tirsdag 3. juli 2012
Livsteikn! Joda, eg lev i beste velgåande. Til trass for at det er nesten tre månedar sidan eg blogga sist. Eg kan fortelje at eg overlevde eksamenstida og no har ein spesialisering i litteraturvitskap med ganske greitt snitt. Iallfall godt nok til å søkje om minstekravet på master, og det er no godt å ha greie på. Elles har eg meldt meg opp til to nordisk fag til hausten, og gler meg litt til å ta fatt, sjølv om eg er litt nervøs for alt som har med grammatikk, fonetikk og fonologi å gjere, men det går seg sikkert til.
Eg er tilbake i Jølster for sumaren, og her går det som før i turistinformasjon og bygdelivet. Ganske så kjekt, eg har allereie rukket å gå bretur, noko som var heilt fantastisk kjekt. Ferie og ingen pensum tyder anna skjønnlitteratur, og nett no går det i 1Q84 av Murakami, ei bok eg kanskje kjem til å blogge om seinare. Også Ally McBeal då.
For no: over og ut! Skal prøve å kome med litt hyppigare blogginnlegg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Frå student til jobblivet
Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...

-
I dag fekk eg desse to vitnemåla i posten. Bevis på at eg har klart å oppnå to bachelorgrader på 4 år: Eit i tysk og eit i litteraturvits...
-
After great pain, a formal feeling comes- The Nerves sit ceremonious, like Tombs- The stiff Heart questions was it He, that bore, and Yester...
-
Hurra for fredag, hurra for helg! HF-fakultet har vore så kjekke at dei har hatt fagutval eller møte eller eit slags, slik at det ikkje har ...
Ta meg med på brevandring en gang! Jeg har forresten fortsatt en ring liggende hos deg fra jeg var på besøk for to høster siden :p
SvarSlett