tirsdag 31. juli 2012

Ferie og heisatur


Avslapping på altanen ein solskinnsdag


På veg heim frå Bolsetnipa. Spanande topptur med både snø, vind, regn og sol.

Kafébesøk i Olden.



På veg til Olden i dag tidleg, på veg over fjellet. Utsikten var magisk!

Det hende sånn av og til at eg har fri, til trass for at eg jobbar 100% denne sumaren. Denne veka har eg faktisk ferie. Noko som kom like brått på denne gongen som med påskeferien. Eg har ikkje vore særleg flink til å planlegge sumaren. Til trass for at eg i byrjinga av juni visste at eg kom til å ha ferie denne veka her, gjorde eg ikkje noko større forsøk på å få til ein ferietur. Eg fekk sjølvsagt eit innfall for ei veke sidan om at eg kanskje burde tenke på å utnytte denne veka med fri til å reise på ferie, og plutseleg hadde eg ei venninne som er i Italia no. Eg vurderte ei stund å kjøpe flybilletta til Roma og tilbringe nokre daga der. Men sidan planleggingsfasen byrja så seint, flybillettane ikkje er så billige og det er uvisst kor venninna mi er no i Italia, gav eg opp til slutt. Så då vart det norsk sumar på meg i år. Heilt greitt innimellom, sjølv om eg kjenner på meg at eg snart vil ha ein utenlandstur att. Eg og ei anna venninne snakkar om Romatur i september eller oktober, og elles snakkar eg og søs om tur til New York i haust. Ein av delane skal eg få til. Det er eg bestemt på. Eg tek meg ei veke med haustferie sjølv om UiB ikkje skulle vere einig. Etter denne jobbsumaren har eg fortjent det. Ei veke ferie er ikkje noko særleg å skryte av etter å ha jobba eit hardt semester med bacheloroppgåve.

Likevel så må ein jo gjere det beste ut av norsk sumar. Det synes eg at eg har gjort etter beste evne så langt, til trass for at eg har vore mykje sliten av all jobbinga. Eg har hatt ein god del flaks med fridagane mine og veir, så langt det har latt seg gjere. Det må seiast å vere ganske imponerande med tanke på korleis veiret har vore denne sumaren så langt. Eg fekk besøk av venninnene Randi og Astrid, for godt over ei veke sidan. Dei var her i to daga, og eine dagen var det bra nok veir til å få ein herleg topptur på fjellet. 1214 moh, ikkje verst. Så fekk eg vist dei Jølster på det finaste. Elles starta ferieveka mi med sol heile dagen i går, noko som blei brukt på rekreasjon på altanen. Ikkje at eg forsøkte å bli brun, eg satte meg faktisk i skyggen etterkvart fordi eg smelta vekk. Eg fekk imidlertid lest mykje i bok, og snart er eg ferdig med ein  1Q84-serien til Murakami, som består av 3 bøker. Elles var det kake på dag 2 for å feire nevøen min Leander, som har blitt heile 2 år.

I dag reiste eg og nokre vennar på såkalla 'heisatur' mot Nordfjord. Vi reiste eins ærend ein time til småbygdene Innvik og Olden for å gå på Moods of Norway, Ricco Vero og Skogstad sitt sumarutsalg. Det var sistnemnte som var interessant for meg. Eg har sikra meg til vinteren no, for ein fin og supervarm boblejakke vart med meg heim. 400 kr, eg elskar sumarutsalg! Den opprinnlege prisen er eigentleg 1400, så det kjennas godt å ha gjort eit kupp. Sjølv om eg ser ein tanke svær ut, så skal det bli deilig å ta på seg denne jakka på ekstra kalde vinterdaga. Så, eg er allereie klar for vinteren eg. Heiter ikkje dårleg veir, det finnas berre dårlege kle! Haustens utfordring blir herved å finne meg nokre gode vintersko som toler både det bergenske veiret og dei fine men enn så plagsomme brusteinane.

Etter den lille heistaturen vår i vakre omgjevnader satte vi oss på ein fin kafé i Olden. Medan vi prata og observerte alle turistane koste vi oss med kaffe og for min del: blåbærpai. Den var faktisk heilt fantastisk god. Så god at eg faktisk tenkjer at eg i morgon skal ut og plukke blåbær i hagen og prøve å gjennskape ein pai som er like god. Dette, trening og avslapping er planen. Så blir det truleg Bergenstur på torsdag med søstera. Har ingen spesielle planer, men trur det blir godt å reise litt.
Trur det blir ei kjekk avslutning på mi lille ferieveke.

tirsdag 3. juli 2012






Livsteikn! Joda, eg lev i beste velgåande. Til trass for at det er nesten tre månedar sidan eg blogga sist. Eg kan fortelje at eg overlevde eksamenstida og no har ein spesialisering i litteraturvitskap med ganske greitt snitt. Iallfall godt nok til å søkje om minstekravet på master, og det er no godt å ha greie på. Elles har eg meldt meg opp til to nordisk fag til hausten, og gler meg litt til å ta fatt, sjølv om eg er litt nervøs for alt som har med grammatikk, fonetikk og fonologi å gjere, men det går seg sikkert til.

Eg er tilbake i Jølster for sumaren, og her går det som før i turistinformasjon og bygdelivet. Ganske så kjekt, eg har allereie rukket å gå bretur, noko som var heilt fantastisk kjekt. Ferie og ingen pensum tyder anna skjønnlitteratur, og nett no går det i 1Q84 av Murakami, ei bok eg kanskje kjem til å blogge om seinare. Også Ally McBeal då.

For no: over og ut! Skal prøve å kome med litt hyppigare blogginnlegg.

onsdag 25. april 2012


Kva skal ein seie? At tida flyr er ingen klisjé. Det er berre studentkvardagen og eksamenstid som nærmar seg. Under ein måned att til at bacheloroppgåve skal vere levert, og skuleeksamen i litteratur og retorikk skal vere overstått. Det er jo veldig snart det, ikkje heilt sikker på om det er bra eller dårleg, har eit ambivalent forhold til det. Elles går det i bileteredigering, litt sosiale saker, studentkost, studentpolitikk, litt jobbing, soving og ja.. Det går mykje i lesing av tysk sekunderkjelder (det er faktisk kjekt, eg trur eg må studere tysk også), Hölderlin, kaffe, litt The Wire, litt lesing av Renberg, mykje kvitring, mykje lytting til Susanne Sundfør og The Silicone Veil. Det har gått i lungeinfeksjon og antibiotika også, sjølvsagt. Det er litt vanskeleg å kome unna slikt med mitt litt nedsatte immunforsvar, men elles har eg haldt meg overraskande frisk, enn så lenge det held seg. Elles prøvar eg å vere flink til å skrive rett nynorsk, prøvar også å planleggje framtida mi, noko som er vansklegare. Klarer ikkje finne ut om eit år med nordisk og studentpolitikk er det luraste, eller om eg skal ta eit semester med halvrelevante emner og fagutvalarbeid, så utveksle til Nicaragua neste vår.  For så å etterfølgje med poststudier i Bergen, mest truleg meir språkfag (spansk og tysk) for så å ta oversetjingsstudie i etterkant. Tanken på master ein gong i framtida er heller ikkje så avskrekkande , eller tanken på å utvide horisonten min med litt tverrfaglegheit. Kva med psykologi, sosiologi, media, juss? Nei, moglegheitane er mange, det er det einaste eg er sikker på.


søndag 1. april 2012

Påskeferie?







Tida går så fort at til og med slikt som påskeferie kjem brått på. Påskeferie, no? Eg merkar at hjernen ikkje er mentalt forberedt på ferie, noko som må seiast å vere særs unormalt. Det kan også ha noko med å gjere at eg uansett ikkje skal ta heilt påskefri, fordi: A) Bacheloroppgåve og pensumlesing sjølvsagt, dette må nok prioriterast. B) Eg er endå i Bergen, og jobba seinvakt i går. Jobbemodus, ikkje feriemodus C) Eg skal ikkje feire påske i Jølster for første gong på 20 år. Eg skal faktisk ta toget til Voss i morgon eller tysdag for å vere med mamma og hennar nye pendlartilveire i Eidfjord. Det er litt uvant, men eg trur det blir kjekt. Forhåpentlegvis vil eg merke litt meir av påskestemninga då.

Har likevel tatt litt lesefri i helga. Helga ser eg tross alt på som studiefri. Difor går det i Tore Renberg og Charlotte Isabel Hansen. Dette er den første Renberg-boka eg les. Ja, tru det eller ei. Eg byrja ikkje på litteraturvitskap fordi eg ville vere Jarle Klepp.

Elles går det lite i blogging om dagen, men det er mykje å gjere, og mykje å ta stilling til. Det største eg har tatt stilling til i det siste, er utvekslingsplanane. Dette er forresten ikkje ein aprilspøk, altså. Eg har etter fleire veker med mykje tenking, kome fram til at eg utsetjer Argentina på ubestemt tid. Dette er det fleire grunnar til, blant anna økonomiske, men mest av alt grunna nye reglar som kulturstudier må rette seg etter: oppgradert spansk som krev eit omfattande forkurs. Valalternativet er å reise ned 1 måned tidligare, for å ta kurset der nede, men dette er ikkje er mogeleg for meg, grunna sommarjobb og økonomi. Eit anna forslag var eit ti vekers nettkurs med 10 timar i veka frå 7.mai, men dette kræsjar jo intelligent nok med eksamensperioda. Nei, lett skal det ikkje vere. Difor har eg meldt meg av haustens kurs, og det ser heller ut til at det blir eit år med nordisk fag på meg (frie studiepoeng). Eg har eigentleg heile tida hatt ein dårleg kjensle på å skulle reise til hausten, så dette er nok det rette valet her og no. Om ikkje anna kjem det fleire mogeleigheitar, for dette kan eg jo ta utanom bachelorgraden min. Det er jo trass alt ikkje gjennom UiB.

Kanskje blir det litt meir blogging i den såkalla påskeferien. Det blir jo ikkje berre lesing, då. Eg draumer forresten mykje om sol og varme dagar. Bergen gav ein forsmak, også kom faceslappen med kulde og regn. Idioti. Kom, sumar og sol!

søndag 11. mars 2012

Ticket to ride



Wow! Eg lar meg imponere over vokalpresentasjonen til Karen i Carpenters. Veldig alternativ tolkning til Beatles sin versjon.

lørdag 10. mars 2012

Elleve minutter

«Jeg vil sitere Platon, siden jeg sto ovenfor en intellektuell. Ifølge Platon var mann og kvinne ved skapelsens begynnelse ikke slik de er i dag. Det var bare ett vesen, kortvokst, med en kropp og en hals, men hodet hadde to ansikter som så hver sin vei. Det var som om to vesener hang sammen i ryggen, med to forskjellige kjønn, fire armer og fire ben.

Men de greske gudene var misunnelige, for de så at en skapning med fire armer kunne arbeide mer, med et ansikt hver vei var de alltid årvåkne og kunne ikke angripes bakfra, og med fire ben var de bedre rustet til å stå eller gå lenge av gangen. Og de farligste var at skapningen hadde to forskjellige kjønn, slik at den ikke trengte andres hjelp til å formere seg. Da sa Zevs, den høyeste av Olympens guder: «Jeg har en plan for å få disse dødelige til å miste sin kraft.».

Med et lyn delte han denne skapningen i to, og slik skapte han mann og kvinne. Dermed ble det mange flere mennesker på jorden, og samtidig ble befolkningen forvirret og svekket, for nå måtte hver og en søke sin tapte halvdel for å omfavne den på ny, og i denne omfavnelsen få tilbake sin gamle kraft, evnen til å unngå bakholdsangrep, utholdenheten som skulle til for å gå langt og tåle trettende arbeid. Dette favntaket, hvor to kropper på ny smelter sammen til en, kaller vi sex».

Paulo Coelho, Elleve minutter

fredag 2. mars 2012

Dag 10.

Dag 10, og framleis ikkje heilt frisk. Har fått energien tilbake, men er framleis forkjøla. Snufsar og går rundt med ein hesleg stemme. Ja, høyres ut som eg skulle vere ein pubertetsgutt i stemmeskifte. Det er nok eit virus, sa legen og gav meg resept på morfinholdleg hostesaft (sukk) og sa eg berre fekk ta det med ro og gløyme treninga til eg er frisk (men eg juksa, eg gjekk på zumba på mandag, store treningsabsistensa). Har tilbragt mykje tid på lesesalen, med ein enorm vimsing ut og inn av rommet for å hoste litt og sånt. I det minste har eg fått vert effektiv med studiene, og fått starta på bacheloroppgåva. I går var eg dessutan på eit kjempeinspirerande foredrag på SV-fakultet (som einaste HF-ar), der to danskar fortalte om bedrifta si. Dei forklarte korleis humanistiske og sosiologiske fag er viktige fag i samfunnet, og korleis det kan brukast til løyse ulike oppgåver.


Litt bileteredigering skjer når ein er sjuk. Ser litt ut som eg har snusleppe.. det har eg ikkje, altså.

Har vore litt sosial på fakultetspuben vår også, og bryna hjernen på quiz. Det er liksom det ein kan gjere når ein er forkjøla. Denne fredagskvelden blir tilbragt med kakao med mintsmak (namm) og serier. Vener er reist på vinterferie, så eg kjedar meg ekstra. Men det tyder at eg sikkert får gjort litt meir studier. Satsar på at eg har litt meir stemme i morgon, i allfall neste veke, for då skjer det mykje spenande på det litterære planet: fleire foredrag + fagfest som eg og resten av fagutvalet arrangerer!

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...