mandag 14. februar 2011

Lille kyklop

Fine jenter, fin kveld, fine minner. All kjærleik til desse på Valentinsdagen.

I natt har eg verkeleg hatt merkelege draumer. For det første var det ein draum der ein lastebil delte seg, og kom flygande i lufta mot meg og ei venninne, og dens tre flygande deler var centimeter i frå å kveste nokon av oss til pinneved. Deretter er det nytt scenebilete; ein ny draum står for tur, ein ganske så grotesk ein. Jo, for i det eine augonblikk har eg ein type tjukk ståltråd i handa, i neste augonblikk er den vekk, men på ein eller anna måte har eg klart å KUTTE meg i auget med ståltråden. Ja, for i draumen kjenner eg plutseleg ein underleg kjensle i auget; det blir varmt og mykje blod renn. Det er heilt sjukt, men det var så ektefølt at ein nesten skulle tru at det ikkje var ein draum. Det kjentes verkeleg ut som det var mykje varmt blod som rant frå auga, og i drømmen gjekk eg skrekkslagen til speilet og såg at eg hadde skåret meg i halve auget. I panikken henvendte eg meg til dei som var rundt meg, for det var nokre, blant anna mamma. Eg spurte mamma om eg ikkje burde reise til legevakta. Ho kom bort og såg på meg, verka dog litt for lite ottefull, og seier ho skal spørje ein anna som kanskje har peiling. Plutseleg, ja for alle er sjølvsagt på rommet mitt, så kjem ein som også tar same litteraturemna som meg, inn døra, og ser verkeleg ut som ein lærd mann, som om han var eit orakel eller noko. Han studerer også auget mitt, men seier ingenting. Nei, så plutseleg ligg eg i senga mi, som i eit slags sjukeleike, og det er mange folk rundt meg, mange nære og kjente. Ein eg ikkje heilt huskar kven var, kjem bort og legg seg i senga og byrjar å kose med meg, tydeligvis som trøst for min skade. Deretter etter litt for mykje intimitet (mens mange ser på), kjem sjølvaste samlivseksperten frå KK.no, Peder Kjøs (korleis han får ein rolle i denne absurde drømmen min er eit mysterium) og skal også trøste meg. Heldigvis er klokka blitt 07.00, og vekkerklokka ringer, og eg kan letta våkne og konstantere at auget mitt er heilt og at eg ikkje har leika meg med ståltråd.

I dag har eg undra meg litt over denne drømmen, og har kome fram til at det må vere litteraturen vi hanskas med fortida, som er årsaken til denne groteske draumen. For i Kong Oidipus, stikk nettopp Oidipus augene sine mot slutten. Som kjent i Odysseen, stikk sjølve Odyssevs ut augene på kyklopen, og skildringane i tragedien og eposet er ganske så ufine. Med andre ord, så har eg fått litt for mykje av desse skildringane. Ja, kvifor eg skulle få same sjebne som kyklopen er jammen ikkje lett å tolke, så dersom nokon har ein god teori om nattens hendelsar så er det berre å fortelje.

Elles har eg tilbragt denne så store og omtalte valentinsdagen med å akkurat unngå tradisjonen på noko sødmefylt vis. For det første gløymte eg at det var dagen før nokre kom til å nevne det i ein setning på seminar i dag, men heldigvis kom ikkje seminarledaren med nokre tørre vitsar om sjølve dagen, anna enn at han "ellers ønskte oss ein god mandag vidare". Så har eg vore så gjev at eg har fått lest unna 100 sider av Odysseen i dag, noko som vil seie at eg ikkje har mykje att av eposet. I stadenfor kickboxing i dag, blei det til at eg og Oda og ein firbeint som ho skal passe i fire veker, gjekk oss ein tur på Fløien. Turen var ikkje så tung, bortsett frå at den mot slutten blei litt av ei livsfarlig oppleving, då det var klink is då vi nærma oss toppen, og då vi nedover valgte den andre vegen, i håp om at den skulle vere betre, og regelrett ikkje hadde anna val enn å faktisk skli på isen nedover. Trygt ja, så visst! Heldigvis kom vi oss tilbake til byen i livet, ein fin tur var det no i alle fall. No er det vel snart på tide og legge hovudet på ein mosepute og drømme nye, mystiske draumer. Bon nuit!

3 kommentarer:

  1. I natt drømte jeg at jeg blei høy på pepperspray, og at det var sinnssykt digg. Jeg... ja.

    Sjøl sov jeg bort hele Valentine's. La meg klokka halv ti om morran, sov til fire, var våken i en halvtime, sovna igjen, og våkna omsider halv tolv om kvelden. JESS!

    SvarSlett
  2. Sv; Å, Eva, du er så snill. Jeg har deg på Bloglovin siden jeg ikke er sånn google-blogger. Når er det du fyller år?

    SvarSlett
  3. Du drømmer rart. :) Men det er jo det fine med drømmer, de er helt absurde, og så er det jo helt ufarlig når man våkner.

    :)

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...