mandag 7. februar 2011

Laurdag - ein bytur


Sidan eg fekk ein veldig koseleg beskjed frå ein veldig kjekk bestevenn om at eg måtte blogge om laurdagen, så må eg jo gjere det. Denne bestevennen er forresten den mystiske KS. På laurdag blei vi einige om at vi skulle vere bestevenna, og kva anna kan eg gjere enn å omtale bestevennen i bloggen? Nei, sant! Eg likar deg, bestevenn. Ikkje minst likar eg Kjersti og Tessa også, derfor biletet, dei er jo verdens søtaste russ! Og eg likar sjølvsagt alle andre også som les bloggen min, så dette innlegget er dedikert til alle dei søte som vil.

Min nye bestevenn var så kjekk og snill at han inviterte meg med på 'bygdesprell i byen'. Planen var som følgjer; først ein betre middag på Egon med rundt 30 av dei deltagende, deretter hotellvors på Incity Hotell også gå og møte utelivet i Bergen by.

Det byrja med at eg og Kjersti (som veldig ofte er kronisk seint ute) var sjølvsagt litt seint ute, og klokka 19.00 då vi skulle møtast til reservert bord, var vi framleis i pyntestadiet, med litt stressfaktor innanbords. Heldigvis kom KS med sitt humorspredande smil og roa situasjonen. Humøret var på topp og drikken låg kald og fin i kjøleskapet, klart til å bli medbragt. Så endeleg kunne vi raske det med oss og gå ut av døra til klokka var 19.14. Vi trossa fornuften ved å utsetje oss for farlege værrisiko: Ingen av oss tok med oss paraply og vandra ute med jakke utan hette. Det var berre å krysse fingrane for at Bergensveiret denne laurdagen ville vise seg frå si snille sider. Heldigvis kom vi oss tørskodde ned dei fem minutta til Brygga og Egon, og kunne letta gå inn til den småkoselige resturanten.

Heldigvis var ikkje 20 minutt over tida så seint ute. Endå var det ein del som mangla, så vi kunne snike oss til bordene utan at noko kommenterte vår seien entrè.Dei som var der var i godt humør, nokre hadde allerede kjøpt seg øl og andre var berre smilande. Resten kom etterkvart, så vi fekk bestilt oss mat. Det mangla i alle fall ikkje stemning ved borda; gutane var høglytte og vi blei kjefta på litt for mange gongar av servitørane, som bad oss instendig om å dempe stemmebruken. Men koselig var det, maten var god og vi fekk prata og helst på nokre av jentene som var der. Kjempekoselig!

Då klokka var nærmare 21.00 gjekk vi frå Egon og den korte vegen til torgallmenningen og den blå steinen, rett der som hotellet låg. Vi hadde fått streng beskjed om å gå i puljer, slik at det ikkje skulle virke suspekt på resepsjonisten. Derimot når vi kom inn såg det ut som vi måtte ha eit nøkkelkort, men resepsjonisten var ein så grei kar at han tasta koden for oss og slapp oss inn.

Oppe i fjerde etasje var det liv. Alle var i storslått humør, promillen var høg til liks med musikken. Rommet var allereie å bli fyllt opp, til trass for at det enda var mange som ikkje hadde kome, men dei kom etterkvart. Stemninga var god, og vi hadde det alle kjekt!

Det blir stadig seinare og seianare på kvelden, til trass for at promilla får tida til å stå litt stille. Plutselig byrjar folk å gå ut døra, og vi får beskjed om at no blir alle kasta ut. Så står vi alle utafor Incity Hotel. Respesjonisten vinkar oss høffeleg ut og med eit "kos dåkker på by´n"-replikk.

Det er når ein står ute, at ein verkeleg merkar kor høg promilla er på enkelte. Ein anna venn, som vi for kalle for den mystiske Ø, har plutseleg ei bacardi-flaske i nevane og spring rundt på torgallmenningen, munter, dansande og syngande. Han er openbart ikkje så veldig bekymra for å bli tatt for offentlig drikking ute. Vi spring etter, og plutseleg har han gjort seg til venns med ein av gatemusikantane. Den mystiske Ø byrjar å danse til den muntre trekkspelmusikken, nett som folkedans, medan bacardiflaska flyr i den eine armen. Min nye bestevenn, KS lar seg friste av det lystige laget, og med min blomst i sitt hår, er han med på leiken han også. Som to sprettballer danser Ø og KS rundt på torgallmeningen, medan eg og Kjersti står og ler til vi omtrent ikkje får puste. Folk går forbi, nokre stoppar og ser på oss og ler kanskje med. Plutselig får KS en av sine betre idéar igjen. Han trekk fram ein 50-lapp frå lomma, gjer den til gatemusikanten og spørr om å ikkje få låne trekkspelet. Plutselig står KS der og er trekkspelmannen. Og sjølv om KS er mine nye bestevenn, så må eg likevel vere ærleg: Det er ikkje det vakraste trekkspelmusikken eg har høyrt, men godkjent er der.

Medan KS står og sørger for å halde gatene livlige med musikk, kjem det ein mann bort til meg. "Du, si meg.. Han er homo, er han ikke. Han må vere det!". Mannen har briller og hette på seg og virker litt smårar. Eg rister på haudet og bekreftar at nei, så vidt meg bekjent, så er ikkje KS det. Mannen ser litt skuffa ut, og forsvinn. Dette var kveldens høgdepunkt.

Som vanleg endar vi opp på staden der dei har bartendarane med kilt, og som vanleg er det mykje folk, god stemning og gutar som vil spadere drikke på meg. Alt i alt, ein veldig kjekk og nevnverdig kveld. Eg gler meg allereie til neste bytur med gjengen.

2 kommentarer:

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...