søndag 28. april 2013

Livet i Tyskland

Som eg såvidt nemnte i det forrige innlegget mitt frå februar (Oisann, kvar blei dagane av?) er eg no på ein 1 mnds utveksling i Tyskland, nærmare bestemt havnbyen Kiel på Nordaust-kysten av Tyskland, ein destinasjon mangen er kjent med gjennom Color Line sin båt. No er eg derimot ikkje her som ein skandinavisk turist, men som Deutsch-Norwegish Lehrner zu Christian-Albrechts Universität.

Søndag den 14.april landa eg i Berlin saman med mitt reisefølge. To frå tyskklassen hadde valt same reiserute som meg, og det vart ein litt lang, men om kosleg togtur til første destinasjon: Hamburg. Sidan vi reiste til Tyskland ein dag før infomøtet og innlosjering, bestemte vi oss for å tilbringe søndagen i Hamburg, ein liten turs togtur frå Kiel. Allereie frå togstasjonen i Berlin fekk vi eit inntrykk av den tyske kulturen. Tyskarane er slettes ikkje sjenerte. Ei godt vaksen dame kom bort med oss medan vi stod ved bilettautomane i Berlin, og spurte om vi tilfeldigvis skulle til Hamburg og ville vere med å spleise på "Schönes Wochenende-ticket". For dei som forstår litt tysk er dette ein helgebillett, der ein kan reise så langt ein vil med tog i løpet av helga, opp til 5 personar for den nette sum av 42 euro. Taktisk nok valte vi å  slå oss saman med denne hyggelege dama, og togturen frå Berlin - Hamburg vart langt billigare enn forventa. Til samanlikning ville ein førehandsbestilling med regiontoget kosta 42 euro per pers eller meir på denne tida, så gruppebillett er absolutt lønnsamt. Men vi valte ei togrute som inkluderte lokaltog og eit bytte før vi kunne kome fram til destinasjonen, og det vart ein litt kjedleg reise ettersom det var trangt om plassen og vi med bagasjen fekk plassert oss ved eit klappsete. Men omsider kom vi fram til vakre Hamburg. Vi var litt spente på ankomsten, fordi vi på førehånd ikkje hadde bestilt overnattingsplass, men satsa på å finne eit billeg hostell. Åsmund hadde på førehand sjekka litt opp, og meinte det skulle ligge eit hostell rett ved jernbanestasjonen. Kva som låg i denne skildringa var eg ikkje sikker på, men eg håpte at det stemte. Jammen gjorde det det. Allereie då toget kjøyrte inn på stasjonen kunne eg sjå eit gigantisk bygg med påskriften "Hostell". Det visste seg å vere det same hostellet. Frå stasjonen tok det 4 minutt å kome seg til hostellet, og ledige privatrom for ein grei sum hadde dei. Hostellet var veldig moderne og rommet var ganske fint til å vere så sentralt og billig, så det er eit hostell eg kan anbefale om nokon skal reise til Hamburg ein dag. Meir sentralt får ein det nesten ikkje. Etter å ha innlosjert oss gjekk vi ut for å ete. Vi gjekk i ei gate "Lange Reie" med eit imponerande utval av internasjonale resturanter, og enda opp på ein italiensk ein. Ein fantastisk god italiensk pizza med lyst øl blei det første skikkelige måletidet for turen, som byrja godt. Etterpå gjekk vi og møtte ein anna klassekamerat og kusina hans. Hansi er halvt tysk og halvt "Hamburcher", med andre ord godt kjent med byen. Han hadde ein favorittbar der som han meinte serverte verdens beste Mojiotoer, og ein kort tur med S-bahnen var vi framme i den koslege baren. Diverre var dei tom for mynte, men i staden bestilte vi oss ein rekke med andre eksotiske drinker som var veldig gode. Til baren kom også Lovise, som hadde flydd til Hamburg og også skulle vere med oss vidare til Kiel neste dag.




Neste dag hadde vi litt tid til å vandre i Hamburg før toget gjekk til vår eigentlege destiansjon: Kiel. Morgonen overraska oss veldig positivt med strålande sol og utrulege 20 grader i skyggen. 2. dagen i Kiel vart altså ein sommardag og himmelen var blå og fin som ein kan sjå på biletet over frå Hamburg.

Ein og ein halv times togur til Kiel, og vi var framme. Der fekk vi etter litt inlosjert oss på studenthjemmet vårt, WAK, etter ein taxitur. Taxisjåføren kunne fortelje oss at det var 22 grader, og at det var den varmaste dagen i Kiel i år, og at det forrige veke hadde vore snø og kaldt! Snakk om å vere heldig. Studenthjemmet var ei positiv overrasking. Eg har rom heilt i 8.etasje (JA det er heis), og har utsikt over store delar av byen. Det er fantastisk. I tillegg har vi eiget bad på rommet, noko soom er ei solid standardheving frå Bergenskollektivet, der eg må dele bad med fire andre.

søndag 3. februar 2013

Slit (pluss ein rekke med deklinasjoner)

Eg føler at stresset går i kroppen 24/7 fortida. Denne helga har eg følt meg meir stressa enn avslappa. Det er ikkje alltid likegreitt å vere student (150% sogar), med frivillig arbeid (bladet er kome frå trykken og eg er blitt distrubsjonansvarleg og har brukt fleire timar denne veka på å få orden i distrubsjon og byrje å sende mail til utsalgsplassene for å krevje betaling for alle utgåvene frå i fjor. Les: Eg har fått overlatt eit distrubsjonsansvar som er veldig rotete). Desse timane kjenner eg på samvittigheten at eg heller burde ha brukt på lesing, og samvitet blir diverre ikkje betre av at eg no skal på jobb (Ja, for penga må ein jo tjene). Ikkje nok med at eg er distrubsjonsansvarleg, men ein må faktisk legge ut for alle smartkonvoluttane eg skal kjøpe (Eg ma legge ut ca 2000 kr for portoen). Sjølvsagt får eg det tilbake, men eg føler meg fattig når desse pengane plutseleg forsvinn frå kontoen. For å ikkje snakke om flybillettane til Tyskland som også må leggast ut for før vi får støtte frå insituttet og lånekassa. Eg veit det er pengar eg får tilbake, men det hindrar meg ikkje i å føle meg litt fattig.

Men det er eigentleg samvitten over at eg ikkje les så mykje utanom forelesingane som som er størst. Veit at den tyske grammatikken burde prioriterast, og har prokrastinert så langt eg kan heile helga. Har heller bruka tida på å trene og rydde litt. Eg byrja nett i stad, og må slå meg sjølv i hovudet over at eg ikkje har forstått kva forelesaren meinar når han har prata om "deklinasjoner" heile tida. Eg oppdagar no at det berre er eit fancy ord for bøyingstyper. Eg trudde det var noko avansert noko eg.

 I tillegg er eg forkjøla og har hatt feber og hovudpine, så eg har ikkje orka så mykje. Kjenner i slike tider at det hadde vore greitt med ein kjærast og eit godt og trygt forhold. Ein som kunne gå på butikken og kjøpe noko godt og lage god middag når eg er stressa og sjuk.

Nei, det får vere nok syting for i dag. Best å kome seg på jobb no. Det blir kanskje mi siste vakt på sjukeheimen. Har ikkje meldt meg opp til noko nytt og tenkjer å søkje på andre jobber. Elles har eg jo nok å gjere utanom, så kanskje eg berre får prøve meg eit semester med meget hard økonomi, og dermed gje slepp på goder som busskort, netflix og Spotify utan reklame. Det går jo. 

Ha ein fin søndag alle saman (I motsenting til meg, LAD batteria før ei ny veke)!


torsdag 24. januar 2013

Totusenogtretten


Det har blitt eit nytt år, faktisk er nesten ein av tolv måneder allereie gått. Det vil seie at det er endå fleire månedar sidan eg blogga sist. Spesielt påfallande sidan eg faktisk har hatt over ein måned lang juleferie, men den første delen av juleferien var eg lat, og etterkvart blei det jo travelt med julekosen. Eg kjente heller behovet for å nyte feriedagene, i stadenfor å setje meg ned for å blogge. Dessutan har eg faktisk ikkje hatt heilt fri i juleferien. Eg er nemleg blitt redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet her på UiB, så eg har jobba med å kommentere ein del tekstar. På tysdag gjekk bladet endeleg i trykk, og snart har eg snart bladet i hendene – som eg har vore med på å utforme. Det blir ein herleg kjensle.

2013 altså. Eg har eigentleg ikkje kasta meg på nokre nyttårsforsetjer – anna enn at eg skal prøve å få reist til syden i år. I tillegg har eg tenkt at eg må bli flinkare til å blogge litt om min kvardag.


Eit lite glimt frå jula. Det vart heldigvis ingen orkan i (fjor)årets julefeiring.

Så, kva har skjedd sidan ”Midtvegs i semesteret?”. Naturleg nok er eg ferdig med det nevnte semester, og det gjekk riktig bra med nordiskfaga. Så kva gjer eg no?
Dette semesteret er eigentleg det siste i min bachelorgrad. Eg synes at tida har gått sjukt fort, det kjennes nesten som eg nettopp flytta til Bergen i grunn. Samstundes som eg har opplevd mykje kjekt i den tida.
Dette semesteret har eg byrja på tysk årsstudium, samstundes som eg faktisk tek eit ekstra fag (Endå eit nordisk). Altså kjøyre eg på med 45 studiepoeng. Nokre meiner det er ganske ambisiøst, iallfall er reaksjonane derhenn når andre spørr kva eg tek. Eg tek det heile med stor ro, fordi eg veit at eg kan ta eksamen oppatt og i tillegg kan melde meg av den 14 dagar i forvegen om eg finn ut at det ikkje går. Så det skadar ikkje prøve. Grunnen til at eg legg opp studieløpet slik, er fordi eg vil ha alle dører opne. Kjøyrer eg same opplegg i haust med siste rest av tyskfaga og det siste nordiskfaget som eg manglar, kan eg om eit år studere Praktisk-pedagogisk utdanning og dermed vere ferdigutdanna lærar om 2 år.  
Tysktimane er ufatteleg kjekke. Det er litt som å vere tilbake på VGS att. Det er små seminarrom og vi er ikkje så mange. Det blir lagt vekt på mykje deltakelse i timane, og det er veldig variert. I tillegg til at undervisninga foregår på tysk. Eg trur dette semesteret blir veldig lærerikt. Spesielt sidan eg skal på 5 vekers utveksling til Kiel frå midten av april til mai. Det kjem til å bli veldig kjekt!

Elles skjer det mykje kjekt i byen som alltid. Forrige helg var Randi på besøk i Bergen før ho reiser nedatt til kulturstudier i Nigaragua. Gjekk faktisk frivillig på Kvarteret for å høyre på ein rekke med DJs som spelte, og dansa til. Ein av dei kjekkaste kveldane eg har hatt ute på lenge. Nei, det var ei kjekk helg. Denne helga må derimot bli rolegare, som vanleg ligg eg litt på etterskudd med pensum og har ein del andre gjeremål.

Kanskje får eg til og med tid til meir blogging. Over og ut!

søndag 28. oktober 2012

Midtvegs i semesteret


Så, sidan sist eg oppdaterte bloggen min har eg altså byrja på eit nytt semester med nordisk og er allereie halvvegs. Det er kun ein månad att til første eksamen, og 30 dagar plar å gå veldig fort.
Blir rett og slett spanande å sjå korleis det heile går med tanke på at eg føle at eg har så masse eg skal gjennom før den tid, men optimisten i meg vel å tru at det skal gå på eit vis, spesielt sidan NOLI102 - litteratur etter 1900 - er mykje fagleg overlapp med tidlegare litteraturfag eg har tatt.

Eksamen om språkhistorie og talemål i Noreg, er det verre med. Men den sorga får eg ta mest mellom 28.november og 6.desember.  Det blir ein del harde dagar framover, men eg har i det minste ein lang og kjekk juleferie å sjå fram til. Eg skal nemleg besøke Thordis i Leipzig igjen. Denne gongen blir det ein kort førjulstur frå 9.-13.desember, men det skal bli veldig kjekt.

Elles har eg det eigentleg ganske fint. I morgon arrangerar eg det som blir den siste fagkvelden og fagfesten som medlem (og no leiar) i fagutvalet. Fagkvelden skal handle om litteratur og etikk, og eg trur det blir veldig interessant og kjekt. Vi har fått heile tre til å halde foredrag, og etterpå går vi vidare til fakultetspuben vår Ad Fontes for semesterets kjekkaste fagfest. Eg har jobba ein del utover denne hausten òg, til trass for ein ganske høg inntekt i sumar, men det må til for å vedlikehalde mitt litt for store forbruk som student. Med førjulstur til Tyskland og denne bokhaustens innhandling av nye (og dyre bøker) så må det til, i det minste er det invistering. Eg har blitt veldig glad i deltidsjobben min på dementavdelinga. Den siste tida har eg vore på ein fast avdeling og eg har gløymt kor ufatteleg kjekt det kan vere å jobbe til tider med pasienter ein har blitt kjent godt med. Nei, det er verkeleg eit flott yrke.

Eg prøver å skrive litt om saker som fell meg inn innimellom all studeringa og jobbinga, og tenkjer at eg framover vil prøve å skrive bokomtaler og ting som interesserar meg på erieva-bloggen min. Eg vil halde fram med å bruke denne bloggen for å fortelje om kvardagen min, og voner om at eg i større grad kan bli flinkare til å oppdatere oftare. Det er ei utfordring eg må jobbe meir aktivt for.

Alt godt alle, no er det snart berre ein måned til den finaste desembermånaden!

tirsdag 31. juli 2012

Ferie og heisatur


Avslapping på altanen ein solskinnsdag


På veg heim frå Bolsetnipa. Spanande topptur med både snø, vind, regn og sol.

Kafébesøk i Olden.



På veg til Olden i dag tidleg, på veg over fjellet. Utsikten var magisk!

Det hende sånn av og til at eg har fri, til trass for at eg jobbar 100% denne sumaren. Denne veka har eg faktisk ferie. Noko som kom like brått på denne gongen som med påskeferien. Eg har ikkje vore særleg flink til å planlegge sumaren. Til trass for at eg i byrjinga av juni visste at eg kom til å ha ferie denne veka her, gjorde eg ikkje noko større forsøk på å få til ein ferietur. Eg fekk sjølvsagt eit innfall for ei veke sidan om at eg kanskje burde tenke på å utnytte denne veka med fri til å reise på ferie, og plutseleg hadde eg ei venninne som er i Italia no. Eg vurderte ei stund å kjøpe flybilletta til Roma og tilbringe nokre daga der. Men sidan planleggingsfasen byrja så seint, flybillettane ikkje er så billige og det er uvisst kor venninna mi er no i Italia, gav eg opp til slutt. Så då vart det norsk sumar på meg i år. Heilt greitt innimellom, sjølv om eg kjenner på meg at eg snart vil ha ein utenlandstur att. Eg og ei anna venninne snakkar om Romatur i september eller oktober, og elles snakkar eg og søs om tur til New York i haust. Ein av delane skal eg få til. Det er eg bestemt på. Eg tek meg ei veke med haustferie sjølv om UiB ikkje skulle vere einig. Etter denne jobbsumaren har eg fortjent det. Ei veke ferie er ikkje noko særleg å skryte av etter å ha jobba eit hardt semester med bacheloroppgåve.

Likevel så må ein jo gjere det beste ut av norsk sumar. Det synes eg at eg har gjort etter beste evne så langt, til trass for at eg har vore mykje sliten av all jobbinga. Eg har hatt ein god del flaks med fridagane mine og veir, så langt det har latt seg gjere. Det må seiast å vere ganske imponerande med tanke på korleis veiret har vore denne sumaren så langt. Eg fekk besøk av venninnene Randi og Astrid, for godt over ei veke sidan. Dei var her i to daga, og eine dagen var det bra nok veir til å få ein herleg topptur på fjellet. 1214 moh, ikkje verst. Så fekk eg vist dei Jølster på det finaste. Elles starta ferieveka mi med sol heile dagen i går, noko som blei brukt på rekreasjon på altanen. Ikkje at eg forsøkte å bli brun, eg satte meg faktisk i skyggen etterkvart fordi eg smelta vekk. Eg fekk imidlertid lest mykje i bok, og snart er eg ferdig med ein  1Q84-serien til Murakami, som består av 3 bøker. Elles var det kake på dag 2 for å feire nevøen min Leander, som har blitt heile 2 år.

I dag reiste eg og nokre vennar på såkalla 'heisatur' mot Nordfjord. Vi reiste eins ærend ein time til småbygdene Innvik og Olden for å gå på Moods of Norway, Ricco Vero og Skogstad sitt sumarutsalg. Det var sistnemnte som var interessant for meg. Eg har sikra meg til vinteren no, for ein fin og supervarm boblejakke vart med meg heim. 400 kr, eg elskar sumarutsalg! Den opprinnlege prisen er eigentleg 1400, så det kjennas godt å ha gjort eit kupp. Sjølv om eg ser ein tanke svær ut, så skal det bli deilig å ta på seg denne jakka på ekstra kalde vinterdaga. Så, eg er allereie klar for vinteren eg. Heiter ikkje dårleg veir, det finnas berre dårlege kle! Haustens utfordring blir herved å finne meg nokre gode vintersko som toler både det bergenske veiret og dei fine men enn så plagsomme brusteinane.

Etter den lille heistaturen vår i vakre omgjevnader satte vi oss på ein fin kafé i Olden. Medan vi prata og observerte alle turistane koste vi oss med kaffe og for min del: blåbærpai. Den var faktisk heilt fantastisk god. Så god at eg faktisk tenkjer at eg i morgon skal ut og plukke blåbær i hagen og prøve å gjennskape ein pai som er like god. Dette, trening og avslapping er planen. Så blir det truleg Bergenstur på torsdag med søstera. Har ingen spesielle planer, men trur det blir godt å reise litt.
Trur det blir ei kjekk avslutning på mi lille ferieveke.

tirsdag 3. juli 2012






Livsteikn! Joda, eg lev i beste velgåande. Til trass for at det er nesten tre månedar sidan eg blogga sist. Eg kan fortelje at eg overlevde eksamenstida og no har ein spesialisering i litteraturvitskap med ganske greitt snitt. Iallfall godt nok til å søkje om minstekravet på master, og det er no godt å ha greie på. Elles har eg meldt meg opp til to nordisk fag til hausten, og gler meg litt til å ta fatt, sjølv om eg er litt nervøs for alt som har med grammatikk, fonetikk og fonologi å gjere, men det går seg sikkert til.

Eg er tilbake i Jølster for sumaren, og her går det som før i turistinformasjon og bygdelivet. Ganske så kjekt, eg har allereie rukket å gå bretur, noko som var heilt fantastisk kjekt. Ferie og ingen pensum tyder anna skjønnlitteratur, og nett no går det i 1Q84 av Murakami, ei bok eg kanskje kjem til å blogge om seinare. Også Ally McBeal då.

For no: over og ut! Skal prøve å kome med litt hyppigare blogginnlegg.

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...