lørdag 21. januar 2012

Shame (2011)

Ein av dei finaste gåvene eg fekk til jul, er kinogåvekortet frå min mor 'nissen'. "Gaven alle bytter med glede", står det på gåvekortet. Fantastisk flott tiltak i grunn. Eg elskar å gå på kino, men det er ofte ein dyr luksus i magre tider. Men når ein har fått kinogåvekort så går ein på kino med det beste samvitt, fordi det er jo det gåvekortet skal brukas til. Det er ein herleg kjensle, og dei 8 bilettane blir etterkvart til 8 filmopplevelsar.

Til no har eg brukt to av dei. Sist helg såg eg 'A dangerous method', som er basert på ein biografisk historie om Freud og Dr.Jungs liv i tida då psykoanalysen blei til. Filmen var grei nok, men den var til tider litt langsom, samstundes som handlingsgongen strekte seg over lang tid, og den hoppa i tid frå tid, noko som gav ein kjensle av å berre så vidt risse inn i dela av historia. Men skuespelarane var jo flinke, veldig spesielt å sjå Keira Knightley spele ein gal kvinneleg pasient. Likevel vart det nesten for mykje av det gode.

I går gjekk eg og Randi for å sjå Shame, ein film vi hadde snakka mykje om og gleda oss til.

Eit kort synopsis av handlinga, tjuvlånt frå Bergen Kino sin heimside:

"Brandon (Michael Fassbender) har alt. God jobb og flott leilighet midt på Manhattan. Han er høy, mørk og vakker. Har selvtillit og karisma. Kort sagt, han er drømmemannen. Men bak den perfekte fasaden skjuler det seg en ensom mann. For Brandon klarer ikke nære forhold. Han har ingen venner eller familie. I tillegg har han et umettelig behov for sex. Et evig jag etter seksuell beruselse og tilfredsstillelse. Noe som kanskje ikke er et problem for en moderne mann i New York,der tilgangen til uforpliktende sex er enorm. Inn i Brandons liv stormer søsteren Sissy (Carey Mulligan). Hun har er sterkt behov for omsorg og omtanke. Kan hun finne det hos Brandon? De er jo familie, og familie skal ta vare på hverandre"





Michael Fassbender spelar sin rolle som hovudpersonen Brandon på ein talentfull og glimrande måte. Han minnar ein del om karakteren Don Drapter i Mad Men, med den så tilsynelatande kalkulærte utseende, vakker utad, men med ein hard kjerne inni. Dette blir i filmen tidvis vist nærmast i hjerteskjæreande episoder, der Brandon kollapser i møte med nære kjenslar. Det heile er dessutan utførleg filma ved å fokusere kamera frå orginale vinklar (som i det siste biletet der vi får ein heil lang krangel filma bakfrå). Den særs lidenskapeleg komponerte, men likevel til tider voldsomme orkesteret som akkompagnerer det visuelle, gjer vil tider antiklimatiske tendenser som nesten skapar ubehag hos publikum.

Det er ikkje mange karakterer med i filmen, men dei som er med, gjev inntrykk. Søstera til Brandon, Sissy blir ein varm og behageleg karakter opp mot den harde Brandon. Til trass for at dei er søsken, er dei likevel forferdeleg ulike. Samstundes har begge alvorlege problem som kryssar kvarandre i søskenforholdet, og som fører til ein vond splittelse.

Handlinga blir etterkvart dystrare og dystrare. I eit parti i filmen er det vanskeleg å skilje det narrative, og bruken av analepser og prolepser blir brukt om kvarandre for å skape eit surrealistisk og drømmeaktig tilvere. Brandons seksuelle problem blir vist på den mest sjelsetjande måten, der filmens klimaks blir nådd i ein homoseksuell swingersclub. Lange og nærmast pornografiske sexscener blir toppa av eit lydbilete dominert av hans søsters desperate stemme i telefonsvareren, som etterkvart blir til antiklimatisk filmmusikk. Det heile blir løyst i ein lang og reflekterande togscene, der noko uventa skjer. Dette får Brandon til å opne auga, og han spring heim for å finne søstera i hans kanskje verste mareritt. Det endar likevel godt, forholdet mellom søster og bror ser ut til å bli betre i det Brandon tillet seg å kome nærmare søstera, samstundes som heile filmen blir avslutta med ein fantastisk cliffhanger. Ein ikkje får svar på om den mystiske og sensuelle kvinna som han møtte i byrjinga av filmen, får ei tyding i hans liv eller ikkje. Med dette i minnet har regissøren gjort sitt for aktivisere publikum til å tenkje, lenge etter at rulleteksten har sklidd ned over kinolerretet.

Ein av dei betre filmane eg har sett på lenge, og som på riktig vis har fått annerkjennelse.

1 kommentar:

  1. Lenge siden jeg har sett noen filmer som helst i det siste, egentlig... Hørtes bra ut. Liker de litteraturteoretiske uttrykka dine :p

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...