meg gode kjenslar. Samstundes med kjensla av å ikkje heilt kjenne seg sjølv, til tider.

Eg klarer meg greit nok med tanke på eksamenskonsentrasjonen. Eg får lest, men burde sjølvsagt ha byrja tidlegare. Dagane er rett og slett fylt opp med eksamenslesing, og det er slitsamt. Eg har ikkje ein gong gleda meg noko særleg til desembermånaden, som eg eigentleg elskar. I morgon og søndag skal eg jobbe seinvakt også, og før det blir det eksamenslesing. Ikkje den mest kjekkaste helga på lenge, akkurat. Eg håpar desto at vaktene på sjukeheimen kan bli koselege og at det er eit greitt avbrekk frå eksamenslesinga. Eg er likevel sliten, og slike fredagskvelder som dette skulle eg ynskje eg hadde ein kjærast som eg kunne vere med, eller at eg hadde hatt familien rundt meg. Eg har heldigvis gode vennar, og eg har mottatt fine ord og støtte dei siste dagane for hendingane rundt brannen, og det set eg pris på.

Det høyres jo kanskje ut som dette er mykje negativt, og det er det jo til tider. Spesielt i slike mørke tider, der ein stressar over eksamen. Eg er klar over at tida framover kan bli litt hard med tanke på familieomstendigheitane, men samstundes er eg innstilt på å gjere det beste ut av det. Å ta vare på samholdet i familien, å gje kjærleik, å prøve å sjå positivt på omstendigheitane. Så er eg klar til å kome sterkt tilbake, og å vere klar for nye utfordringar til nyåret. Eg tenkjer at dette er ein fase i livet eg berre må kome meg gjennom, kanskje med ein klem eller to. Så får eg tenkje at det er lov til å vere litt lei meg akkurat no - så lenge eg ikkje blir det for lenge.





onsdag 23. november 2011

A family sticks together when they need it the most

Uhell skjer. I dag har vore ein litt trist dag for familien min. Det du fryktar kan skje, men håper at det aldri vil skje: som å opne avisa og lese at eit hus står i flammer i området du er frå. Tanken om: herregud, tenk om det er heime? Men så slår du deg frå deg, for du tenke at det er usannsyneleg, at det ikkje skjer deg. Men i dag skjedde det. Etter ei stund oppdaterte lokalavisa artikkelen, og eit bilete av huset heime visste seg, med røyk sivande ut vindu, brannbil og brannmenn som står omkring. Det er eit bilete du ikkje vil sjå, tenke at det ikkje kan vere sant, men i dag var det dessverre sant.

Heldigvis vart ingen skada, og brannen blei fort teken kontroll over. Hjelpsomme naboer kom og hjalp til å prøvde å slukke og berge ut ein del materielle ting. Men skadeomfanget er likevelt stort. Det er ikkje synd på meg, men det er utruleg trist for familien min heime. Dei er fortvila, for huset er ikkje forsikra, og akkurat no er det røyk i heile huset, slik at dei ikkje kan bu der nett no. Kva som skjer vidare er ikkje godt å sei, sidan familien min ikkje har den beste økonomien. Litt urealistisk å sitje fleire titals mil heimanifrå og ikkje kunne gjere noko konkret. Å først oppdage det ved å lese avisa. Huset eg vaks opp i. Samstundes er eg takknemmeleg for at det gjekk så bra: at småsøskena mine var i barnehagen, at stemora mi var heime og våken og oppdaga det, til trass for at ingen røykvarslar gjekk.. og at brannvesenet komm så fort, då huset fort kunne ha blitt overtent. Så det er litt hell i uhell.

Det verste er at dette ikkje er første gongen det skjer. Dagens hendelse har fått meg til å tenke tilbake på brannen eg opplevde då eg var rundt ti år gamal. Den starta på loftet om natta, den brant seg gjennom taket i rommet mitt, og det var eg som først oppdaga det: Fordi eg ikkje fekk sove heile natta, grunna at eg hadde vondt i magen. Derfor blei det oppdaga fort, eg varsla mamma og pappa og vi fekk kontroll over brannen, slik at skadene ikkje blei større enn materielle skader og golv på loftet. Det var også hell i uhell. Den gongen kunne eg ha sove djupt og ikkje oppdaga det før huset hadde vore overtent. Men eg sov heldigvis ikkje den natta, og det heile blei ikkje så alvorleg.

Skadeomfanget er nok større denne gongen, og spesielt kjedeleg er det jo at det skjer så tett opp om jul. Det blir nok ingen julefeiring der i år, men det skal eg nok overleve. Det viktigaste er trass alt eg ingen er skada, så får vi ta det derfrå.

fredag 11. november 2011

Ein "normal" fredagskveld

Denna veka har vore sinnsjukt stress. Den har bestått av oppgåveskriving, stress, planlegging av faglunsj (eg sit i fagutvalet for litteraturvitskap), frokostmøte for fagutvala, baking til faglunsjen, gjennomføring av faglunsjen (som vart suksees!), skriving av semesteroppgåve. Etter ein lang dag med forelesing - ca 14 tima som hardtarbeidande student - enda med at 6 timers med arbeid plutseleg forsvant, 1 time før deadline. Treng eg å fortelje korleis eg følte meg i går kveld? Skulle feire at eg var ferdig med oppgåva, med å sjå torsdagskveld i nydalen. Enda med at det blei tårer i stadenfor latter. Så galt kan det gå, ja. Heldigvis har eg ein snill kollokvieledar som hadde sørgjeleg erfaring med datatrøbbel, og lot meg få lov til å levere seinare. Så i dag har eg reprodusert alt det tapte i løpet av nokre harde timar igjen, og har endeleg fått levert, takk og lov!

Det kjennast ekstra godt med helg no, etter denne travle veka. Så, kva tilbringer eg og resten av romkameratene i kollektivet vårt, denne kvelden med? Vel..den blir faktisk tilbragt i vår private gruppe på facebook. Her skjer det mykje internt, som av og til bør delast med omverden. Til dømes har aktiviteten på gruppen foregått slik dei siste timane, etter ein liten kattediskusjon.





Denne her kan enkelt forklarast som eit resultat at eg la ut eit bilete for å demonstrere eit poeng (at eg likar kattar - som ein del av kattediskusjonen) - og kva skjer? Jo det som kan skje, biletet blir litt misbrukt. Det har nemmeleg skjedd før.



Her er orginalbiletet, som skapte ein heftig kattediskusjon blant mine kollektivistar. Har vi katt eller ikkje hatt? Er katten ein pute eller kasta eg den ut vindauget sekundet etterpå? Tja.. sånn er livet i kollektivet vårt ein fredagskveld - fylt av meingsfulle diskusjonar i gruppa.

tirsdag 1. november 2011

Berre litt tysdagspoesi


Biletet er tatt frå ein herleg tur i haustsola, forrige måndag. Bergen viser seg igjen frå ei veldig flott og haustfin side, og det er liksom då ein verkeleg kjem til å like hausten.



Alle fargene på veg til Fløien, er amazing. No har sola trekt seg tilbake igjen, og regnet er tilbake. Sjølv om eg tidvis kan vere rimeleg lei av alt regnet, så var det utruleg forfriskande nett i dag. I sta var det så mykje regn at eg omtrent ikkje høyrde trafikken i lyden av regnet som traff asfalten, vatnet fløyt overalt, samla seg om alt lauvet og strøymde avstad. Men det var fint, for eg var i min eigen verd der eg gjekk under den store raude paraplyen min og støvlane, ogdå er det jo heilt greitt at det regnar mykje.

Eg kunne heller fortalt at eg har brukt heile 3 timar i dag på å fylle ut noko byråkratiske skjema av Gjensidige. Eg meiner - 3 tima! Berre for å prøve å skrive opp alle legebesøka, og alle medisinane dei siste fem åra, snakk om å gjere research og vri hjernen, fem år tilbake, og eg har faktisk vore alt for mykje til legen! Nei... no er papira sendt og eg har dei ute av systemet for ei stund, og det er bra, for dei har vore på skrivebordet mitt i nokre veker og gjett meg dårleg samvitt, men no er dei ikkje i augesyn lenger, og det er fint. Det var så lite interessant å fortelje om i grunn, om det og sortering i papir og sånt arbeid som du berre må gjere av og til, men som er kjedeleg.

Men, det som er fint å tenke på, at det i dag berre er ein månad att til desembermånad, og 1 måned og ei veke til juleferie. Herleg, fin, sjuk, flott, tanke.

Og sa eg at eg fekk B på den eksamen min, som eg ikkje hadde så store forhåpningar om? Det er veldig OK, sidan ingen fekk A, med andre ord så er det B - for best, eller brave.


Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...