søndag 26. desember 2010

Julafta


Julekvelden var ei fin oppleving. For første gang på fleire år gjekk alle s
aman i familien, sidan skilsmissen. Ja, set bortsett i frå søstera mi som svikta og reiste til Nordfjordeid for å feire jul med kjærasten, kva ho enn skulle der å finne. Men søster, du gjekk glipp av ei fin feiring med tolv store og små samla til julemiddag, og etterpå julegåveåpning og kaffedrikking, sjokoladeeting og brettspel.


Under det grøne glitrande tre var det visst gåver til meg også. Og ikkje berre lite, men jøye meg så mykje fint! Nydelig strikka hua av Kjersti, tjukkesokkar av Tessa som eg har på meg i skrivande stund. Pysjbukse frå Kjersti og Tessa som eg også har på meg i skrivande stund. Elles: Jølster 2008-boka som eg definitvt må kome tilbake til seinare, te, bøker, Lost sesong 6, Sex and the city 2, øyenskygge, vottar, gåvekort, to flasker med baylies, sjokolade, innramma bilete av småsøskena mine, perlekjede og tegning. Tusen takk for herlige gåver til alle som var med å bidra. Det er ei stor glede!

Julafta i år var med andre ord ein sukees med alt det som høyrte med; tre nøtter til askepott, verdens artigaste gudstjeneste (vi måtte ta ansvar for gudstjeneasta ved å tegne handa vår og skrive navn på eit lang rull med papir som låg langs midtgangen i kyrkja), god mat, familiekos, gåver og spel. Eg er glad og nøgd.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...