onsdag 25. januar 2012

Fødselsskrekk

La meg byrje dette sære blogginnlegget med å fortelje om at eg ikkje er gravid, til trass for ein slik oppsiktsvekkjande tittel. Eg har heller ingen veldig nære planar om å bli det. Likevel, dette hindrar meg ikkje i å ha fødselsskrekk, eller skrekk for å føde. Ja, skrekk er dei heilt riktige orda i denne samanhengen.

Jo, for det har seg nemmeleg slik at etter inntak av omega 3, så plar eg å få absurde draumar, som attpåtil framstår for meg som ekstremt levande. I natt opplevde eg att ein slik absurd og alt for levande draum: Denne gongen at eg var gravid som dermed tydde at eg i løpet av ei tid måtte forberede meg på å føde. Eg har hatt ein like levande draum før nokre månedar sidan: Den gongen var eg plutselig gravid på den niande månaden, og måtte straks forberede meg på å dra til fødestova. Hallo! For eit sjokk eg fekk då eg innsåg det i draumen min. Eg følte meg snytt for 8 månedar med forberedelsetid, og nekta rett og slett tanken på å føde. Eg var heilt panikkslagen, og visste ikkje kva eg skulle gjere. For eg ville på død og liv ikkje føde, men eg innsåg også i draumen at det kom til å bli veldig vanskeleg å ikkje skulle gjere det. Eg huska at det kjentes ut som eg skulle svime av, og eg var sikker på at kom til å ha så store smerter at eg kom til å dø. Eg våkna heldigvis før eg skulle føde, og det første eg gjorde var å kjenne at eg ikkje hadde ein stor mage, samstundes som eg grein av glede då eg innsåg at eg ikkje var gravid. Likevel festa det seg eit ekstremt ubehag i meg. Den skrekken er det noko av det fælaste eg har kjent på lenge.

I natt drømte eg altså atter ein gong at eg var gravid. Denne gongen var eg så vidt på veg, og det var jo endå lenge til eg skulle føde. Likevel hadde eg den same panikkkjensla som sist. Eg var heilt skrekkslagen på heile tanken om å skulle føde, og visste ikkje kva eg skulle gjere. For no var det forseint, ja for i draumen så var ikkje abort noko spørsmål ein gong. Då eg våkna hadde eg same ubehag som sist, samtidig den lettelsen då eg innsåg at det nok ein gong berre var ein draum.

Likevel, så har dette fått meg til å innsjå kva det faktisk innebere å skulle føde. Eg har alltid hatt eit avslappa forhold til dette og har tenkt at eg nok skal ha mine eigne barn ein dag. No er eg derimot usikker, for etter draumene å tyde, kjem eg til å ha totalt panikk for fødselen. Ja, eg ser for meg at eg kjeme til å hyperventilere og vel så det, samstundes som eg kjeme til å prøve alt for å halde att, sjølv om eg veit det er fånyttes. Korleis kjem alle desse mødrene seg gjennom fødslane? Nei, det står det respekt av. Likevel er det så normalt, og likevel er eg så skrekkslagen.

Kanskje det er best at eg adopterar i staden, og heller passar godt på prevenasjonen i framtida, eller så treng eg beroligande og ein psykolog som kan guide meg gjennom denne altoppslukande skrekken.


1 kommentar:

  1. Jeg har hatt de drømmene, jeg også. Men tenk heller på det på denne måten: Av alle de kvinnene der ute i verden må de finnes noen som er livredde for å føde og likevel har gjort det frivillig. Gleden ved å få et barn er større enn smerten og skrekken ved å føde det - hvorfor har vi ellers søsken?

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...