Det har blitt eit nytt år,
faktisk er nesten ein av tolv måneder allereie gått. Det vil seie at det er
endå fleire månedar sidan eg blogga sist. Spesielt påfallande sidan eg faktisk
har hatt over ein måned lang juleferie, men den første delen av juleferien var
eg lat, og etterkvart blei det jo travelt med julekosen. Eg kjente heller
behovet for å nyte feriedagene, i stadenfor å setje meg ned for å blogge.
Dessutan har eg faktisk ikkje hatt heilt fri i juleferien. Eg er nemleg blitt
redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet her på UiB, så eg har jobba med å
kommentere ein del tekstar. På tysdag gjekk bladet endeleg i trykk, og snart
har eg snart bladet i hendene – som eg har vore med på å utforme. Det blir ein
herleg kjensle.
2013 altså. Eg har
eigentleg ikkje kasta meg på nokre nyttårsforsetjer – anna enn at eg skal prøve
å få reist til syden i år. I tillegg har eg tenkt at eg må bli flinkare til å
blogge litt om min kvardag.
Eit lite glimt frå jula. Det vart heldigvis ingen orkan i (fjor)årets julefeiring.
Så, kva har skjedd sidan
”Midtvegs i semesteret?”. Naturleg nok er eg ferdig med det nevnte semester, og
det gjekk riktig bra med nordiskfaga. Så kva gjer eg no?
Dette semesteret er
eigentleg det siste i min bachelorgrad. Eg synes at tida har gått sjukt fort,
det kjennes nesten som eg nettopp flytta til Bergen i grunn. Samstundes som eg
har opplevd mykje kjekt i den tida.
Dette semesteret har eg
byrja på tysk årsstudium, samstundes som eg faktisk tek eit ekstra fag (Endå
eit nordisk). Altså kjøyre eg på med 45 studiepoeng. Nokre meiner det er ganske
ambisiøst, iallfall er reaksjonane derhenn når andre spørr kva eg tek. Eg tek
det heile med stor ro, fordi eg veit at eg kan ta eksamen oppatt og i tillegg
kan melde meg av den 14 dagar i forvegen om eg finn ut at det ikkje går. Så det
skadar ikkje prøve. Grunnen til at eg legg opp studieløpet slik, er fordi eg
vil ha alle dører opne. Kjøyrer eg same opplegg i haust med siste rest av
tyskfaga og det siste nordiskfaget som eg manglar, kan eg om eit år studere
Praktisk-pedagogisk utdanning og dermed vere ferdigutdanna lærar om 2 år.
Tysktimane er ufatteleg
kjekke. Det er litt som å vere tilbake på VGS att. Det er små seminarrom og vi
er ikkje så mange. Det blir lagt vekt på mykje deltakelse i timane, og det er
veldig variert. I tillegg til at undervisninga foregår på tysk. Eg trur dette
semesteret blir veldig lærerikt. Spesielt sidan eg skal på 5 vekers utveksling
til Kiel frå midten av april til mai. Det kjem til å bli veldig kjekt!
Elles skjer det mykje kjekt
i byen som alltid. Forrige helg var Randi på besøk i Bergen før ho reiser
nedatt til kulturstudier i Nigaragua. Gjekk faktisk frivillig på Kvarteret for
å høyre på ein rekke med DJs som spelte, og dansa til. Ein av dei kjekkaste
kveldane eg har hatt ute på lenge. Nei, det var ei kjekk helg. Denne helga må
derimot bli rolegare, som vanleg ligg eg litt på etterskudd med pensum og har
ein del andre gjeremål.
Kanskje får eg til og med
tid til meir blogging. Over og ut!
Kjekt med en oppdatering igjen:) Kiel blir nok fantastisk :)
SvarSlett