onsdag 2. oktober 2013

Tigerstad og haustkos

No er det alt for lenge sidan eg har blogga igjen. Når eg tenkjer på kor travel kvardag eg har hatt det dette året, så er det ikkje rart. Med nærmare ettertanke bestod vårsemesteret av litt jobbing, 45 studiepoeng, redaksjonsarbeid med utgjeving av to temanummer (der det eine var dobbeltnummer sogar), 1 mnds utveksling i Tyskland og den hardaste eksamenstida eg har hatt i mine 3 år på universitetet. Å studere tysk er utruleg lærerikt, men har enormt mykje fleire obligatoriske krav enn det litteratur og nordisk har hatt. Alt i alt er eg nøgd med innsatsen min, det var mykje gode karakterer til utdeling, men diverre og ein merkeleg samansetning av delkarakterer som gjorde til at ein B saman med ein C blei til C, og liknande.

Sumaren gjekk stort sett til jobbing, med nokre fridager innimellom. Det var mykje dårleg veir, men fekk likevel gått ein del fjellturar og hadde kvalitetstid med vener og familie.

No er det haust igjen og eg er tilbake i Bergen. Men sidan i vår har eg flytta frå Sandviken til Landås. Eg har altså flytta litt ut i periferien, men reisetid med buss gjer veldig opp for det når eg bur mykje billigare, disponerer ein stor hybel for meg sjølv med eigen kjøkkenkrok, og kun deler toalett og dusj med tre andre. I tillegg har eg ei fantastisk utsikt og naturen kjennes litt nærmare her, noko som er fint. Har allereie blitt to turer på Ulriken via Natlandsfjellet denne hausten, sidan eg bur rett i nærleiken. Det er fint å ha slike flotte naturmoglegheiter.




Her er den fantastiske utsikten frå hybelen min. Er det ikkje fint?

Eg held fram med årsstudiumet i tysk, og gleder meg stadig over kor fantastisk flott miljø det er i klassen. Det er veldig vanskeleg å ikkje bli glad i alle, og vi heng mykje saman på fritida: Allereie no går vi på frivillige kollokvier fleire dager i veka, et ofte middag på studentsenteret saman, er på filmkveld med kvarandre og går gjerne ut på byen saman. Vi er ikkje redde for å stille dumme spørsmål på kollokvier, vi hjelp kvarandre med å bli flinke og å oppmuntre, og det er så utruleg fint. Miljøet på litt.vit var også bra, men var større og blei meir upersonleg. Det enda med meir eller mindre umedvitne grupperinger, men dette er ikkje veldig tydeleg med tyskklassen. Eg trivast så utruleg godt med tysk også, at om alt det formelle går i orden, blir det sannsynlegvis bacheloroppgåve på meg til våren, og tysk master til hausten. Sjølv om det vil bli utruleg krevjande å skrive ei heil masteroppgåve på tysk, er eg mykje meir motivert til det enn å skrive master i litteratur. Det vil bli krevjande, men eg vil få utruleg mykje att for det når eg er ferdig. Sannsynlegvis blir det pedagogikk seinare etter det, for eg ser for meg livet som tysklærar.

I morgon blir det helgetur til Tigerstaden for å delta på Ungdomskonferanse om Nordisk språkmangfald med ein gjeng målungdommer. Det vert utruleg kjekt. Har ikkje vore i Oslo på fleire år no, så på tide å ta turen. Eg gler meg.


1 kommentar:

  1. Du skulle ha kommet til Oslo litt før, så kunne vi møttes :) Jeg besøker deg forøvrig gjerne i den nye hybelen din. Høres fantastisk ut å ha et så klart bilde av framtida. Må si du virker veldig optimistisk og har ei flott holdning til alt som måtte komme. Ønsker deg masse lykke til med tyskstudiene, det gleder meg å lese at du har det så bra!

    SvarSlett

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...