mandag 28. februar 2011

21 bursdagslys til ei vis gudinne

Bursdagsjenta i dag.

Kjære Tessa har fødselsdag i dag og fyller heile 21 år. Gud, kor fort tida går då. Eg tykkjer det nesten ikkje er lenge sidan vi endå gjekk på ungdomsskulen på Skei. Samtidig som vidergående på Firda også ikkje virka så lenge sidan. Likevel er vi er både ferdige med grunnskulen og VGS og er no altså både vaksne og studentar, og fyller detta året 21 år. Først ut er altså Tessa, som gjennom 9 år i same klasse, var den 2. eldste i klassen. Eg som nettopp følar at vi har fyllt atten, og no er vi allereie inne i det 21 året av vore liv.

Uansett, 21 år er da ikkje så veldig gamalt. Som Tessa sa sjølv, så kjenner ho seg urgamal, men at med alderen som kjem visdommen. Det er nok sant. Vis er då såvisst, men endå er du ikkje så veldig gamal. Du er ei ung, vakker og klok jente. 21 år er berre eit tal, men likefullt er det fødselsdagen hennar, og det må vi jo feire!

Håpar du får ei strålande dag i dag og er klar for nye eventyr utover dei neste åra av ditt 20-årige liv. Eg er i alle fall klar for å finne på ny eventyr med denna fantastiske jenta! Håpar å få besøkt deg i løpet av veka og feira dagen, no som eg er heime.

Gratulerer så mykje med dagen Tessa <3.

1 kommentar:

  1. Oioi...blondie dilux liksom :p

    Men ellers...tusen takk <3 :D

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...