fredag 11. februar 2011

Ekornet og Herr. forelesar



Sidan det er fredag og helg, må vi ha litt koselege vennebileter! Dette er meg og fine Jorunn. På den fantastiske roadtripen vår til Stavanger september 2009.



Enda meir koselege bileter, og endå ein roadtrip. Denna gongen var det vår fantastiske roadtrip frå Jølster i nord, til Stavanger i sørvest, til Kristiansand i sør og oppatt østover og til vestlandet igjen. Shortsen min sklir opp, og Kjersti har endå på seg pysjen sin. Haha, sorry, men det er ganske komisk! (Kjersti gløymte å skifte pysjen sin før vi satte avgårde, og dermed var ho reisande i pysjshorts den første dagen ;)




Nok eit fantastisk bilete frå den same roadtripen. Søte Kjersti og Tessa på ferga, på veg til Hardanger og Vik.


Eg føle meg som eit ekorn fortida; alt eg har lyst til er å ete nøtter dagen lang. Ikkje at det er dumt då; nøtter skal etter sigende vere sunt. Dog eg sikkert går for dei usunne variantane. Dette er den tredje! dagen denna veka eg har gått på butikken eins ærend aleine berre grunna cravings etter nøtter: Eg har enda opp med youghurtnøtter, hasselnøtter med sjokoladetrekk, chilinøtter, cashewnøtter. Oh yes, ein god blanding, fantastisk godt. Eg hadde også mandel liggande, så i dag har eg jammen meg ete mandel til smoothies også. Mandler er jo veldig sunt, og eg liker faktisk å ete mandlende heilt råe. Rått er rått! Det er muleg at eg blir til eit ekorn dei neste dagane.. Eva Ekorn. Ekorn Eva, det passa jo bra det! Kjersti er dessverre ikkje heime no, så dersom forvandlinga skulle vere eit faktum kan det hende ho kjeme heim til eit ekorn, og ikkje skjønnar mykje. Heldigvis så lese Kjersti bloggen min, med andre ord så skjønnar ho vel etterkvart at eg er ekornet som har funnet vegen inn til 31A. Så Kjersti, då synes eg du skal ta godt vare på meg og sage ned eit eiget tre til meg, plassere det i stova og fore meg med nøtter dagen lang. Dessuten hadde det vore fint om du hadde skaffa ein partner til meg, i same størrelse. På forhånd tusen takk!

Nokre huskar kanskje skildringa mi av Herr.forelesar. Den mystiske og litt eksentriske forelesaren ja, som til tider virka splitte pine gal. For å få bekrefta at dette ikkje berre var eit eingongstilfelle, så skal eg fortelje om torsdagens forelesing. For dette var nemmeleg siste forlesing med Herr.forelesar. Naturleg nok skulle vi i siste time gå tilbake litt og repetere kunnskapen frå første forelesing, og først som sist måtte vi ha ei vinflaske for å demonstrere guden Dianysos og hans piker, vin og sang. Berre at denna gongen så satte han ein uopna vinflaske ved bordet. Som sist rynka eg skeptisk på brynna, men gjorde denne gongen ikkje noko stort nummer av det; det var jo trass alt å forvente av forelesaren.

Det var ikkje før mot slutten av dobbeltimen at Herr.forelsar fullbyrda sitt rykte. Smidig trakk han fram endå ei vinflaske. Ein gresk vin med kvae i, slettes ikkje kvitvin, poengterte han. Med eit stort glis såg han utover den lille forsamlinga og overraska alle. "Ja, vi må vel smake på vinen, må vi ikke?"
Alle studentane smiler fårete. Spøker han no eller er han faktisk seriøs? Selvfølgelig spøker han ikkje, dette er jo trass alt den utrulege Herr. forelesar, dette har han så visst planlagt. Før vi rekk å blunke har han funnet fram plastglas og vinåpnar.

I Dionysos ånd blir vinen inntatt i Audatorium R, klokka 15.30 ein torsdagsettermiddag ved Sydneshaugen Skole. Alle som ein listar vi oss fram for å få eit beger med denne kunnskapsrike vinen med kvae i. Dog, det blir med eit halvt glass. Herr. forelesar slår av ein tørr vits om at det endå er ein time for tidleg å bli full på.

Stemninga blir likevel særdeles god, og ivrig noterer vi dei siste viktige fakta medan vi nippar til gresk vin. Nok ein gong, ein spennande forelesing i litteraturvitenskapen. Lukkeleg forlet vi rommet 16.00, der vinflaskene blir plassert som suspekte gjenstandar i bosspannet i audatoriumet, til undring for den neste som kjem innom rommet.

4 kommentarer:

  1. Yoghurtnøtterrrr <3 Arrr, fikk så sinnssykt smaken på det da jeg var hos deg, og jeg spiser det i ett kjør her. Litt irriterende, med tanke på hvor dyrt det er og at det jo som kjent ikke er blant de sunneste nøttetypene :( Og vin i skolesammenheng er fantastisk! Syns fortsatt det var helt genialt da klassen min på fhs drakk champagne med klasseforstanderne etter vel gjennomført elevkveld :3

    SvarSlett
  2. Mandla er fantastisk... Dei fungerar supert som både mellommåltid og snop, så eg handlar alltid inn ein stor pose når eg er på butikken. Nesten avhengig av dei:p

    SvarSlett
  3. NØDDÅR! Elsker nøtter! Cashew, mandler, pistasjnøtter, valnøtter, peanøtter, nøtter med sjokoladetrekk, chilinøtter, nøtteblandinger med rosiner i; det spiller ingen rolle, bare det er nøtter kan det komme opp i nøtteboksen min. Jeg har min egen nøtteboks som rommer akkurat én stor nøttepose, sånne med zip-lås.

    SvarSlett
  4. Bra det ikkje berre meg som har nøttedilla. Nøtter for the win! Yeah :D.

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...