fredag 14. januar 2011

Utfordring: # Dag 1 av 30


Egypt 2008, in the submarine at the Red Sea.

Så byrjar eg på den 30-dagers utfordringa, som lova. Dette kan bli interessant. Eg har i midlertid hatt det veldig kjekt med å gjennomføre den første utfordringa, som altså er å skrive femten fine eller spennande fakta om meg, pluss eit bilete. So, siden eg allereie har visst eit bilete, så er det berre å halde fram med å skrive femten fakta. Ver så god:
  1. Det er jo fint å starte med kortid eg har bursdag. Nemmelig på slutten av sommaren når egentlig ingen er heime, det er sånn nokre dagar før skulestart og alle utnyttar tida til å reise eller har allereie flytta. Nei ikkje alle, men mange. Sidan eg har bursdag 13. august så var det alltid for tidleg å synge bursdagssang til meg på skuleavslutninga før sommaren, men ingen huska å synge det når vi kom tilbake til skulen. Trist, men sant. Så her har du ei jente som opp gjennom grunnskulen har vore i manko på bursdagssongar.

  2. Det kan vel nevnast at mamma også har bursdag 13. august. Ja, det er sant, eg vart fødd på hennar 25 års dag! Om det var tidenes verste eller beste bursdag for hennar del tør eg ikkje heilt spørre om, men eg trur ikkje ho ber nag sidan vi har kommt til einighet om følgande: På 25 års dagen min og då hennar 50 års dag skal vi altså reise på cruise på det blå hav. Visstnok på mi rekning, men eg har litt i tvil at økonomien min er såpass om fire og noko år.

    Som om ikkje det er nok så skal det bli stor ståhei på aldersheimen når vi i følge mamma begge bur på samme rom den dagen eg fyller 75 og ho 100. For då skal ho endelig sprette sin hellige Astrupvin. For dei som ikkje forstår så er dette ein veldig ekslusiv vin laga av rabbarbara frå Astruptunet der mamma har jobba mange år i sitt liv, og det eksisterer ikkje mange av denne vinen. Om ho ikkje blir 100 så har mamma sagt at vinen skal vere med henne i grava.

  3. Eg er halvt tysk. Mamma er eigentlig frå Nord-tyskland, heilt til grensa ved Danmark og flytta til Noreg for å gifte seg med pappa då ho var berre 18 år! Pikenavnet hennar er Wippermann, noko eg er evig glad for at eg ikkje arva. Om ikkje anna kunne det kanskje ha vore mitt mellomnavn. Tenk deg initaliene E.W.E? Heftig. Så meir til slekta mi: Eg har berre to søskenbarn! Desse er i tillegg tyske, det vil seie at eg ikkje har søskenborn i Noregs land! Heilt sant. Til gjengjeld har eg no allereie 5 søsken og ein nevø.

  4. Eg går no litteraturvitenskap, det er i alle fall dei emna eg startar på om få dagar. Eigentlig kom eg inn på bachelor i Kunsthistorie, men eg søkte intern overgang til litteraturen. Men eigentlig så var kunsthistorie nummer to på lista. Eg ville studere årsstudium i Psykologi, men kom ikkje inn. Den dag i dag er eg eigentlig litt glad for det, når eg høyrer kor vanskeleg det er. Sjølv om det sikkert hadde vore spennande. Derimot har eg aldri vore sikker på kor eg skulle ende opp, for eg har hatt alt mellom himmel og jord på søknadslista mi og vurdert mykje meir. Året før, altså i den meining å studere rett frå vidergående hadde eg faktisk ei stund store ambisjonar om å flytte til Trondheim og studere årsstudium i geografi. Så var det samfunnsfaglige emner på lista, førskulestudier med vekt på kunstfag og ergoterapi og historie. I 2009 kom eg inn på bachelor i Historie og hadde eg takka ja så hadde eg gått i same 'klasse' som Anders. Men eg var absolutt ikkje klar for å studere då, takka nei og tok meg eit friår og tjente ein del pengar. Anna har eg vurdert både lærar og ernæringsemner, men mangler god nok mattekarakter og realfag som kjemi og fysikk.

  5. For grunnen til at eg har eit svakt vitnemål med tanke på realfag er at eg gjekk musikklinja på Firda VGS. Eg hadde ikkje muligheta til å ta dei faga eg då ville ha trengt grunna at timeplanen var fyllt med allslags musikkfag. Dog angrer eg eigentlig ikkje. Eg fekk den finaste klassa og lærte mykje spennande i dei ulike musikkfaga. Først hadde eg gitar som hovudinstrument, men skifta andre året til bassgitar, og gav meg sjølv ei lita utfordring. Men det var kjekt å lære noko nytt og på eksamenskonserten min kunne eg nok til å fortjene ein 4ar på hovudinstrumentet mitt. Så eg er eigentlig fornøgd.

  6. I følge tannlegen min som eg var hos i sommar så har eg endå ei melketann. Og antageligvis kjem den til å vere ei melketann eit par år til.

  7. Eg er medlem av både Amnesty og Leger uten Grenser, var ein gang aktiv i Natur og Ungdom og deltok på eit landsmøte. Har også vore medlem i speidaren i nesten 10 år.

  8. Eg har ikkje børsta håret mitt på over ei veke no. Det er fordi eg glømte børsta mi heime, og når det kjem til børster, så er eg kresen og vil helst berre bruka naturbørsta mi frå The Body Shop. Det byrjar å vokse fram nokon dreads bak i håret ja.

  9. Eg multitasker når det gjeld serier. For tida driv eg endeleg å avsluttar LOST siste sesong, sesong 4 av Gilmore Girls, sesong 1 av Frustrerte Fruer, sesong 2 av True Blood, sesong 1 av Vampire Dairies, Glee, sesong 1 av the O.C. Den einaste serien eg har sett ferdig er Six Feet Under, My So-called Life, Mot i Brøstet og Sex and the City. Vidare har eg store planar om å sjå Prison Break, Mad Men, House... Ja, ogsåvidare. Serier er kjekt!

  10. Eg har hatt navlepiercing to gongar. Den første gongen mista eg bakdelen på piercingssmykket og fant den aldri igjen, slik at eg måtte ta den ut og den grodde igjen til eg fant den att. Andre gongen måtte eg ta den ut fordi mamma trudde eg ikkje tolte piercingsmykket og det var opphavet for alt vondt (les; forferdelig stygg hoste). Det visste seg imidlertid at hosta holdt fram lenge etter det. Synd, for eg saknar piercingen no. Det var forresten broren min som pierca meg begge gongar, og det gjekk heilt fint, fint det!

  11. Eg er veldig glad i Haruki Murakami sine bøker. Den japanske forfattaren får meg til å fryse på ryggen, til å tenke nye tankar og til å ta meg langt avstad til handlingane i bøkene, og der kan eg vere ei stund etterpå i tankene.

  12. Mine favorittbrettspel er Alias, Trivial Pursuit og Risk. Spesielt liker eg kunnskapsspel der ein får heilt unyttige spørsmål som ein av og til overraskande nok kan svaret på.

  13. Eit mål i livet har alltid vore å få publisert eigne skriverier, og det har eg på ein måte oppnåd. Eg har fått publisert ei kjærleiksnovelle (forferdelig klisjèaktig) i ei bok som TL-klubben har ut gitt. Med andre ord ikkje så veldig stort. I tillegg har eg fått trykt to dikt i barneombudets bok om BARN, utgitt på universitetsforlaget, ei veldig stor og tjukk bok. Det var spesielt heftig å få vere med på bokutgivelse og feiring av FN-konvensjon i store festsal i Oslo, og etterpå bli invitert i toppetasjen hos barneombudets lokaler og bli omtatt som forfattara og prate med nøkkelpersonar som Reidar Hjermann. Veldig hyggelig!
    Men eit neste mål er då få utgitt bok eller ei diktsamling ein gong.

  14. Fortida har eg ekstremt merkelige og levande drømmer. I natt til dømes hadde eg ein metadrøm. Eg drømte at eg drømte, men det var nok meir komplisert enn som så. Når eg våkna i drømmen fikk eg greie på at eg visstnok hadde vært våken og vore med på ein dramatisk hendelse, men som eg ikkje kunne huske i det heile tatt i drømmen, noko som gjorde meg litt lunatic. Natta før drømte at eg var barnepike og at barnefaren la ann på meg, rett foran barnemora.

  15. Eg har hatt ufattelig mange bloggar. Den første bloggen min oppretta eg som fjortenåring, altså i 2004, og var ein sprayblogg som eg faktisk trur eksisterar endå. Eg trur eg kalla meg thechild eller noko, som forresten var mitt første brukarnavn på bua. Sidan har sikkert hatt tre eller fire andre bloggar, før eg har enda opp her som 'the georgian planet' og blogspot. Eg har forresten ein wordpress-adresse der eg berre skriv engelsk, men som ingen eigentlig veit om.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...