mandag 9. januar 2012

Omtale av Min Kamp 5




Min Kamp 5 – Karl Ove Knausgård


Eg har hatt denne boka på vent heilt sidan sumarferien. Eg leste ut nummer tre og fire i sommar og byrja akkurat på nummer fem i slutten av ferien. Men sidan vart det ein kort ferietur, og etter det byrja semesteret der eg måtte byrje å lese på 102-eksamen med ein gong, samstundes som eg skulle følgje med dei nye faga. Difor måtte eg legge denne på vent.

Men fortvil ikkje! Juleferien kom jo den også til slutt, og den er vel forsåvidt ikkje heilt slutt endå. Heldigvis for meg har eg rukket å få opp lesargleda og fått lest ein del bøker som eg har hatt lyst til i juleferien.

Min kamp 5 stod altså først for tur. Det var eg viss om. Spesielt interessant sidan denne boka faktisk handlar om Knausgård som litteraturstudent i Bergen. Ja, nett som meg. Det seier seg sjølv at dette gjer lesaropplevinga ekstra interessant. Saker som å gjenkjenne pensum, forelesera og det som ellers skjedde innan det litterære miljøet gjer det spennande. I tillegg til at også skildringane og tankane hans kring Bergen også bidreg til dette. Min Kamp-bøkene har også vore spesielt interessant for meg som Jølstring, sidan han skriv om heimstaden min i alle sine bøker. Med andre ord får eg tidvis ein kjensle av at eg har mykje til felles med Knausgård, noko som gjer til at min lesaropplevelse blir kanskje litt spesiel i samanlikning til andre som ikkje vil ha så god kjennskap til heimbygda mi, litteraturen og miljøet i Bergen. Dog eg merkar det når eg les at eg samanliknar korleis dette miljøet har forandra seg frå korleis eg opplever dette i dag.


Eg er faktisk eigentleg ganske glad for at eg aldri fekk tid til å lese den før semesteret byrja, for ved å halde den på vent medan eg har tatt nye litteraturfag, har den gjort til at eg har kunne klare å ta ein god del litteraturteoretiske referanser (innimellom også intertekstuelle innslag) som eg ikkje ville ha tatt om eg hadde lest før haustsemesteret. Ikkje at det eigentleg hadde gjort nevnverdig mykje, men det er noko med å lese ein roman og kjenne seg att i mykje av det han skriv om livet som litteraturstudent, og ikkje minst sitte å nikke for seg sjølv og kunne ta del i tankeretningane hans om klassiske verk som Den guddommelige kommedie eller hans interesse for litteraturteoretikara som Derrida og liknande.

Men nok om dette, dette er jo berre ein liten del av sjølve romanen, sjølv om det er dette som formar jeg-et gjennom alle dei 500 sidene. Endå klarer eg ikkje heilt å plassere nummer 5 i forhold til dei andre bøkene. Eg har faktisk ingen formeining om eg liker denne betre enn dei andre, sjølv om eg har høyrt fleire seie det. For meg blir det veldig vanskeleg å setje eit skilje, ettersom bøkene på godt og vondt tek opp ulike sider ved hans liv. Det er lett å skulle like denne boka best, sidan eg på mange måtar er i det livsstadiet som jeg-et er i romanen. Samstundes har eg til tider nytt betre av Min Kamp 2, sidan store delar av den romanen handlar meir om hans vaksenliv, og på mange måtar kjenner eg at hans tankerekker i den romanen blir nærmare enn det dei vil bli i nummer 5, fordi det faktisk er nærmare i tid. Ja, for av og til har eg fått meg til å undre korleis han kan memorere alle desse filosofiske tankerekkene som han hadde som 8 eller 16-åring. Det er jo sjølvsagt her ein kan byrje å prøve å trekke skiljet mellom fiksjon og sjølvbiografi. Eg trur dette er noko av det som mest imponerer meg mest med heile skrivestilen til Knausgård, og det er at hans skrivestil er så overbevisande at det i grunn ikkje er mogeleg å trekke eit slik skilje, og det er eg glad for. For det er jo nettopp dette som gjer Knausgårds Min Kamp-serie orginal og fornyande i ein lang litteraturtradisjon


Men det narrative skifter også fokus, og som Marte skriv i sin omtale av Min Kamp 1 – er det noko med overgongane i dei ulike livssituasjonane som også gjer lesinga spennande. Denne stadige bruken av analepse og prolepse - for å bruke det narrative fagspråket, gjev inntrykket av at ein aldri heilt blir uttømt for hendingar i hans liv. Faren med dette er vel kanskje at ein lett kan bli lei, men dette synes eg i stor grad forteljaren unngår, ettersom det er imponerande mykje spennande å lese om. Alt frå festing på Island med Björk, til særdeles skremmande skildringar om sommarjobbing på institusjon for vannskapte menneskjer. Hans utlevering av sitt liv og han rundt han er av og til så hjerteskjærande at det gjer vondt. Eg beundrar han for å tørre å gjere dette. I løpet av desse fem bøkene som eg har lest til no, føler eg at han har utlevert store delar av sjelen sin, noko som eg føler det er heller få som faktisk gjer i dag.

Det hender likevel at eg av og til er litt usikker på om han hadde trengt å skrive om enkelte av hendingar, i alle fall har det vore parti der eg synes det har vore litt kjedeleg å lese. På den andre sidan har det vore delar som har vore så gode at det gjer opp for det meste. Dette trur eg også er ein balansegong i skrivestilen hans, for ellers ville det ikkje beste delane kanskje ha vore like gode. Det er noko med å ha ein spenningskurve. Alt i alt var dette nok ein god lesaropplevelse, men eg er endå usikker på om dette har vore den beste av alle til no. Framleis har eg den siste til gode, og den har eg planar om å vente med å lese ei god stund til.

Mange samanliknar Knausgård opp mot Espedal, og det ligg vel i den sjølvbiografiske stilen med dei så utruleg ærleg og brutale utleveringane. Anna enn det har eg litt vanskeleg å skulle samanlikne dei to for mykje. Espedal sitt språk er ikkje likt Knausgård, han er ein sann mester med ord, og hans språk er poetisk. Medan Knausgård dominerer med realistiske skildringar og ein filosofisk skrivestil. Begge har funnet sin eiga skrivestil: eg trur ikkje Espedal ville ha mestra Knausgård sin, og Knausgård ville ikkje ha mestra Espedal sin. Det er vel greitt også, ellers ville ikkje uttrykket særeiget gjett så stor meining lenger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...