tirsdag 5. april 2011

Tankespinn

Lei av å skrive og deadline hengande over haudet. Tenkjer det ikkje er så nøye med denne oppgåva, at det er viktigare ting. Som at det er viktigare å vere glad, viktigare å ikkje vere fanga i fengselet av pliktar. Viktigare å ikkje ha dårleg samvitt om alt. Kanskje Montaigne ville ha sagt det same? Montaigne var berre ein tenkar, ein genial tenkar som gjorde noko fantastisk fint med å finne opp essayet. Å tenkje at eg burde tenkje i slike baner når oppgåva skal skrivas, men alt anna freistar meir.


Som å tenke på at det er snart er påske. Påske er ei fin tid, ei fin tradisjon - kristen eller ei. Tid for å lese bøker, påskemorning og lukta av påske. Kvikklunsj, appelsiner, kakao og vårvarm sol. Spenning i lufta. Nordmenn på hyttetur, påskekrim og påskeegg.



Så kven vil eg vere i alt dette? Med i den kollektive tanke, eller invidualist - fri frå påverknard? Er det i det heile teke muleg, og er det eit ønskje? Vil eg vere ein del av påsketradisjonen? Så lenge eg finn glede i den, er det same for meg om eg tek del i noko kollektivt eller ei.



Vil eg skrive? Vil eg vere ein forfattar? Kva er ein forfattar? Personeleg er skrivinga for meg ein berg og dalbane. Av og til er det ei rein glede, ei kjelde til guddommelighet. Andre dagar kjennas skrivinga som ein mørk avgrunn - ein ende eg ikkje kan sjå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...