mandag 21. februar 2011

Utruleg

Tenk deg at du er student. Du er ein student og du har vore ein pliktoppfyllande borgar i 25 år av ditt liv, har jobba sidan du var 16 år og vore lovlydig og betalt skatt nett slik som alle andre. Tenk deg at du er student, at du ein dag opplever å bli sjuk og ikkje klarer å gjennomføre eit semester, grunna tidlegare ufrivillig hending i ditt liv som har ført deg til denne uheldige situasjonen. Tenk deg at dette semesteret er avgjerande for å oppnå nok studiepoeng slik at du kan halde fram med å få studielån frå Lånekassa. Likevel så går det ikkje, fordi du er sjuk. Så står du der, som student og må ta til på eit nytt semester utan studielån. Utan sparepengar fordi dei måtte du bruke for livsopphald forrige semester. Ikkje minst, utan jobb; fordi du mista deltidsjobben du hadde grunna sjukdommen.

Men du karrer deg opp, du blir frisk igjen og er klar for å forsetje med studiet som du verkeleg brenn for, men det er berre eit problem. Heilt til du får deg ein jobb og kan byrje å få ei inntekt igjen, er du blakk. Du er så blakk at du knapt har pengar til mat. Det er kanskje ingen som kan hjelpe deg i familien, då det er dårleg økonomi heime også. Heller er det vanskeleg å få hjelp av medstudentar som så gjerne vil, fordi dei akkurat sjølv klarer seg på studielånet. Så du går og svelt, omtrent.

Dette er ein urealistisk og utenkeleg situasjon kanskje, men den er der fordi. I desperasjonen, der du kjenner svolten langt inn i ryggmargen, oppsøker du som ein siste utveg, NAV. For NAV skal i realiteten kunne tilby ei nødhjelpsordning. Denne nødhjelpsordninga vil også i realiteten kunne hjelpe deg slik at du ikkje skal svelte i hel. I realiteten, ja. Det er berre det at er du student, så er det ikkje lenger realitet. Er du student, kan du berre drite i å prøve å søke om ei nødhjelpsordning, sjølv om du svelt. Fordi er du student, så har du ikkje denne rettigheita, uansett, berre fordi du er student. Nei, løysinga då skal vere så drastisk at ein må slutte på studiene, slik at ein kan stå som arbeidsledig og få dagpengar, dersom du ikkje vil svelte.

Tenk deg denne situasjonen, trur du den er urealistisk? Nei, for den er faktisk tilfellet. Det er ein ekte situasjon. Det er utruleg, men det er sant. For dette er faktisk kvardagen for Epione fortida, som du kan lese på hennar blogg og på ein debatt her på forumet på Kvinneguiden.no.

"Jeg var hos NAV i dag. Jeg tok med meg en kontoutskrift der det står at jeg har 3,75 kroner på konto. Kunne de hjelpe? Nei, de kunne de ikke. Så lenge jeg er registrert som student, har jeg absolutt ingen rettigheter. Jeg forklarte at det forstod jeg veldig godt, men jeg hadde med meg dokumentasjon på at jeg har vært syk, og derfor ikke har rettigheter hos lånekassen. Det hadde ingenting å si. Damen bak skranken bare trakk på skuldrene. Jeg spurte om de kunne hjelpe meg å finne en deltidsjobb, men det kunne de ikke. Faktisk, eneste muligheten var om jeg formelt sluttet studiene og søkte om dagpenger." - Epione, 10.02.2011.

Skal dette verkeleg vere realiteten for studentar som havner i liknande situasjoner? Skal dette verkeleg få vere opplevinga ein møter hos NAV, slik som Epione gjorde?

Det er faktisk ikkje gjett at i eit land som Noreg, har alle studentar familie eller liknande som kan hjelpe ein i ein slik vanskeleg økonomisk situasjon. Som student kan ein faktisk oppleve å leve eit fattigmannsliv, der ein er så blakk at det gjer vondt.

I slike enkelttilfeller er det for nokre også lett å hevde at 'Jo, men det kan vel da ikkje vere så vanskeleg å skulle skaffe seg ein jobb slik at ein kan overleve?' Jo, det er det faktisk. I Bergen by er det mange studentar fortida og kniving om deltidsjobbane. Å finne seg ein jobb på denne tida er til og med vanskeleg sjølv om du kan vere fleksibel og har ein god CV med gode referansar. For dette er Epione eit levande eksempel på, som gjort det meste som overgår innsatsen til kva dei langt fleste andre studentar ville ha gjort. Ho har tråla jobbannonsar på nett, ho har vore innom vikarbyrå og ho har ringt og spurt på arbeidsplasser som ikkje har utlyst stillingar: Lenge utan å lykkas.

No ser det i midlertid ut som at situasjonen ordnar seg for Epione, og at ho får seg jobb fortløpande slik at ho i månadane framover kan jobbe og tjene nok til eit livsopphald med det mest elementere, i tillegg til å vere student utan studielån. Men dette hadde ikkje berre vore nok i denne tilspissa situasjonen, der situasjonen er ein nødsituasjon, med behov for pengar til mat.

Heldigvis har ho fått litt støtte rundt seg som har gjort til ho har klart seg; ved hjelp av ei mor som til trass for økonomien har gjett ho to bæreposar med mat, og nokre framande som etter å ha høyrt historia, har overført pengar på konto. På denne måten har ho endeleg kunne få kjøpt seg mat og ete seg mett. Slik har ho kunne få energi nok til å forsetje den hektiske kvardagen med fullt studium og aktiv jobbsøken.

Er det slik vi vil ha det i framtida? Skal det vere slik at lovlydige borgarar som gjennom mangfoldige år har jobba og betalt skatt skal kunne oppleve å møte lite velvilje hos NAV på denne måten? Skal verkeleg studentar som er i ein slik situasjon oppleve ei slik uhørt situasjon, berre fordi dei vil tjene samfunnet og vere studentar?

Kvar er logikken då? For som Epione skriv sjølv, tjenar ikkje samfunnet på at ein student må slutte på studiet, bli arbeidsledig for så å få utbetalt dagpengar over ei lenger periode, heller enn å få eit lite nødhjelp ei kort periode, heilt til ein klarer å kome seg på beina att. Det seier seg sjølv at det er noko riv ruskande gale med systemet. Det burde ikkje vere slik.

Ironien er dessutan talende. Slike skrekkhistorier vil gjere til at dei med allereie dårleg økonomisk utgangspunkt og som av ymse uheldige grunnar ikkje får studiestøtte, vil kunne oppleve dette med å studere, ikkje så nyttig likevel, men heller som umuleg for dei. Då systemet faktisk tilseier at du heller då burde slutte som student, slik at du kan bli arbeidsledig å motta dagpengar. Er dette samfunnsnyttig? Byggjer dette ned eit hiarki mellom dei rike og fattige?

Eg veit ikkje heilt, men for meg er det utruleg å forstå at NAV framleis har slike ordningar og så lite fatteevne. Det er vanskeleg for meg å forstå at ein student skal bli nekta nødhjep berre fordi ein er student. Som så mykje andre ting med denne verdi, så taler det om urettferdighet. Heilt utruleg.

2 kommentarer:

  1. Høyrast ut som eit klart lovbrot om ein mistar ein jobb på grunn av dokumentert sjukdom. Meinar ein skal ha krav på løn basert på inntekta jobben har gjeve dei siste tre månadane før sjukdomen inntraff. Det gjeld å vere regelryttar for å grave til seg det ein trenge.

    SvarSlett
  2. Fint at det ser ut som om ting ordner seg for henne, da, men likevel: forkastelig. Helt forkastelig.

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...