søndag 13. februar 2011

Frå eit litt sliten hovud

Det er søndag. Av og til så lev eg litt på den forestillinga om at søndaga er kjedelege dagar. Verda verkar så stilleståande, samstundes som den ikkje er det. Det er slutten på endå ei veke, slutten på ei helg ikkje minst, og overgangen til ei ny veke. Ny veke byr alltid på utfordringar på ein eller anna måte, så spørs det jo kor klar ein for å ta i mot desse utfordringane, anten dei er store og små. Det hender at ein glimtar til og er fyllt med mykje energi, klar til å ta fatt på ei ny veke ved denne overgangsfasen. Slik har det vore for meg dei siste helgene, eg har sett fram til at det skal bli mandag.

Men akkurat denne søndagen er eg ikkje fyllt heilt med den same type optimisme. Tanken på at det snart er mandag og dermed ny veke der ein må stå opp tidleg, er slitsomt. Den er regelrett slitsom. Haudet mitt er sliten og rotete, kroppen min er trøtt og forkjøla og sliten. Og eg som til og med har hatt ederuhelg, presterer å vere meir sliten enn det eg var forrige søndag då eg var ute og rangla natt til søndag. Det er vel fordi eg er litt småsjuk, det tek faktisk på psykisk sett. Dessuten tenkjer eg mykje fortida, klarer aldri bli einig med meg sjølv på nokre punkt og slikt, men eg skjønar at det er ein prosess der eg må forlate nokre tanker og la dei positive vere att. Det er vel slik vi har det til alle tider, menneskjer. Men så er det faktisk slik at ein kan velge å få seg sjølv til å tru på det meste ein vil tru på, og då burde ein tru på dei positive tankene for å ha det best med seg sjølv (ein anna diskusjon om kva underbevisstheita meiner, det tørr eg ikkje begje meg ut på).

I det minste har eg gjort mykje for at rotet berre skal vere innvendig; eg har rydda rommet og sortert og fått eit slags system i rotet. Det gjer i alle fall til at eg kjenner meg roligare. Eg har til og med rydda litt på macen min (ein lang prosess som aldri ser ut til å ta slutt), og eg har fått unna litt pensumlesnig. Så det er da godt for sjela, men endå er haudet sliten - ja, eg treng nok berre litt betre kvalitetssøvn og å bli frisk igjen, så kjem nok energien den også.

Ellers hadde eg ein veldig koseleg laurdag i går. Først klarte eg å tvinge meg opp såpass tidleg at eg kom meg på powerstrip-trening saman med venninna mi, Oda. For dei som ikkje veit det, powerstrip er ikkje strippig, men ein veldig ny form for dansekoreografi som baserer seg mykje på aereobic, men med mykje sensuelle bevegelsar. Veldig kjekt, eg synes koreografien var god og sjølv om det var litt vanskeleg å henge med alle trinna, gjekk det utruleg bra, og det var samstundes veldig deilig å få trent igjen! Etterpå møtte eg søstera mi og kjæresten hennar å Kafè Spesial, der eg drakk soyamelk med macadamia og snakka og alt og ingenting. Dessverre så har min kjære søster hatt eit stramt tidskjema denne helga, men ho skal allereie tilbake neste helg, og då har ho lova å bli med meg på kino. Jippi!

Sjølv om eg ikkje fekk med søs på kino, fekk eg med ei venninne, slik at eg også endeleg fekk sett 'Jeg reiser alene'. Jo, for når det handlar om Jarle Klepp som studerer litteraturvitenskap, nett som meg, og heile handlinga også foregår i Bergen, då seie det seg sjølv at ein MÅ reise på kino for å få med seg herlegskapen av ein film. For herleg, det var den. Eg lo nesten som eg grein gjennom heile filmen, sukka av glede og smilte frå ende til ein annan. Nei, det kan ikkje heilt skildrast på riktigt vis, eg berre råder alle å ta seg ein tur på kino og sjå herlegskapen. Dei har jo filma frå universitetet og den så mykje omtalt Sydneshaugen skole (dog berre baksida av den) som eg har nemnt ein del gongar i bloggen.

Så, no har eg fått organisert nokre tankar og slått i hjel litt tid, som eg strengt tatt burde bruke til lese ferdig Odysseen, men sjølv om den så visst er ein interessant bok så og er den og eit lite helvete. Det tar tid, og enda er eg berre litt over halvveis og eg skulle eigentlig ha lest den ferdig til fredag, tidsmessig. Sukk, det er vel berre å reise tilbake til antikken med det same, så får vi krysse fingrane for at veka byrjar litt betre enn den har slutta.

3 kommentarer:

  1. Jeg syns faktisk ikke Jeg reiser alene var såååå bra. Eller altså, jeg mislikte den ikke, men syns ikke den var i nærheten av Mannen som elsket Yngve. Men joda, fin film, for all del :3

    God bedring <3

    SvarSlett
  2. Takk takk, kjenner meg allerede mykje betre i dag og lettare til sinns :).

    Når det gjeld 'jeg reiser alene', så trur eg først og fremst at det tiltate slik på meg sidan eg sjølv kjenne meg igjen i alt, kjente igjen plassa og mykje av det litterturvitenskapelige som blei snakka om i filmen. Synes at dei to filmane er ganske ulike og eigentlig ikkje kan samanlignast sånn eigentlig. Eg likte begge veldig godt.

    SvarSlett
  3. Sånn rent teknisk er søndagen den første dagen i uka. Lørdag (sabbaten) er den syvende dagen. Men om du bruker søndagene dine fint, kan de bli avslappende. Se filmer, les bøker, rydd i leiligheten, nekt deg selv å vaske før etter klokken fem om ettermiddagen (da regnes helligdagen som over). Jeg husker at søndager var utrolig lange og kjedelige da jeg var mindre, men nå liker jeg dem bedre og bedre. Det er tiden for å sove lenge, slappe ordentlig av og bare sløve hele dagen.

    Ellers hjelper det ikke alltid for rotet i hodet å ha det ryddig rundt deg, men du bør prøve å skrive lister over alt du skal gjøre, huske og rekke, og selvfølgelig stryke det ut når du har fått gjort det. Skriv ned det du tenker på i en notatbok, bare for å få det ut til drøfting med deg selv.

    Jeg reiser alene er nydelig! Latter, sinne, gråt, kjærlighet. Hele følelsesspekteret fikk komme ut da jeg så den filmen på fredag. Herlig. Har du lest bøkene om Jarle Klepp? Fantastisk tett oppfølging mellom "Jeg reiser alene" og "Charlotte Isabell Hansen".

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...