torsdag 5. januar 2012

Totusenogtolv

Så har eg rulla inn i det nye året, bokstavleg talt. Nyttårsaften var litt av eit matgilde: Sein frukost, lunsj, kake klokka fire, middag klokka seks: pinnekjøt, nepestappe med meir til tilbehør, dessert: fantastisk sjokolademousse med vaniljesaus. To timar seinare blei det satt snacks på bordet, etter ein del synging og speling. Så tok eg på meg ytterklea og reiste med kake i hendene til ei venninne. Der kom resten av denne fantastiske gjengen:



Det blei prata, spelt alias, drukket kaffe og nokre småkaker. Etterkvart som klokka nærma seg tolv krøyp vi ut i kulda:


For å sjå på slike lysande skudd i lufta og ynskje kvarandre eit godt nytt år



Vårt lag (rødt) var heilt suverene. Dette medførte lagbytte.


Søstre klar for ein koseleg aften!



Etter det gjekk vi ned til ein anna familie. Der fekk vi gode klemmar og premiere på ein fersk redigert film frå ein alpetur i 2006, noko som var ein veldig koseleg start på det nye året. Etter det blei det mat nok ein gong: Saltmat, te og juice. Etterkvart som det blei litt over to timar over midnatt, blei vi alle veldig trøtte, og med eit smil om munnen gjekk vi heim og sov endå nokre timar inn i det nye året.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...