lørdag 14. mai 2011

Mai du skjønne milde (og eksamenstid)


Altså, det har ikkje heilt vore planen å unngå å blogge i ein måned. Faktisk over ein måned, noko som minner meg på kor utruleg raskt tida går. I all høve hadde eg ikkje sett for meg at når eg blogga, så skal det først bli midt i eksamenstida. Det er liksom då ein skal vere så forbaska stressa og slikt, men heilt ærleg så synes ikkje det er noko særleg forskjell frå tidligare i semesteret, anna enn at eg faktisk føle at eg leste fleire tima per dag då. No er det jo stort sett berre repitsjon det går i om dagane, vi er jo ferdig med forelesingar og slikt. Den tida blir brukt til å repitere om dagen, sjølvsagt. Heilt ærleg så er det ikkje så mange timar om dagen eg repiterar. Det er slik at eg priorterar visse delar av pensum, og satsar friskt på at den blir å finne på ein av langsvarsoppgåvene.

Den første eksamen i faget Eldre litteratur og poetikk fram til 1700, er på fredag. Eg er utruleg nok ganske avslappa endå. Eg har undra meg over om det er noko galt med meg - har eg kontroll eller tar eg for lett på pensum? Etter quiz på onsdag, som eg tok meg tid til, gjekk eg forbi skulen med lesesalene våre, og trur du ikkje det var lys og folk som satt der endå? Joda, skal sei eg følte meg som ein skikkelig dårleg student som ikkje sitt lange dagar på lesesalen, men heilt ærleg så ser eg ikkje hensikten med det. Eg kan jo ikkje lære meg absolutt alt i pensum. Dessuten har eg vore på alle forelesingane bortsett frå dei tre siste og lest det meste eg burde gjennom semesteret. Eg voner det er godt nok.

Ja, så denne helga før eksamen, hadde eg sett for meg ein skikkelig pinefull og langdrygelig helg der eg sitt med nasa i eksamensboka 24/7 og svettar og feller eit par tårer innimellom. Neida, sjølv om eg har lest ørlitegrann i dag og sortert litt notatar, så tar eg det overraskande roleg. Om nokre få timar kjem nemmeleg nokre frå klassen til meg. Vi skal kose oss med vin, ESC og litteraturprat. Det blir fint! Ellers har det jo vore knalldagar med sol både heime i påska og no i ettertid her i Bergen. Det er rett og slett sommar, og sjølv om det er eksamenstid, så likar eg kvardagen. Det mest snodige er at eg faktisk gler meg litt til eksamen på fredag. Endå meir til å skrive ferdig eksamensoppgåva, også gleda eg meg ørlitegrann til muntleg 7.juni også. Det er faktisk ein ganske sjuk tanke at om akkurat ein måned er eg heime på sommarferie og er i full gang med jobbing. Sjølvsagt gler eg meg til det òg, heile opplegget med å vere heime i Jølster, jobbing og sosiale ting utenom. I sommar skal vi til og med ha 5-års reunion med klassa frå barne og ungdomsskulen. Alt i alt så er dagane fine, og kanskje så blir eg litt flinkare til å dokumentere desse dagane også.


1 kommentar:

  1. Oh, lykke til på eksamen! Det må være herlig å ikke stresse. Jeg var jo til tider fra meg, men samtidig kjenner jeg igjen den dårlige samvittighet i å gå forbi lesehestene mens man sjøl bare blir helt sånn... "eh, burde jeg òg gjort det her?" liksom. Men ja, MAI! :D

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...