lørdag 19. september 2015

Masterliv II

Alle dei tusen lesarane eg har (eventuelt ein eller to) kan glede seg over ein ny bloggpost. Som vanleg så har eg forsvunnet frå bloggverden med jevne mellomrom, før eg plutseleg kjem attende med ein akutt skrivekløe. Det skal seiast at eg har vore på tanken på å skrive lenge før det her, sånn ganske ofte faktisk, men så blir det jo berre med tanken. Vel, i dag har eg altså kome litt lenger med prosessen.

Vel, masterlivet gjer seg endå gjeldande. Eg har kome meg gjennom det første året på masteren. No er eg kome dit at eg "berre" skal skrive ei masteroppgåve. 1 år, 60 stp. Ingen undervisning. Kun meg sjølv og oppgåva (og ein rettleiar som skal rettleie meg sjølvsagt) som etter sigande skal inn 15.mai 2016. 80 - 100 sider på tysk står mellom meg og ein mastergrad. 8 mnd til å gjere dette på. Høyrest lett ut eller? 

Det beryktede livet som masterstudent i oppgåveskrivingsfasen har sikkert fått mange knaggar på seg. Eg har sjølv sett fram til og grua meg så hinsides til dette tilvære som eg er i no. 

På den eine sida er det den enorme friheiten til å disponere kvar einaste dag som ein sjølv vil. Er du eit reinspikka B-menneske kan du endelg legge opp kvardagen slik at du legg deg seint, står opp seint, jobbar med masteroppgåva, utan å ta hensyn til at du må stå tidleg opp for å gå til forelesing eller kollokvie. Du kan rett og slett skrive og jobbe som det passar deg. Dessutan, ingen eksamen eller innlevering før jul. Kor deilig må no ikkje det vere? 

På den andre sida er det utfordringa ved å takle denne friheiten. Ein skal nemleg ståltsette seg med ein god dose sjølvdisplin fleire gongar i veka. Friheita kan freiste med så mangt. No kan ein endeleg sjå på det programmet ein har lyst til å sjå på dagtid på TV Zebra, passa det seg ikkje å sjå den episoden med House of Cards før du byrjar å jobbe, som så blir til to episodar? Åja, så er det jo så praktisk å kunne vaske kle midt på dagen, når ingen brukar vaskeriet. Eller ta seg ein treningstur midt på dagen. Eller så var det den kaffipausa som drog ut til å vare i 2 timar fordi du ikkje hadde nokon forelesing du måtte tilbake til, eller å ta den handleturen i sentrum når alle andre er på jobb. Det er fort å gå i fella at smaken på friheiten er så god at ein brukar litt for mykje av den, til å ikkje jobbe med masteroppgåva. Særleg dei første månadane, når det endå er så mange mnd igjen til innlevering..... 

Eller så kan ein gjere som meg, prøve å utøve sjølvdisiplin ved å ha ein plan i hovudet med å gå på lesesalen kvar vekedag i den meining om at ein skal gjere masterskrivinga til ein heiltidsjobb, så kan ein nytte kveldane og helgene til å slappe av og ta fri med god samvitt. Det høyrest ut som ein god plan i utgangspunktet. Det er berre det då, at fordi ein sit på lesesalen, så er det ingen garanti for at ein får gjort noko som helst faktisk. Det er forbausande kor lett det er å gjere ingenting inne i eit stille rom, med bøkene rundt deg, det perfekte utgangspunktet for å jobbe og få i gang masteroppgåva. Plutseleg har det gått 1 time og ein har ikkje gjort noko som helst som er relevant i tilknyting til masteroppgåva, anna enn å sjekke studentmailen kring femti gongar fordi ein ventar på svar frå rettleiar. Det er berre det, at det er så mykje å gjere at ein blir litt paralysert. Det er jo ikkje det at ein ikkje har nok å gjere altså, men mengden verkar så enorm at ein ikkje veit kva ende ein skal starte i. 

Men innimellom, så har ein jo desse dagane der ein faktisk kjem i gong og får gjort noko, ein heil del faktisk. Det er gjerne desse dagane som ein føler kan rettferdiggjere alle dei dårlege dagane ein har hatt. Wow, også kjenner ein på det at det ein gjer, faktisk er bra og at ein er godt i gang. Ein tenker, men dette kan jo gå bra. Dei beste dagane er der ein byrjar å skrive å enda opp med å vere i ein enorm skriveflyt, alt går av seg sjølv, ein kjem på fleire og fleire ting som skal med, og ein føler ei stund at ein er i ein så god flyt, at ein jammen meg kunne ha skrive ferdig heile masteroppgåva på flekken. Men som alltid, så må denne skriveflyten alltid ta slutt og ikkje sjeldan er det fordi at blæra skrik etter å bli tømt etter alle dei kaffikoppane ein måtte helle i seg for å kome i flytsona. Når ein kjem tilbake, er magien brutt. Det er då ein forbannar seg over å ikkje ha ei selskapsblære. Uansett, denne seansen fører med seg eit stort egoboost. Ein føler seg nesten som eit supermenneske som kan få til alt og denne lukkerusen kan ein gjerne leve på nokre timar eller kanskje dagar.

Så er det dei mindre lystige dagane, der ein føler at alt går rett vest. Heile masterprosjektet verkar til å vere ein stor vits (og trudde ein verkeleg at det ein allereie har skrive skulle ein få bruke i oppgåva? Ein veddar gjerne ein skilling på at rettleiaren vil be deg forkaste det og dermed samstundes sjølvtilitten din) og trua på å kome i mål verkar til å vere uendeleg langt vekke. Ein hatar seg sjølv for å i det heile teke ha byrja på master. Ein føler seg underkvalifisert og dum. All form for sjølvtilitt har forsvunnet, ein har gjerne stappa i seg sjokolade på ein heilt ordinær mandag fordi ein synest synd på seg sjølv. Det einaste ein får lyst til å gjere, er å gå heim og legge seg under dyna og gløyme alt som har med den teite oppgåva å gjere, medan ein kjenner på det dårlege samvittet av å ikkje ha fått utført noko. Sjølv det som vanlegvis får deg til å smile, får ikkje latteren ut av den dystre sjela di. 

Heldigvis eller uheldigvis er ein ikkje aleine om denne særs ustabile prosessen som ein må gjennom og leve med i minst 1 år. Som følge av at masterlivet er blitt meir og meir normalt, kan ein få trøyst i at ein ikkje er aleine om prosessen, både inne på lesesalen og ute i pausekroken. Det er ein fattig trøyst i at du ikkje vil vere den einaste som kjeme til å sitte på lesesalen klokka 22.00 ein fredagskveld nokre veker (eller månader) før innlevering. Ein er faktisk ganske mange som sit der og lid den same skjebna og ein føler seg iallfall ikkje så aleine. Guri, tenk korleis det var å skrive masteroppgåve på den tida nesten ingen gjorde det. No kan ein i det minste le og grine saman med alle dei andre som føler seg like begeistra over eit mikroskopisk funn eller like fortvila over kor dårleg det går. Uheldigvis kan slik selskap vere meir destruktivt enn positivt. Særleg om ein endar opp med å snakke med ein skrytepave som ligg godt an i prosessen, som presterer å fortelje deg kva du ikkje skal gjere eller poengterer for deg at prosjektet du har for deg er naivt eller vanskeleg, medan deiras går godt. Av og til kan det vere lurt å ikkje snakke for mykje om oppgåva heller. Eller så har du dei som er så absurd negative at humøret smittar over og du vil tvile på deg sjølv, uansett om du ikkje gjorde det i utgangspunktet. Det gjeld også altså å passe på kven ein omgåas og lage eit skjold om seg sjølv for å ikkje bli dratt ned i mørket med andre og så er det lurt å høste positiv energi hos dei som er veldig positive til oppgåva di, ofte er det bekjente som vil høyre om oppgåva og som har klokketru på deg. 

Masterlivet er utan tvil ein enorm berg og -dalbane som vil få deg til å lure på om du har kome i puberteten på nytt. Humøret kan veksle i alle regnbogens fargar frå ein står opp til ein legg seg. Samstundes er det ein bratt læringskurve der ein uansett vil erfare at alt ikkje blir som ein hadde tenkt, men at ein likevel vil lære mykje. Iallfall om seg sjølv. Det er ikkje utenkleg at oppgåveprosessen blir litt som eit turbulent kjærleiksforhold, og at ein vil veksle mellom eit elsk-hat-forhold. Til slutt vil ein kanskje vere stolt over det ferdigstilte prosjektet som har kosta ein både latter og tårer. Det gjenstår å sjå, det er trass alt 8 mnd igjen og eg har ikkje ein gong vore gjennom det verste. Eg har berre så vidt byrja på ferden i fornøyelsparken og den verste berg og -dalbana står for tur.....

Forsettelse følger - stay tuned. 


søndag 16. november 2014

Heimeeksamen og tilbakeblikk ....

Nuvel. Tida den flyg den og allereie er eg inne i eksamenstida, noko som har gått raskt om ein ser kor eg var i semesteret sist gong eg skreiv eit blogginnlegg. I år er faktisk eksamenstida ganske så kjekk. Eg fekk utlevert heimeeksamen på torsdag og min første tanke var: "Dette blir så utruleg kjekk heimeeksamen". Så langt har eg kosa meg. Eg er endå i planleggingsfasen og har ikkje heilt byrja å skrive, men har allereie funnet mykje å skrive om. Vanlegvis er dette ei litt uvant framgangsmåte for meg. Eg har brukt å ikkje vere den mest strukturerte studenten som byrjar oppgåveskriving med planlegging av kva eg skal skrive, ved å finne dømer og lese teori, men heller køyrer i gang med litt skriveprosess, der eg endar opp med å endre og forandre og måtte kutte på skrivinga undervegs og lese teori og finn eksempel innimellom, altså ein veldig rotete prosess. No køyrer eg ein anna taktikk. Det heng nok saman med at oppgåva eg har valt er ein veldig tredelt oppgåve som basere seg på mykje døme frå litteratur og at eg denne gongen er ganske så godt forberedt til eksamen og har forholdsivs god tid til å skrive denne oppgåva.

Kort fortalt. I fyrste oppgåve skal eg skrive om bruken av berlinerdialekta i Alfred Döblins, Berin Alexanderplatz som dialogene i boka er tydeleg prega av. Mykje av kjenneteikna er prega av fonetiske ulikskapar frå normaltale som særeigen konsonantuttale og vokaluttale, men det er også snakk om andre kjenneteikn som feil bruk av kasus på pronomen som er særleg typisk for denne dialekta. Det blir altså sett på frå eit språklingvistisk perspektiv. I den andre oppgåva ser eg på kva andre kjenneteik eg finn frå muntlig språk i teksten, som gjeld det tyske språket generelt. Nedfelt i skriftleg tekst kallas desse kjenneteikan for konsepsjonell mundlighet. Dialogene i Alexanderplatz blir derfor veldig autentiske til ein vanleg kvardagssdialog og det er rett og slett imponerende det arbeidet Döblin er gjort. Den siste og tredje oppgåva er kanskej den som er mest spennande og utfordrande. Det handlar om oversetjingsproblematikk, eit tema som har gjett meg eit nytt syn på korleis det må vere å vere oversetjar. Etter å ha gått inn på alle moglege problematikkar er eg eigentleg ganske imponert over dei som driv den slags. Det er utruleg krevjande oppgåve og mange hensyn som ein må ta. Når det gjeld heimekesamensoppgåva blir det ei utfordring fordi det er så utruleg mykje ein kan skrive om. Eg ser for meg at det er lurast å ta for seg ein spesiell del av oversetjingsproblematikken og gå grundig inn i dette. Vi får sjå. Det er oppgåva eg minst veit korleis sjå til å sjå ut til slutt. Om ikkje anna er det veldig interessant.

Nok prat om heimeeksamen. Eg tenkte eigetnleg at eg skulle nytte høve til å mimre tilbake til Tenerife. Ja, for snart ein måned sidan tok eg meg ein eigenkompnert vekes ferie ned til kanariøynene samn med søstera mi og pappa, som for høvet fylte 50 år den veka. Det var altså bursdagsgåve til han. For ei herleg veke det var. Eg kan absolutt tilråde andre til å dra til sydenland sånn på haust/vinter. Har alltid misunna dei som gjort det, og no var det endeleg min tur. For ei flott øy det var. Eg er rett og slett imponert. Eg hadde veldig låge forvetningar til denne øya, tenkte det var berre ei anna stygg chartermål, men Tenerife er riktig vakkert. At det låg så langt sør ante meg heller ikkje, så vi fekk det både godt og varmt, med utrulege 35 grader i skyggen nokre av dagane. Ordentleg sommar med andre ord.


Her kjem biletebonanza frå turen.




Frå byen vi budde i, Los Gigantes.






Det var bassengområde med svømmebasseng, solstoler og poolbar på taket av hotellet vi budde på. Det blei fint utnytta. Å få servert billig cocktail til solsenga...



Strandpromenade



Fjella i Tenerife er ganske så høge. Mange på over 2000 meter. Det høgaste fjellet, Teide er faktisk over 3700 meter.




Pyramidene i Güimar, som vår kjære Thor Heyerdahl observerte og verna.

Dette var utsikten frå hotellrommet vårt og balkongen.



Frå verdsavbyen, La Laguna.








Også drog vi på ein spansk bodega!





Gamle årganger av Faustino.





Garachico. Ein liten fiskerlandsby som blei truffet av eit voldsomt utbrudd frå Teide kring 1916. Det einaste som stod igjen, var kyrkja i byen seiast det. Den lille "øya" blir forresten rekna som som den fjortande kanariøy blant befolkningen. 







Vi måtte jo ta turen på lavastrand også. Utruleg fin sand og vanvittig glovarm.


Dei blei ete masse god is på turen i varmen. Så billig som det er der...



Eg tørr faktisk å påstå at eg blei litt brun den veka eg var der. Eg vil defintivt reise tilbake ein dag....


Men først kjem snart desember og førjulstid. Sjølv om eg ikkje har julefeire før 17.desember, gledar eg meg til tida framover. Det blir endå ein heimeeksamen etter denne, så eg skal nok rekke og kose meg og nyte førjulstida likevel, og forhåpentlegvis rekke å skrive fleire blogginnlegg.


onsdag 17. september 2014

Masterliv


I dag fekk eg desse to vitnemåla i posten. Bevis på at eg har klart å oppnå to bachelorgrader på 4 år: Eit i tysk og eit i litteraturvitskap. Det høyrest mykje meir imponerande ut enn det eigentleg er. Heile 90 stp blir brukt i begge gradene, då frie studiepoeng og førstesemesterstudiene kan brukast i to grader. Det betyr likevel at eg har henta meg inn eit semester ved å ta ekstrafag parallelt over to semester, og det er jo litt imponerande. Det har vore tøft, og i vår då eg valte å kombinere bacheloroppgåveskrivininga i tysk saman med 30 stp andre studiepoeng, angra eg littegran ei stund. 3  store eksamner fordelt på 6 dagar er noko av den kjipaste eksamensperioda eg har vore borti mine 4 år, for å ikkje snakke om at sola skinte som berre det alle dei dagane.




Men no i ettertid er det så fullstendig verdt det. Resultatet etter dette slitet var at eg både kom eg inn på førstevalget mitt om masterstudium i tysk og i tillegg kom eg også innpå på 1-årig PPU med fordjupning i norsk og tysk fagdidaktikk. Eg valte å gå for masteren no i fyrste omgang. Det er ikkje utelukka at vil velje å gå for pedagogikk etter masteren, men med master i bakhand har eg langt fleire moglegheiter enn om eg hadde valt å gå for PPU med det same. Sjølv om det var litt skummelt å takke ja til master. Ja, for det var eit skummelt steg å ta for ei som har hatt mastergradsangst. Eg kjente meg heller ikkje god nok då eg trykka ja til studietilbodet og har fram til studiestart vore veldig nervøs. Eg hadde faktisk relativt få andre forventingar at studiestart ville bli skummelt og jævleg. At eg ville kjenne meg underkvalifisert og usikker. Det heile har enda med å bli ein gedigen, positivt overraskelse. Ein månad etter studiestart sit eg att med ei einaste kjensle: Det kjennes så riktig dette valet eg har gått for. Eg ligg ajour med pensum, eg har stilt godt førebudd til kvar forelesing/seminar, har kunne bidra i timane og har lært mykje i timane. Eg trur at faga dette semesteret kan gå riktig bra. Eg har snakka med emneansvarleg om tanke for masteroppgåve og fått tilbakemelding på at det eg vil skrive om er kjempeinteressant. Eg har snakka om det til andre og alle lyser opp og er supergira når eg fortel om kva eg vil skrive om. Eg kjenner eg får det til, på eit nivå eg trudde eg kom til å slite noko forferdeleg. Eg har fått god tilbakemelding på første innleverte skrivearbeidet og skal no straks i gang med den første obligatoriske innleveringa, som eg faktisk gledar meg til å skrive. Kvar er dette forferdelege masterlivet alle snakkar om? Kjem det neste semester, eller om eit år då eg for alvor skal i gang med masterskrivinga? Eg går litt rundt på tå og tenkjer at snart må den kome ein nedtur her. Vi får sjå. Men retninga eg har gått for kjennast iallfall heilt riktig og det er så uendeleg godt når eg har vore usikker dei siste 2 åra. Det kjennes også ut som eg tek ei riktig viktig utdanning. For det er det jo. Tyskkompetanse er etterspurt og det er verkeleg få som studerer det på høgt nivå. Det er difor ei unik utdannelse eg tek og det er litt kult. 

Eg tenkte eg måtte blogge att når eg fekk vitnemåla i posten i dag. Det skal eg verkeleg halde fram med. Eg tenkjer at masterlivet er noko som eg må skrive om. Etterkvart kjem det nok innlegg med frusterande dagar og nokre nedturar. For det kjem det nok, og det har eg hatt. Som på mandag då eg brukte 3,5 time på å lese 20 sider og seinare blei køyrt på av ein syklist i Bergen sentrum (Når byrja syklistar å tru at dei har forkøyrsrett frå høgre? Hah). Nokre dagar må jo vere slik, for eit perfekt liv, det finnast ikkje. Så skal eg sjølvsagt fortelje om kva mi store masteravhandling skal handle om, men det høver seg best i eit eiga innlegg og elles andre spanande saker og mindre spanande saker eg skal få lyst til å skrive om. For no som eg faktisk "berre" tek 30 stp til ei forandring, har eg litt betre fritid. 


onsdag 2. oktober 2013

Tigerstad og haustkos

No er det alt for lenge sidan eg har blogga igjen. Når eg tenkjer på kor travel kvardag eg har hatt det dette året, så er det ikkje rart. Med nærmare ettertanke bestod vårsemesteret av litt jobbing, 45 studiepoeng, redaksjonsarbeid med utgjeving av to temanummer (der det eine var dobbeltnummer sogar), 1 mnds utveksling i Tyskland og den hardaste eksamenstida eg har hatt i mine 3 år på universitetet. Å studere tysk er utruleg lærerikt, men har enormt mykje fleire obligatoriske krav enn det litteratur og nordisk har hatt. Alt i alt er eg nøgd med innsatsen min, det var mykje gode karakterer til utdeling, men diverre og ein merkeleg samansetning av delkarakterer som gjorde til at ein B saman med ein C blei til C, og liknande.

Sumaren gjekk stort sett til jobbing, med nokre fridager innimellom. Det var mykje dårleg veir, men fekk likevel gått ein del fjellturar og hadde kvalitetstid med vener og familie.

No er det haust igjen og eg er tilbake i Bergen. Men sidan i vår har eg flytta frå Sandviken til Landås. Eg har altså flytta litt ut i periferien, men reisetid med buss gjer veldig opp for det når eg bur mykje billigare, disponerer ein stor hybel for meg sjølv med eigen kjøkkenkrok, og kun deler toalett og dusj med tre andre. I tillegg har eg ei fantastisk utsikt og naturen kjennes litt nærmare her, noko som er fint. Har allereie blitt to turer på Ulriken via Natlandsfjellet denne hausten, sidan eg bur rett i nærleiken. Det er fint å ha slike flotte naturmoglegheiter.




Her er den fantastiske utsikten frå hybelen min. Er det ikkje fint?

Eg held fram med årsstudiumet i tysk, og gleder meg stadig over kor fantastisk flott miljø det er i klassen. Det er veldig vanskeleg å ikkje bli glad i alle, og vi heng mykje saman på fritida: Allereie no går vi på frivillige kollokvier fleire dager i veka, et ofte middag på studentsenteret saman, er på filmkveld med kvarandre og går gjerne ut på byen saman. Vi er ikkje redde for å stille dumme spørsmål på kollokvier, vi hjelp kvarandre med å bli flinke og å oppmuntre, og det er så utruleg fint. Miljøet på litt.vit var også bra, men var større og blei meir upersonleg. Det enda med meir eller mindre umedvitne grupperinger, men dette er ikkje veldig tydeleg med tyskklassen. Eg trivast så utruleg godt med tysk også, at om alt det formelle går i orden, blir det sannsynlegvis bacheloroppgåve på meg til våren, og tysk master til hausten. Sjølv om det vil bli utruleg krevjande å skrive ei heil masteroppgåve på tysk, er eg mykje meir motivert til det enn å skrive master i litteratur. Det vil bli krevjande, men eg vil få utruleg mykje att for det når eg er ferdig. Sannsynlegvis blir det pedagogikk seinare etter det, for eg ser for meg livet som tysklærar.

I morgon blir det helgetur til Tigerstaden for å delta på Ungdomskonferanse om Nordisk språkmangfald med ein gjeng målungdommer. Det vert utruleg kjekt. Har ikkje vore i Oslo på fleire år no, så på tide å ta turen. Eg gler meg.


fredag 28. juni 2013

Biletedryss frå utvekslinga i Tyskland


Som kjent har eg vore på ein måneds utveksling i Kiel frå april til mai. Det vart ikkje særleg tid til blogging, det var jo så mykje anna kjekt å gjere. Men litt forsinka kjem eit biletedryss frå opphaldet. Eit lite utval. Foto er for det meste teke av mi veninne Lovise.




Inngangen av Nord-Ost-See-Kanal.


Ein vakker strand vi fant etter ein 3 timars sykkeltur.





Ikkje akkurat badeveir, men fint lell.



Ikkje alltid like lett å posere. 





Fin reklameplakat.


Kosleg sjømannskafè ved havna.





Domkirka i Lübeck. Ein av eksursjonane vore i løpet av opphaldet. 




Ein kjempekosleg eteplass ute på vatnet.


Fine Synnøve.



Klassens høgaste i verdens morosamste heis på Landestag i Kiel.



Tårn.




Kieler Hafen.





Tivoli og pariserhjul ein laurdagskveld.



Strandpromenaden i Kiel. Kjempefin og kjempelang.



Ein av fleire joggeturar i løpet av opphaldet. Kjempefin joggeløpe ved kanalen.


....og gjennom ein dyrehage.


Eit av fleire kule bygg i Kiel.




Omvisning med Kalle og Åsmund, Eivind og Silje i klassen.




Ein av mange spelekveldar på kjøkenet,  med noko godt attåt.



Sykkeltur heim etter kveld på byen. I Kiel var det nattemørke, noko eg saknar.





Ein blomsteråker vi fant på sykkeltur.


Lovise, mitt reisefølge.




Og bevis på kor utruleg fotogen eg er.


Eg saknar Kiel. Det var eit fantastisk opphald.

søndag 28. april 2013

Livet i Tyskland

Som eg såvidt nemnte i det forrige innlegget mitt frå februar (Oisann, kvar blei dagane av?) er eg no på ein 1 mnds utveksling i Tyskland, nærmare bestemt havnbyen Kiel på Nordaust-kysten av Tyskland, ein destinasjon mangen er kjent med gjennom Color Line sin båt. No er eg derimot ikkje her som ein skandinavisk turist, men som Deutsch-Norwegish Lehrner zu Christian-Albrechts Universität.

Søndag den 14.april landa eg i Berlin saman med mitt reisefølge. To frå tyskklassen hadde valt same reiserute som meg, og det vart ein litt lang, men om kosleg togtur til første destinasjon: Hamburg. Sidan vi reiste til Tyskland ein dag før infomøtet og innlosjering, bestemte vi oss for å tilbringe søndagen i Hamburg, ein liten turs togtur frå Kiel. Allereie frå togstasjonen i Berlin fekk vi eit inntrykk av den tyske kulturen. Tyskarane er slettes ikkje sjenerte. Ei godt vaksen dame kom bort med oss medan vi stod ved bilettautomane i Berlin, og spurte om vi tilfeldigvis skulle til Hamburg og ville vere med å spleise på "Schönes Wochenende-ticket". For dei som forstår litt tysk er dette ein helgebillett, der ein kan reise så langt ein vil med tog i løpet av helga, opp til 5 personar for den nette sum av 42 euro. Taktisk nok valte vi å  slå oss saman med denne hyggelege dama, og togturen frå Berlin - Hamburg vart langt billigare enn forventa. Til samanlikning ville ein førehandsbestilling med regiontoget kosta 42 euro per pers eller meir på denne tida, så gruppebillett er absolutt lønnsamt. Men vi valte ei togrute som inkluderte lokaltog og eit bytte før vi kunne kome fram til destinasjonen, og det vart ein litt kjedleg reise ettersom det var trangt om plassen og vi med bagasjen fekk plassert oss ved eit klappsete. Men omsider kom vi fram til vakre Hamburg. Vi var litt spente på ankomsten, fordi vi på førehånd ikkje hadde bestilt overnattingsplass, men satsa på å finne eit billeg hostell. Åsmund hadde på førehand sjekka litt opp, og meinte det skulle ligge eit hostell rett ved jernbanestasjonen. Kva som låg i denne skildringa var eg ikkje sikker på, men eg håpte at det stemte. Jammen gjorde det det. Allereie då toget kjøyrte inn på stasjonen kunne eg sjå eit gigantisk bygg med påskriften "Hostell". Det visste seg å vere det same hostellet. Frå stasjonen tok det 4 minutt å kome seg til hostellet, og ledige privatrom for ein grei sum hadde dei. Hostellet var veldig moderne og rommet var ganske fint til å vere så sentralt og billig, så det er eit hostell eg kan anbefale om nokon skal reise til Hamburg ein dag. Meir sentralt får ein det nesten ikkje. Etter å ha innlosjert oss gjekk vi ut for å ete. Vi gjekk i ei gate "Lange Reie" med eit imponerande utval av internasjonale resturanter, og enda opp på ein italiensk ein. Ein fantastisk god italiensk pizza med lyst øl blei det første skikkelige måletidet for turen, som byrja godt. Etterpå gjekk vi og møtte ein anna klassekamerat og kusina hans. Hansi er halvt tysk og halvt "Hamburcher", med andre ord godt kjent med byen. Han hadde ein favorittbar der som han meinte serverte verdens beste Mojiotoer, og ein kort tur med S-bahnen var vi framme i den koslege baren. Diverre var dei tom for mynte, men i staden bestilte vi oss ein rekke med andre eksotiske drinker som var veldig gode. Til baren kom også Lovise, som hadde flydd til Hamburg og også skulle vere med oss vidare til Kiel neste dag.




Neste dag hadde vi litt tid til å vandre i Hamburg før toget gjekk til vår eigentlege destiansjon: Kiel. Morgonen overraska oss veldig positivt med strålande sol og utrulege 20 grader i skyggen. 2. dagen i Kiel vart altså ein sommardag og himmelen var blå og fin som ein kan sjå på biletet over frå Hamburg.

Ein og ein halv times togur til Kiel, og vi var framme. Der fekk vi etter litt inlosjert oss på studenthjemmet vårt, WAK, etter ein taxitur. Taxisjåføren kunne fortelje oss at det var 22 grader, og at det var den varmaste dagen i Kiel i år, og at det forrige veke hadde vore snø og kaldt! Snakk om å vere heldig. Studenthjemmet var ei positiv overrasking. Eg har rom heilt i 8.etasje (JA det er heis), og har utsikt over store delar av byen. Det er fantastisk. I tillegg har vi eiget bad på rommet, noko soom er ei solid standardheving frå Bergenskollektivet, der eg må dele bad med fire andre.

søndag 3. februar 2013

Slit (pluss ein rekke med deklinasjoner)

Eg føler at stresset går i kroppen 24/7 fortida. Denne helga har eg følt meg meir stressa enn avslappa. Det er ikkje alltid likegreitt å vere student (150% sogar), med frivillig arbeid (bladet er kome frå trykken og eg er blitt distrubsjonansvarleg og har brukt fleire timar denne veka på å få orden i distrubsjon og byrje å sende mail til utsalgsplassene for å krevje betaling for alle utgåvene frå i fjor. Les: Eg har fått overlatt eit distrubsjonsansvar som er veldig rotete). Desse timane kjenner eg på samvittigheten at eg heller burde ha brukt på lesing, og samvitet blir diverre ikkje betre av at eg no skal på jobb (Ja, for penga må ein jo tjene). Ikkje nok med at eg er distrubsjonsansvarleg, men ein må faktisk legge ut for alle smartkonvoluttane eg skal kjøpe (Eg ma legge ut ca 2000 kr for portoen). Sjølvsagt får eg det tilbake, men eg føler meg fattig når desse pengane plutseleg forsvinn frå kontoen. For å ikkje snakke om flybillettane til Tyskland som også må leggast ut for før vi får støtte frå insituttet og lånekassa. Eg veit det er pengar eg får tilbake, men det hindrar meg ikkje i å føle meg litt fattig.

Men det er eigentleg samvitten over at eg ikkje les så mykje utanom forelesingane som som er størst. Veit at den tyske grammatikken burde prioriterast, og har prokrastinert så langt eg kan heile helga. Har heller bruka tida på å trene og rydde litt. Eg byrja nett i stad, og må slå meg sjølv i hovudet over at eg ikkje har forstått kva forelesaren meinar når han har prata om "deklinasjoner" heile tida. Eg oppdagar no at det berre er eit fancy ord for bøyingstyper. Eg trudde det var noko avansert noko eg.

 I tillegg er eg forkjøla og har hatt feber og hovudpine, så eg har ikkje orka så mykje. Kjenner i slike tider at det hadde vore greitt med ein kjærast og eit godt og trygt forhold. Ein som kunne gå på butikken og kjøpe noko godt og lage god middag når eg er stressa og sjuk.

Nei, det får vere nok syting for i dag. Best å kome seg på jobb no. Det blir kanskje mi siste vakt på sjukeheimen. Har ikkje meldt meg opp til noko nytt og tenkjer å søkje på andre jobber. Elles har eg jo nok å gjere utanom, så kanskje eg berre får prøve meg eit semester med meget hard økonomi, og dermed gje slepp på goder som busskort, netflix og Spotify utan reklame. Det går jo. 

Ha ein fin søndag alle saman (I motsenting til meg, LAD batteria før ei ny veke)!


Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...