onsdag 2. februar 2011

Blod, svette og tårer

Preikestolen i sumar. Det var blod, svette og tårer, men verdt det då vi kom til toppen.

Nokre dagar så ligg det berre i korta at dagen kjem til å bli eit blodslit. Altså, ikkje i bokstaveleg forstand sjølvsagt, men at ein likevel får ein fornemming av å ha blodsmak i munnen gjennom dagen. I dag minner litt om ein slik dag med blodsmak på tunga.

Dagen byrja klokka 07.00 då vekkerklokka ringte. Frosten hadde eg i meg då eg gjekk til kjøkkenet, stiv i ryggen og armane etter mandagens kickboxing. Kroppen min skreik som vaneleg etter kaffe, den skreik smerte, men den skreik også etter eit pledd som kunne varme den kalde kroppen min.

Det var harde val: Presskannekaffe som krev litt tid og tolmod men som eg garantert vil våkne og få energi av, eller ein enkel kopp med te, eit val som ville gjere slik at eg kunne kome meg raskt tilbake i varmen.
Valet falt på det siste, og ikkje før tekokaren var ferdig med å varme vatn, tusla eg raskt tilbaket til dyna og senga og satte meg til rette for å våkne litt, samtidig som eg åpna Lyrikkens liv i det von om å få lest sidene om rytme og metrikk, til dagens forelesing. Min geniale plan var å lese heime før 10.15 - forelesinga i staden for lesesalen. Tanken på å forlate varmen innan kort tid for å finne konsentrasjonen på lesesalen, var nesten utenkeleg, til trass for at det var det gode tilfellet dagen før.

Ikkje før eg hadde fått i meg litt varme, meldte haudepinen seg; den skar gjennom det stakkars lille hovudet mitt som tusen knivar. Eg kjende meg trøtt, sliten og endå småkald, slettes ikkje klar for forelesing, men fornuften fortalte meg at jo; du skal på forelesing, ei lita haudeplage er då ikkje god nok grunn til å gå glipp av Atle Kittang.

Lyrikkens liv
fekk der i mot lite merksemd av meg dei neste to timane før forelesing, då alt frå påkleding til frokost var litt av ei etappe. Ein skulle nesten tru at eg hadde jernlunger som gjorde kvar minste oppgåve til ei utfordring. Smått om seint, kunne det virke som (til trass for at eg hadde forferdeleg god tid) kom eg meg ut døra etter ei lenger påkledning, der eg må tusle fram og tilbake for å finne den eine ytterplagget etter det andre. Sjølvsagt måtte eg inn ein ekstra tur for å hente den attgløymde mobilen, då eg nett hadde fått på meg skoa. Sjølv skopåkleding var smertefullt med tanke på dei såre musklane som stakkarsleg nok måtte strekke på seg.

I det eg kjem ut på gata byrjar regndråpene å blåse som herlege kalde piskeslag mot ansiktet. Ja, sjølvsagt tok eg ikkje med paraplyen nett i dag, fordi at gjennom vindauget såg det då ganske så tørt ut. Men nei, av dei ekte bergensarane har du endå ikkje lært deg det Eva, at du alltid skal ha ein paraply tilgjengeleg kor enn du går i denne vidstrakte by.
Men eg er allereie ut av døra, og tanken på opp att dei to etasjene med trapper, virka umenneskeleg.

Så, det var vel berre å bite i det syrlege eplet og kome seg avgårde, satse på at hua mi og vottane likevel vil halde meg varm.
Vinden var dessverre ikkje heilt uproblematisk og gjer dei 25 minuttane med vandring til ein særdeles kald oppleving. Heldigvis ser det ut til at eg har litt flaks då eg endeleg har nådd toppen av Bergen by etter ei massiv tung ferd opp trappene til Johanneskirka. Sjølv på ein god dag er trappene voldsomme, og på ein dag med jernlunger der i mot.. har eg ikkje fleire metaforer for å skildre slitet. Det beste eg kan seie er at dei som går der til dagleg veit kva eg snakkar om, så kan du plusse på jernlungen. Say no more.

I det eg endeleg når toppen og kan beundre den store raude kyrkja får eg ein openbaring: Hell no! Dagen kan jammen utstyre meg med utfordringa, men eg nektar å la ein merkelapp styre mitt humør, heretter skal eg ta dagen med strak arm og gjere den til den betre.

For jo, lykken smiler litt til meg då kantinekøa er særs behageleg og eg støter på mange smilande andlet. Sjølv om koorderinga er litt dårleg og det lyser "stakkarsleg" av meg gjennom heile Sydneshaugen skole, er menneskemengda der i mot god. Ein gentleman av ein proffessor er så venleg å halde døra open for meg då eg må balansere meg ut av kantina med kaffien i handa. Inne i Audatorium R sit det nokre få morgenfriske sjeler og smiler og helser til meg i det eg gjer min inngang. Søte Sara har som vanleg funnet seg plass i midtrekka og klappar muntert på setet ved siden av seg i den oppfordring at eg skal setje meg der. Uten dei store ulykker klarer eg å presse meg inn i rekka og gjere meg klar for ny kunnskap.

Salen fyll seg sakte opp, og Atle Kittang held nok ein gang ein formidabel forelesing om lyrikken der vi både knekk mysteriene omkring rytme, metrikk, klang og bestemmelsestetthet og selvrefleksitet i eit dikt. Audatoriumet er prega av stemninga til engaskjerte medelevar og forelesar, og litt kaffisøl blir som ein bagatell å rekne. Forelesinga endar med gode miner, ny læring og med den vennlege tanke om at klokka endå berre er 12.

Ein betre lunsj med rosinboller og te blir inntatt medan eg er i godt selskap med mine kunsthistorievenar og venar frå filosofi og idèhistorie. Vi snakkar om alt mellom himmel og jord. Frå Hamarøy til Hamsun, til nazisten Hamsun til Mozart, frå Mozart til Hamsun igjen og til Max Manus. Klokka nærmar seg 14.00 etterkvart som minutta snik seg avgårde i den lange lunsjen, og vi alle ser vår fornuft i å bringe dagen vidare sjølv om vi godt kunne ha snakka i mist to timar til.

Det ser ut til å vere eit taktisk val, då Bergensveiret forunderleg nok viser seg frå ei snill regnfri side. Eg kan gå tørrskodd heim. Dagen har snudd, lykken har snudd! Dagen er ikkje så dum likevel til trass for at eg må slite og svette meg gjennom ein tung to-timers treningsøkt, men som kjennas så uendeleg godt etterpå då eg til kvelds kosar meg på veldig norskt vist med rundstykke og brunost og te. Ein herleg kombo.

For å seie det slik eit klokt menneskje sa: For å ha medgang må ein oppleve litt motgang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...