søndag 29. mai 2011

Husvarme og varme tanker

I morgon er det ei veke igjen til muntleg eksamen, som også betyr at det ei veke igjen til sumarferien byrjar. Ei veke - det er ikkje lenge til i det heile teke. Eg trur ikkje det er heilt realistisk for meg endå at det snart er nok ein sumarferie, der eg skal tilbake til bygda for å jobbe, vere med familien og henge med venna like in the old days. Det betyr faktisk at eg snart har tilbakelagt mitt første år som student i Bergen by. Eg har faktisk budd eit år i Bergen snart. Det er heilt vilt!

For eit år det har vore. Mykje har skjedd, mykje positivt. Som person har eg utvikla meg, og den panikken eg følte for eit år sidan med tanke på 'kva skal eg gjere med framtida mi?', er som fordufta. Framtida er den eg skapar kvar dag, og kanskje blir det ei framtid med den utdanninga eg tek, men det kan ein aldri vere heilt sikker på.



Dessutan har Bergen verkeleg blitt tiltalande på meg. Eg, som trudde at eg definitivt ikkje var ein byperson, har oppdaga at eg faktisk trivast svært godt med å bu her. Det hadde eg aldri sett for meg, men det er mykje som kan overraske ein sjølv. Som til dømes at eg har blitt ein kaffedrikkande person, noko både mamma, pappa og broren min synes er særs merkeleg og morosamt. Eg skal faktisk ikkje legge skjul på at i desse eksamenslesande dagane, der all kaffe blir trakta i presskanne, saknar eg ekspressomaskina til pappa. Det er heilt sprøtt kor mykje eg faktisk kan sakne ein slik gjenstand som for eit år sidan ville ha vore uforståelig for meg. Dessutan har detta med kaffedrikking og student blitt ein slik sosial sak, som føyer seg inn i kvardagen med andre studentvanesaker.

Som anna døme på studentvanesaker, så trudde eg at dette med studentar og alkohol berre var ein overdreven myte. Fakta er at eg det siste halvåret plutseleg har blitt blant dei av studentane som kan finne på å ta meg ein øl eller to i ny og ne, midt i veka. Berre ein quiz her og litt kulturelle arrangement der, så blir det plutselig 1,2,3 øl. Endå trur eg ikkje dette utgjer ein potensiel fare, ettersom eg i desse dager har gått inn for å vere alkoholfri fram til eg er ferdig med muntleg eksamen om ei veke. Klarer eg dette, så avliver eg desse framskapte mytene som avisene er flinke til å fange opp. Til dømes har BT klart å framstille Ad Fontes (fakultetets pub) i eit latterleg lys, ved å skrive denne saken. Morgenpils til studentane, den er god.




Så, sidan eg så openbart er inne i ein alkoholfriperiode som
student og eksamenslesande,så utnytter eg vel den tida som
skulle blitt brukt på alkoholkosumering, smart? Jepp, det er
heilt riktig. Denna helga har eg fått husmorånden over meg
og har gjort imponerande mykje husarbeid i staden for å lese
til eksamen (oisann, der avslørte eg meg). Rydding av kjøkken,
klesvask, bollebaking, vedfyring (som eg endeleg får til sjølv),
resirkulering av glass og metalembalasje, og innkjøp av viktige
husholdingsartikler som vaskepulver og dopapir. Kva kan vi seie
om dette? Bergen har tydeligvis også gjort meg til husmor, som
følge av litt kjedsomheit grunna alkoholforbud. Det går sakte
opp for meg kor tidkrevjande og pengeslukande dette med
student og alkohol kan vere. Samstundes så må eg innrømme
at det siste kanskje er det kjekkaste i gjerningsaugonblikket,
medan det første er kjekkast på lang sikt (i eit visst omfang).

I all høve viser det kva mangfald det er i å vere student, eller
kanskje mest kor langt ein er villig til å gå for å utsette
eksamenslesing. Eg har berre ein ting å avslutte med: sjølv om
studiene er kjekke, gledar eg meg til sumarferie!

1 kommentar:

  1. Jeg veit ikke om det bare er nettleseren min, men hele det nederste avsnittet her fortsetter over kolonna du har til høyre og blander seg med Twitteroppdateringene dine...? o_O

    Ellers: HAHA, jeg har nesten blitt alkoholiker, jeg. Kom fram til her om dagen at i jeg i gjennomsnitt drikker to - tre flasker vin i uka i Bø o_O

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...