mandag 28. februar 2011

Oppgåveskriving; eit moderne dramastykke i tre akter

Fordi eg har byrja å trekke paralellar frå alt vi lære på Universitetet og litterturvitenskapen og til det kvardagslige, så tenkte eg at eg likegodt kunne oppsummere denna oppgåveskrivande dagen som i eit tradisjonelt realistisk/naturlistisk/klassisk dramastykke. Nemmeleg som eit dramastykke i tre aktar, som følger eit likeså dramaturgisk oppbygging.


OPPGÅVESKRIVING

- Eit moderne dramastykke i tre akter.

AKT 1

(Eva byrjar dagen tidleg med friskt mot. Ein stad i ei Vestlandsk bygd mellom fjordar, fjell og isbrear sit Eva inne ved skrivebordet, etter å ha inntatt ein betre frukost. Sola har stige opp bak dei mektige fjell, himmelen er skyfri og evigblå og snøen tindrar og smeltar litt om litt og renn utover asfalten som eit byrjande vårteikn.)

EVA. No skal mysteriene rundt Pastor Manders i Gengangere knekkast i ei betre dramaanalyse.
FACEBOOK. (er blå. nye oppdateringer. 9 påloggende. ingen nye varsler).



EVA. (logger ut av facebook, set seg til rette i stolen og slår opp bøkene).
No må eg tenke! (skifter posisjon, set brillene på nasa og klør seg i panna).
OPENOFFICE. (markør; blinker, blinker, blinker). Det som er viktig å huske når ein nærmar seg ein karakter analytisk..
EVA. OK, eg treng kaffe, and then - better get going! (reiser seg frå bordet, går ut på kjøkkenet og maler kaffe)



(Dagen er endå ung, klokka har endå ikkje slått tolv og sola rører endå berre lett opp mot fjellsidene. Konsentrasjonen byrjar å ta form inne oppholdsrommet, og lyden av hamring mot tastatur kan høres gjennom hele huset).

EVA. Jo, det ser da ut som noko tar form her. (Smiler frå øyre til øyre)
(hamrar vidare på tastaturet.)
OPENOFFICE. (raser bortover og nedover og fyller sidene med svarte bokstavar). Pastor Manders som dramatisk person har ein statisk karakter....



(Føremiddagen går ubemerka over i ettermiddag. Sola når inn stovevindauget og sola lokkar så lett med sitt lystige spel. Snart byrjar konsentrasjonen å sakte men sikkert ebbe ut. Distraksjonene kjem attende)


FACEBOOK. (blå. 3 nye varsler. 24 påloggende). PLING, PLING, PLING. (En ny melding fra...).
EVA. Nei nei, no har eg blitt alt for ukonsentrert. Best å ta seg ein gåtur endå mens sola er her. Veiret må jo utnyttas, og ein pause fortjener eg.
(logger av facebook, kler på seg ytterkle og går ut døra og møter den friske og byrjande vårlufta.)
EVA. Skal sei det var fint. (Smiler og byrjar å gå ut mot den blenkande innsjøen. Tida går..)

AKT 2


(Det har blitt ettermiddag. Blåtimen kan skuast gjennom vindauget. Stillheiten er trykkande. Eva sit foran skrivebordet i det turkise værelset. Det er kaldt, kaffen er lunken og bøkene oppslått, nok ein gong.)



EVA. (ser ned i kruset, det er tomt.) Å gud og fader. Har enden nådd meg? Tom for kaffe!
OPENOFFICE. (markør; blinker, blinker, blinker).
EVA. (puster tungt, rister på haudet, slår opp i skriveboka.) Nei, endå noko som må med i analysen. Fanden ta den Ibsen då, som skal lage eit så egna materiale til analyse!



(blafringa av side som vendast om. klakking av fingrar mot skrivebordet. Eit tungt sukk kjem frå Eva.)

EVA. Åh, eg er så lei. Snart er det over, snart! Må berre få ned dei siste poenga på det dumme dokumentet. (mediterer, tenker hardt).
Hey, eg har det. MUSIKK, det gjer susen! (knipsar med fingrane og nikker tilfreds over sitt fantastiske påfunn).
SPOTIFY. (klikk, klikk. spilleliste. starred). Oh-oooh, I got a feeliiiing. (Christina Aguilera fløyesmjuke stemme spring ut av høgtalarane på macen).
EVA. (prøver å synge med, leser i ei bok samstundes, skriver litt.)
OPENOFFICE. (markør; blink, blink). Fru Alving gjennomgår ei karakterforandring...
EVA. (skriv så blekkar sprutar, tida går..).
SPOTIFY. (spelar musikk).


AKT 3



(Det er kveld. Eva gjespar, gnir seg i augene og les over oppgåva høgt for seg sjølv. Rettar eit par bokmålsord, her og der.)

EVA. (leser høgt for seg sjølv). Dette er begrep som Ibsen..Neinei, det heiter omgrep på nynorsk, Eva!
OPENOFFICE. (markør; klikk, klikk, klikk). Dette er omgrep som Ibsen...
EVA. (setter endeleg punktum). Sånn! Då var det endeleg berre å sende dette på mail til Hellokitty! (ler litt for seg sjølv).
WEBMAIL. (logger inn, eer014...). (INBOX: ingen nye meldinger).
EVA. Åh ja så her, der var mailen til kollokvieledaren. Håpa du blir fornøgd! (tastar inn mailen til kollokvieledar, legg ved dokument; drama.doc. trykkjer på send.) (venter i spenning).
WEBMAIL. (melding sent).
EVA. (djupt utpust). EG HAR LEVERT. JAAA, HURRA! (rekk hendene opp i veiret og jublar).
Godt, då var det overstått. No er det endeleg litt ferie, sjølv med pensumlesing.



(Macen er varm. Eva er trøtt, men akk så glad. Spring ut på kjøkenet og lager seg mat.)

EVA. Godt å vere ferdig for denne gong, no er det berre å få det godkjent. Enn så lenge så nyt eg denne gleden. (smiler resten av kvelden.).

---

Jøss, kanskje eg burde byrje å skrive drama på ordntli, så kanskje blir eg den neste Ibsen. Hihi.

3 kommentarer:

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...