mandag 27. juni 2011

I´m here


Typisk haldning å havne på latsida no når det er sumarferie. Nei, eigentlig er eg ikkje lat. Eigentleg jobbar eg mykje, sånn ca kvar dag. Har faktisk berre hatt ein fridag sidan eg byrja å jobbe 10.juni, men det er heilt greitt for eg tjener til livets opphald og dessutan er det kjekt arbeid. Så les eg, lese Knausgård og no er det Kafka, ei pensumbok til neste år faktisk, medan eg ventar på Min Kamp 4 og 5 i posten. Går litt i fjellet også, og ellers fint lite for dagane går så fort når ein arbeider, les og legg seg tidleg fordi ein skal på jobb tidleg neste dag.

Det som er så fint med sumar er å gå barbeint når det er fint veir, turar på varm asfalt, over steiner eller sand kjennes herleg. Helst vil eg gå så mykje barbeint så mogeleg. Også no når det er regndagar er det fint, for lufta er så frisk og fuktig.

Å sitje på altanen i sola, med ein kopp te etter ein arbeidsdag er fint. Å finne ut om kvelden at ein skal spele volleyball. Å grille. Å skulle på bretur snart, og planlegge nye eventyr i fjella, planar om å dra på festival og helgetur til Bergen. Sjå fram til nytt studieår med nye, fine folk. Fint.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...