onsdag 22. februar 2012

Når ein er sjuk

Det er ikkje til å legge sjul på at det å vere sjuk, kan vere særs keisamt. Eg blir iallfall særs rastlaus etterkvart av å ligge på sofaen med dyna over meg, og ikkje ha energi til å gjere noko særleg. Dette er tilfellet no. Eg er litt småsjuk på dag 2: med feber, stygg hoste, halsvond og generel slappheit. Eg var lei allereie i går føremiddag. Dette grunna ei ganske heftig, svevnlaus natt, med feberfantasi og kløe over heile kroppen. I dag hadde eg akkurat nok energi til å kome meg på seminar, men det krevde sitt då eg prøvde å avgrense hostinga i 3 timar. No i kveld er eg tilbake til status quo, og er superrastlaus. Det er unødvendig å nemne at eg i tillegg lid av noko som kallas dårleg samvitt ovanfor pensumlesing, men på ein annan side har ein gyldig grunn når ein er sjuk. Det gjer litt for mykje vondt i sjela om ein både skal vere sjuk og bruke den energien ein har til disposisjon, til å lese pensum.

Nei, då må ein nesten gjere alt ein kan for å halde på humøret, slik at ein snøgare kan bli frisk! Så, kva kan ein gjere? Kan like gjerne lage ein 'what-to-do-list-when-ill-and-bored'

1. Sjå på serier, sjølvsagt! Dette funker til ein viss grad, spesielt dersom ein har mange gode serier til disposisjon. Om ein skal få opp humøret, så er 'Sex and the city' ein sikker vinnar. Elles funkar Ally McBeal, Mad Men, Twin Peaks og liknande godt det også.

2. Når ein er lei av å sjå serier, så kan ein jo alltids prøve å lese i ein fin bok. Akkurat no går det i Vente, Blinke av Gunnhild Øyehaug.

3. Har ein litt tråd og nokre pinner, så set i veg i å strikke. Det spelar ikkje så stor rolle om det ikkje blir fint. Ein har i all høve tidsfordriv.

4. Pusle! Bli ferdig med det everlasting puslespelet på 2000 brikkar!

5. Drikk absurd mange koppar med te og honning for å bli raskare frisk.

6. Om ein har litt energi, så kan ein rydde romme og skifte sengtøy sånn at ein får ein litt koslegare atmosfære.

7. Om du framleis har litt meir energi, lag deilig bærpai!

8. Sjå gjennom gamle bileter, det er alltid hyggeleg.

9. Om du er så tappa for energi at du ikkje orkar noko av det ovanfor, men likevel ikkje vil sove, så kan ein setje på eit fint album på Spotify eller liknande, og legge seg ned og lukke auga.

10. Har du takvindu, stirr opp og håp på stjernehimmel.

11. Be til høgare makter om at du snart blir frisk, og sov!

---

Vonar om å bli frisk fort, for byrjar å bli lei av lista mi. Er heller klar for meir trening og sosialt. Jaja, god helse alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...