Etter den hyggelige legetimen med hyggelige prøveresultat ('knallgod' blodprosent i følge legen) møtte eg fine Jorunn og Tessa i sentrum av Skei. Sola knalla til med fantastisk veir og Jølster viste seg frå si beste side. Vi måtte feire denne fine dagen med is og herlig prat om alt frå myten om kvinnen i den røde kjolen til litt sjukeheimsprat. Veldig koselig!
Seinare på ettermiddagen kom mi kjære søster til Jølster, vi laga god mat, tulla og såg ein betre film basert på ein nesten tåredryppande historie.
Laurdag var det igjen på tide med jobb, som blei koselig arbeidsdag. I byrjinga var det stille før stormen, så vi lagde Astrup-quiz, spelte kort og fant ut at vi ville lage pannekake til oss sjølv. På kvelden inviterte eg til brettspel hos meg, noko som blei veldig koselig. Ingenting som å spele ein runde scrabble og gode, gamle memo.



I dag var nok ein spennande men utfordrande dag på jobb. Det var jammen mange som vitna Astruptunet! Etter jobb måtte eg kaste meg over kakebaking til ære for min broder som fylle 24 år i dag. Så det har blitt kake og kaffi i dag også. Ikkje nok med det, men i morgon skal eg i endå ein bursdagsfeiring og eg legg planer om å bake endå ei kake.Fine dagar med andre ord, til trass for mykje jobbing. Eg kom til å rekne på det - på torsdag har eg vore heime i 34 dagar, og eg har jobba 32 av dei. Pretty sick! Heldigvis skal eg ha tre dager fri frå torsdag av, og det skal utnyttast med ein helgetur til Bergen. Gleda meg til å sjå byen att, sjølv om eg ikkje har lagt så mange planar. Anna enn at rombytte stor og bursdagsgåveinnhandling må til. I min produktive familie har nemmelig 7 stykke bursdag (inkludert meg) i sommarferien.
Sommarferie er fint.




