tirsdag 27. desember 2011

Stille etter stormen


Snikk-titt frå julaftan

Hadde eigentleg tenkt å skrive kor koseleg dei siste dagane før jul og julaftan var, men før eg riktig rakk det ble tilveiret litt snudd grunna orkanen som plutseleg var over oss med voldsom styrke. Hadde gleda meg voldsomt til å få venninner på besøk, 1.juledag plar vi å samlast for enten å feste eller berre kose oss. Det er sjansen til å samle gjenger frå grunnskulen no når dei fleste er heime på juleferie. Det blei dessverre ikkje slik denna gongen. Orkanen fekk taksteinar til å fly og kaffetraktarar til å kortslutte, og tilslutt forsvant straumen også. Då var det ikkje anna å gjere enn å avlyse kosekvelden.

Natta der orkanen herja var eg heilt aleine: hadde eg vore klok hadde eg takka ja til å reise til pappa og stemor, men eg fant det for godt å vere heime. Då straumen gjekk forsvant også mobilnettet, så då var det forseint. Så den natta var eg aleine og høyrte korleis vinden styrte på, og håpte på at straumen skulle dukke opp ein gong. Eg halvsov litt, og ein gong våkna eg og kikka ut glaset, og synes at eg såg alle julelysa, og tenkte då at straumen var kome tilbake. Men då eg våkna dagen etterpå var det ingen straum, men alt var vindstille. Framleis ikkje dekning, men eg fant ut at eg skulle gå til det nye huset der pappa og stemor bur no. Dei kom heldigvis akkurat heim då eg hadde gått den lange vegen opp. Dei visste sjølvsagt ingenting om når straumen kom tilbake eller noko. Saman samla vi oss inne. Desember utan lys blir fort mørkt. Med stearinlysa tent satt vi og halvsov klokka to/halv tre om ettermiddagen, og trudde klokka var meir i 8-9 tida på kvelden. Vi sov i i håp om å sove til straumen kom tilbake og dermed få kontakt med omverda. Tenkte at mamma var bekymra som ikkje fekk kontakt med oss. Etterkvart fant vi at klokka framleis ikkje var så mykje, og at vi difor måtte finne på noko. Vi fant ut at vi skulle ta ein kjøyretur, slik at vi samstundes kunne høyre på radioen.

Difor fant vi ut at vi skulle heim til den gamle gården slik at dei kunne hente nokre ting i det brannskada huset, samstundes som eg endeleg skulle få møte synet av det brannherja barndomsheimen. Det var mørkt og uhyggeleg, røyklukta slo mot oss før eg var komme inn døra, samstundes som eg møtte synet av tjukke lag med aske som låg i den forholdsvis uskada delen av huset. Vidare møtte eg synet av halvsmelta plast og endeleg ut i leiligheta som var totaltskadd. Så underleg at brann kan gjere så mykje skade; måten den riv ned takkledningar og får alt til å sjå sotete og halvsmelta ut. Hadde sett for meg det heile som meir svart. Huset var jo sjølvsagt utan strøm og med regnet utanfor og vinden som ulte og med lommelykter som kasta spøkelsesaktige skjær, var det nesten som å vere i ein skrekkfilm. Men det føltes heilt greitt, det var eigentleg slik eg hadde sett skadene for meg.

Dagen i går utan straum verka så uendeleg lang. Då vi kom tilbake spelte vi spel for å få tida til å gå. Alias fekk tankane mine vekk frå den uhyggelege og straumlause tilvera ei stund, sjølv om det gnagde i bakhaudet og eg ikkje var i det beste spelehumøret. Men det var nok, godt nok. For plutseleg såg eg ut vindauget og oppdagar at heile byggjefeltet på andre sidan har fått tilbake straumen, og det gjer oss håp. Vi blir gira, men lurar samstundes på kvifor dei har fått strøm og ikkje oss. Vi håpar litt, men i det samme vi sluttar å tru at vi skal få den tilbake fortløpande, kjem plutseleg alle lysa på: Det er ein fantastisk kjensle: Med jubelrop spring vi ut på kjøkkenet og byrjar å tilberede kaffe og te, for dette har vore det største saknet i den straumlause tilvera. Men før vi har rukket å tilberede ferdig kaffen, forsvinn strømmen att; ja, tenkte vi ikkje at det var for godt til å vere sant. Den har forsvunnet frå den andre sidan som for litt sidan lyste opp, og dette gjer til at vi mistar det nyoppståtte håpet.

Så vi sit i mørket, og klagar over at vi ikkje rakk å lage kaffe eller te. Har gjett opp håpet, og kjem med erkjennelser som at vi nok kan glømme å få den tilbake i kveld: men i det dei magiske orda er uttalt, kjem straumen tilbake att: denne gongen berre hos oss og nokre gatelykter nedanfor, og no var den kommt for å bli, til lykke for oss alle. Nesten eit døgn etter at den forsvant. Eit døgn som har kjennast ekstra langt, i mørkret. Sjølv om uveiret riktignok ikkje er heilt over, kosar vi oss med dagens første kaffe klokka åtte om kvelden, vi klistrar oss framfor tvskjermen for å få oppdateringar om orkanen på nyheitene, og tv-bileta med alle dei enorme ødeleggelsane får oss nærmast i sjokk: Det er mange store skader nordover og mange som endå mangler strøm. Vi føler oss heldige som ikkje har opplevd store skader, og skjønar at vi har komme heldig unna frå orkanen, i forhold til andre stader.

Eg tenkjer på kor avhengig vi er blitt av strøm, kor omfattande det hadde blitt om ein elektromagnetisk storm hadde oppstått: alt det som ikkje vil fungere, som vi er som avhengige av for å fungere. Det eine døgnet utan straum var uhyggeleg nok, spesielt på vintertids. Den sitt godt at i kroppen, og heilt er det jo ikkje over. For eg har endå ikkje nettdekning på mobilen, å ryktene skal ha det til at eg kanskje ikkje får det før om ei veke. Ei veke, det er jo i 2012 det! Eg tenkjer på alle eg skulle ha kommunisert med før det, og kor vanskeleg det blir å nå enkelte. Vanskeleg har det vore, og det er jo ikkje over endå. Mamma skulle ha kommt heim i dag men sit værfast i Hardanger, forhåpentlegvis kjem ho seg heim i morgon. Broren min måtte uventa overnatte i Førde ettersom at uveiret skapte ras og stengde vegar, men er no endeleg kommt heim. Det verste er likevel at eg føler at det eine døgnet med straum var fælt nok, og enda har eg venner som sitter på sitt andre døgn utan straum og tilgang til kontakt med omverden. Også tenkt korleis det vil bli med ein slik feil som gjer til at straumen er vekke frå oss i mange mange dagar, kanskje til og med månedar? Eg berre grøssar av tanken. Pris elektrisiteten, seier no eg! (og spar den, slik at fleire får nytte seg av den).

I det minste har eg fått lest ein god del i ferien, overraskande mykje til no. Det har gått i Dan Brown, Thomas Espedal og Vigdis Hjort. Likevel skulle eg ynskje at eg hadde vore litt meir sosial. Det har blitt for lite av det denne ferien så langt, og eg kjedar meg ein tanke. Forhåpentligvis blir det ein koseleg nyttårsfeiring med både familier og seinare vennar, så eg håpar og trur at nyåret kan by på litt koseligare og betre dagar enn det romjula så langt har bydd på.




1 kommentar:

  1. Det er kanskje litt stygt å si det, men jeg er nesten litt misunnelig. Elsker når strømmen går, og vi tvinges til å tenne stearinlys og spille brettspill og lage mat i peisen.

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...