fredag 4. februar 2011

Friday




Hurra for fredag, hurra for helg! HF-fakultet har vore så kjekke at dei har hatt fagutval eller møte eller eit slags, slik at det ikkje har vore undervisning i dag. Tidleg helg gjer oss studentar veldig lite, og derfor så har vi sett fram til denne dagen heile veka, det for det meste det som har haldt motet vårt våken! Neida, eg tuller, vi har det jo så fint. Likevel har vi snakka om denne fredagen sidan mandag, sidan vi alle har sett fram til å kunne sove lenge igjen.

Gjett om vi gjorde! Eg sov i alle fall til klokka var omkring 11.30. Deretter tok eg meg all verdas tid, og ein betre frukost blei inntatt klokka 13.00. Eggerøre, tomatbønner og rundstykker samt ein kopp te etterfulgt av presskannekaffe blei dagens store kokkekunst. Medan eg satt i stova saman med romvenninne og ein venn på besøk, spekulerte vi i kva dagen skulle brukas til. Vennen, som vi kaller for KS, snakkar om å finne eit treningssenter for å trene ein gratistime. Eg følgjer derimot litt dårleg med, og får berre med meg delar av det som blir sagt.
KS: "...Måseskjæret 3".
Meg: "Er det ein ny film eller?".
KS: "Eh nei, det er adressa til SATS-senteret".

Samtalen held fram like spennande, og nye gullkorn kjem til. Det har visst lyna og tordna voldsomt i Bergen i natt, noko som har gått meg hus forbi, til trass for at eg la meg klokka 02.00. Har tydelegvis sove som stein, og i den anledning måtte eg jo spørre kortid det lynte.
Meg: "Kortid var det at det lyna og tordna i natt då?"
KS: "Onsdag?"
Meg: "Hæ, onsdag? Nei eg meina i natt.."
KS: "Spurte du ikkje kortid det var lynlotto då?"
Det er enkelte ting som tyder på at eg og KS har litt problem med å forstå kvarandre til tider, til trass for at vi begge har ein form for nynorsk-dialekt. Dog, min sunnfjord-dialekt er visst ikkje heilt forståelig for sogningen. Akk, det er ikkje første gangen vi ikkje forstår kvarandre, for å seie det slik. Uansett, litt seinare, vi diskuterer framleis treningsmuligheitane, og KS og Kjersti synes det er synd at ingen av dei er studentar og har treningskort. Eg kjem med forslag om at Kjersti og KS kan vere med i svømmehallen, og låne nokon sine studentkort. Dog, det er jo ikkje så veldig realistisk. Det er då KS kjem med sine geniale idé.
KS: "Hey, vi skal ikkje reise til Vannkanten då og bade?".
Meg og Kjersti "Jaaaa".

Vi finn ut at Vestkanten også har eit SATS-senter, og blir einige om at vi skal utnytte ein gratisprøvetime før ein tur til badeanlegget. Raskt hiv vi oss rundt og samlar saman det vi treng; treningskle, badekle og dei viktigaste verdisakene, samt for min del; kaffe i den nye SIB-termokruset mitt. Vi spring ned alle dei vakre brolagte gatene klar for nye eventyr; lenge leve spontaniteten!

På vegen diskuterer vi den tilsynelatande nye filmen "Måsekjæret 3", og kjem fram til at det kanskje blir vår oppgåve å regissere filmen. Plottet er ein nordlandsk-humorfilm der handlinga sjølvsagt må vere i Lofoten. Resten er dog endå ikkje planlagt, så innspel er hjarteleg velkommen.

I det vi går forbi Norli, kjem KS med ein av sine betre idèar igjen.
KS: "Vi skal ikkje ta å ha kjøpe oss ein sånn lita bok til å ha med på fest i måra dao, vi må jo ha høgtlesing".
Meg: "Ei lita bok hæh?"
KS: "Ja, ei sånn lita ei eg kan putte ned i lomma og ta med".
Meg: "Ah, ei lommebok! Genialt!". Akk, humor på sitt beste.

Trening og Vannkanten blei det, både sklie (men ikkje den skumle 60 km/t for min del) og boblebad. Deilig! Etterpå gjekk vi og kjøpte oss milkshake, men måtte skuffandes nok vente i 20 minutt etter vi hadde betalt før vi fekk dei. Milkshaken var dog god, men ikkje like god som den på Bar Barista og definitivt ikkje verdt 20 hungrige minutt med venting og 43 fattige kr.

Vi kom endeleg inn at døra rundt halv åtte, etter å ha tatt ein full 44-buss til sentrum. Sidan har vi snakka om morgondagens store hendelse; vi skal på bytur! Jepp, nok ein gang ut på nye eventyr, og vi skal visstnok på vorspiel på eit hotellrom, saman med 30-40 bygdefolk. Det kan ikkje anna enn å bli spennande.

I den hending eg rydda rommet, fant eg ut at eg skulle prøve nokre av kjolane mine som heng og støver i skåpet, for å finne ut kva eg skal ha på meg i morgon. Slik at eg slepp den altoppslukande kva-skal-eg-kle-meg-i-panikken, ein time før festen. På same tid fant eg også ut at eg skulle gjere noko eg aldri gjer til vanleg: Outfitbilete! Eh, men det blei til at eg berre prøvde eit antrekk. Eg trur kanskje vi kan konstantere at slikt ikkje heilt er meg, eller? I alle fall er antrekket på bileteta ovanfor eit alterantiv - men eg veit ikkja heilt, stropplausekjoler er alltid ei plage på fest då dei alltid skal skli, skli, skli.

Det endar vel mest truleg med at eg uansett får den panikkkjensla ein time før vi skal gå, sidan eg er så flink til å ombestemme meg. Men, vi får vel etterlate dette mysteriet til morgondagen.

God helg!

3 kommentarer:

  1. Ah, jeg blei oppriktig glad av å lese det innlegget her <3 Feel-good! Håper helga var bra, og at søndagen fortsetter i samme stil! (:

    SvarSlett
  2. Haha! Fin kommunikasjon og godt beskreve :)

    SvarSlett
  3. Hei :) Eg må ha solbriller på ! Men ?

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...