søndag 29. mai 2011

Husvarme og varme tanker

I morgon er det ei veke igjen til muntleg eksamen, som også betyr at det ei veke igjen til sumarferien byrjar. Ei veke - det er ikkje lenge til i det heile teke. Eg trur ikkje det er heilt realistisk for meg endå at det snart er nok ein sumarferie, der eg skal tilbake til bygda for å jobbe, vere med familien og henge med venna like in the old days. Det betyr faktisk at eg snart har tilbakelagt mitt første år som student i Bergen by. Eg har faktisk budd eit år i Bergen snart. Det er heilt vilt!

For eit år det har vore. Mykje har skjedd, mykje positivt. Som person har eg utvikla meg, og den panikken eg følte for eit år sidan med tanke på 'kva skal eg gjere med framtida mi?', er som fordufta. Framtida er den eg skapar kvar dag, og kanskje blir det ei framtid med den utdanninga eg tek, men det kan ein aldri vere heilt sikker på.



Dessutan har Bergen verkeleg blitt tiltalande på meg. Eg, som trudde at eg definitivt ikkje var ein byperson, har oppdaga at eg faktisk trivast svært godt med å bu her. Det hadde eg aldri sett for meg, men det er mykje som kan overraske ein sjølv. Som til dømes at eg har blitt ein kaffedrikkande person, noko både mamma, pappa og broren min synes er særs merkeleg og morosamt. Eg skal faktisk ikkje legge skjul på at i desse eksamenslesande dagane, der all kaffe blir trakta i presskanne, saknar eg ekspressomaskina til pappa. Det er heilt sprøtt kor mykje eg faktisk kan sakne ein slik gjenstand som for eit år sidan ville ha vore uforståelig for meg. Dessutan har detta med kaffedrikking og student blitt ein slik sosial sak, som føyer seg inn i kvardagen med andre studentvanesaker.

Som anna døme på studentvanesaker, så trudde eg at dette med studentar og alkohol berre var ein overdreven myte. Fakta er at eg det siste halvåret plutseleg har blitt blant dei av studentane som kan finne på å ta meg ein øl eller to i ny og ne, midt i veka. Berre ein quiz her og litt kulturelle arrangement der, så blir det plutselig 1,2,3 øl. Endå trur eg ikkje dette utgjer ein potensiel fare, ettersom eg i desse dager har gått inn for å vere alkoholfri fram til eg er ferdig med muntleg eksamen om ei veke. Klarer eg dette, så avliver eg desse framskapte mytene som avisene er flinke til å fange opp. Til dømes har BT klart å framstille Ad Fontes (fakultetets pub) i eit latterleg lys, ved å skrive denne saken. Morgenpils til studentane, den er god.




Så, sidan eg så openbart er inne i ein alkoholfriperiode som
student og eksamenslesande,så utnytter eg vel den tida som
skulle blitt brukt på alkoholkosumering, smart? Jepp, det er
heilt riktig. Denna helga har eg fått husmorånden over meg
og har gjort imponerande mykje husarbeid i staden for å lese
til eksamen (oisann, der avslørte eg meg). Rydding av kjøkken,
klesvask, bollebaking, vedfyring (som eg endeleg får til sjølv),
resirkulering av glass og metalembalasje, og innkjøp av viktige
husholdingsartikler som vaskepulver og dopapir. Kva kan vi seie
om dette? Bergen har tydeligvis også gjort meg til husmor, som
følge av litt kjedsomheit grunna alkoholforbud. Det går sakte
opp for meg kor tidkrevjande og pengeslukande dette med
student og alkohol kan vere. Samstundes så må eg innrømme
at det siste kanskje er det kjekkaste i gjerningsaugonblikket,
medan det første er kjekkast på lang sikt (i eit visst omfang).

I all høve viser det kva mangfald det er i å vere student, eller
kanskje mest kor langt ein er villig til å gå for å utsette
eksamenslesing. Eg har berre ein ting å avslutte med: sjølv om
studiene er kjekke, gledar eg meg til sumarferie!

lørdag 14. mai 2011

Mai du skjønne milde (og eksamenstid)


Altså, det har ikkje heilt vore planen å unngå å blogge i ein måned. Faktisk over ein måned, noko som minner meg på kor utruleg raskt tida går. I all høve hadde eg ikkje sett for meg at når eg blogga, så skal det først bli midt i eksamenstida. Det er liksom då ein skal vere så forbaska stressa og slikt, men heilt ærleg så synes ikkje det er noko særleg forskjell frå tidligare i semesteret, anna enn at eg faktisk føle at eg leste fleire tima per dag då. No er det jo stort sett berre repitsjon det går i om dagane, vi er jo ferdig med forelesingar og slikt. Den tida blir brukt til å repitere om dagen, sjølvsagt. Heilt ærleg så er det ikkje så mange timar om dagen eg repiterar. Det er slik at eg priorterar visse delar av pensum, og satsar friskt på at den blir å finne på ein av langsvarsoppgåvene.

Den første eksamen i faget Eldre litteratur og poetikk fram til 1700, er på fredag. Eg er utruleg nok ganske avslappa endå. Eg har undra meg over om det er noko galt med meg - har eg kontroll eller tar eg for lett på pensum? Etter quiz på onsdag, som eg tok meg tid til, gjekk eg forbi skulen med lesesalene våre, og trur du ikkje det var lys og folk som satt der endå? Joda, skal sei eg følte meg som ein skikkelig dårleg student som ikkje sitt lange dagar på lesesalen, men heilt ærleg så ser eg ikkje hensikten med det. Eg kan jo ikkje lære meg absolutt alt i pensum. Dessuten har eg vore på alle forelesingane bortsett frå dei tre siste og lest det meste eg burde gjennom semesteret. Eg voner det er godt nok.

Ja, så denne helga før eksamen, hadde eg sett for meg ein skikkelig pinefull og langdrygelig helg der eg sitt med nasa i eksamensboka 24/7 og svettar og feller eit par tårer innimellom. Neida, sjølv om eg har lest ørlitegrann i dag og sortert litt notatar, så tar eg det overraskande roleg. Om nokre få timar kjem nemmeleg nokre frå klassen til meg. Vi skal kose oss med vin, ESC og litteraturprat. Det blir fint! Ellers har det jo vore knalldagar med sol både heime i påska og no i ettertid her i Bergen. Det er rett og slett sommar, og sjølv om det er eksamenstid, så likar eg kvardagen. Det mest snodige er at eg faktisk gler meg litt til eksamen på fredag. Endå meir til å skrive ferdig eksamensoppgåva, også gleda eg meg ørlitegrann til muntleg 7.juni også. Det er faktisk ein ganske sjuk tanke at om akkurat ein måned er eg heime på sommarferie og er i full gang med jobbing. Sjølvsagt gler eg meg til det òg, heile opplegget med å vere heime i Jølster, jobbing og sosiale ting utenom. I sommar skal vi til og med ha 5-års reunion med klassa frå barne og ungdomsskulen. Alt i alt så er dagane fine, og kanskje så blir eg litt flinkare til å dokumentere desse dagane også.


lørdag 9. april 2011

Utfordring: Dag 6 av 30

Den tredvedagers utfordringa sklei litt ut då studiene byrja i slutten av januar. Likevel så treng eg ikkje å forkaste prosjektet heilt sjølv om eg strengt tatt ikkje oppfyller kravet om å ta utfordringa på 30 dager. No er tida inne for å forsetje, og denne gongen er det ei utfordring som krev litt gjennomtenking.




Dag 6: 10 ting du vil gjøre før du dør. (I tilfeldig rekkefølge)

1. Reise attende til antikken! Eg har ein drøm om å reise til Hellas og ta sommarkurs i gresk kultur og litteratur neste sommar, på instituttet i Athen.

2. Brevandring. Altså gå på ein bre, enten det er Jostedalsbreen eller Vatnajoküll.

3. Skrive for eit tidsskrift/magasin. Det kan vere så enkelt at eg skriv for litteraturtidsskriftet på Universitetet her eller lignande.

4. Reise på cruise i mange veker. Gjerne i området rundt Sør-Amerika og stoppe undervegs ved mange ukjene, eksotiske øyer!

5. Komponere eit fullstendig pianostykke.

6. Eg har skikkelig lyst til å reise rundt til områder der dei dyrkar eksotisk og spennande bær og andre råvarer og sjå, holde og smake på alt frå gojibær til kakaobønner, og drikke te frå ulike områder.

7. Sitte på eit slott i Frankrike med vingård utafor, sol i nakken og ein Underwood der eg skriv ein fullstendig roman.

8. Å klare å sy ein fin og vakker kjole på eigenhånd.

9. Å lære meg salsa eller rumba og danse det sensuelt med ein partner.

10. Å sitte og sjå på ein fullstendig solnedgong med nokon eg er veldig glad i.

tirsdag 5. april 2011

Tankespinn

Lei av å skrive og deadline hengande over haudet. Tenkjer det ikkje er så nøye med denne oppgåva, at det er viktigare ting. Som at det er viktigare å vere glad, viktigare å ikkje vere fanga i fengselet av pliktar. Viktigare å ikkje ha dårleg samvitt om alt. Kanskje Montaigne ville ha sagt det same? Montaigne var berre ein tenkar, ein genial tenkar som gjorde noko fantastisk fint med å finne opp essayet. Å tenkje at eg burde tenkje i slike baner når oppgåva skal skrivas, men alt anna freistar meir.


Som å tenke på at det er snart er påske. Påske er ei fin tid, ei fin tradisjon - kristen eller ei. Tid for å lese bøker, påskemorning og lukta av påske. Kvikklunsj, appelsiner, kakao og vårvarm sol. Spenning i lufta. Nordmenn på hyttetur, påskekrim og påskeegg.



Så kven vil eg vere i alt dette? Med i den kollektive tanke, eller invidualist - fri frå påverknard? Er det i det heile teke muleg, og er det eit ønskje? Vil eg vere ein del av påsketradisjonen? Så lenge eg finn glede i den, er det same for meg om eg tek del i noko kollektivt eller ei.



Vil eg skrive? Vil eg vere ein forfattar? Kva er ein forfattar? Personeleg er skrivinga for meg ein berg og dalbane. Av og til er det ei rein glede, ei kjelde til guddommelighet. Andre dagar kjennas skrivinga som ein mørk avgrunn - ein ende eg ikkje kan sjå.

tirsdag 29. mars 2011

Våren

Dagane flyr eigentlig avgårde, for det meste er det positivt. Den siste tida har eg ikkje tatt meg tid til å setje meg ned å blogge, og eigentlig har eg ikkje tida no heller. Eg skulle helst lese litt meir pensum sjølv om det er litt seint på kvelden.

Kva har eg gjort? Jo - studier veit du, dei tek tid. Eksamen byrjar smått å nærme seg - det er ikkje slik at eg får panikk av det, men eg gjer meg var dagane som er att til å lese. Lære mykje nytt, og det er mykje kjekt og spennande. Akkurat no les eg Hamlet som også er pensum. Det er koselig lesing. Så er det også trening - tre til fire gongar i veka i det siste. Mykje trening om morningane før forelesing, noko som tilseier at eg prøver å legge meg tidleg når eg skal opp tidleg, som gjer til at blogging om kveldane ikkje er aktuelt.

Sosialiteter tek av. Quiz kvar onsdag på den fantastiske HF-puben vår Ad Fontes, har no blitt ein tradisjon, og jammen skal vi ikkje på quiz i morgon også. Ikkje nok med det, så gjekk eg faktisk på quiz i går på Cafè Opera med kunsthistorievenar. Følte for å feire overstått studentinnlegg i det eine emnet (Hurra, no kan eg gå opp til skuleeksamen i emnet!) og kunne ikkje takke nei då eg fekk tilbud om å vere med. Det blei ein velfortent øl og voldsom grubling då quizen var av det svært vanskelig slaget. (Kva skøyteløpar gjekk forbi blablalba i 1921 og vant?- Den type spørsmål)

Sist men ikkje minst, så har eg omsider fått meg jobb her i Bergen, og skal altså byrje å jobbe litt i helgene og kanskje nokre seinvakter i veka når eg har tid - på sjukeheimen rett rundt hjørnet her, i ei dementavdeling. Som fulltidsstudent blir dette selvfølgelig travelt, og eg må nok prioritere vekk litt sosialheitar og, vere ekstra effektiv dei dagane eg er på lesesalen og ellers. Det skal nok gå fint, uansett - eg er fri til å velje kor mykje eg vil jobbe. Første opplæringvakt skal eg ha på dagtid på laurdag, og det høyres ut som ein mjuk start. Det er både litt skummelt, men spennande. Eg trur det blir bra, og litt mindre skummelt etterkvart som eg kjem inn i rutinene igjen.

Økonomien ser altså ut til å få gå på stødigare bein. Allereie no har eg faktisk penga til overs, grunna at eg har solgt den eine pcen som eg kjøpe i sommar, då skjermen på macen min slutta å virke. Desse pengane kjem veldig godt med. Frå å ha eit kjempestramt budsjett dei siste månedene, til å plutselig ha det som for meg framstår så masse pengar, er litt uvant. I dag var faktisk første dagen på mange veker at eg tillot meg å kjøpe grønnsaker på butikken, og det særaste er at eg følte at eg gjorde noko kriminelt nettopp ved dette. Det var òg uvant å kunne kjøpe ein øl på quizen i går, uten å ha den samvittigheten om at desse pengane ville få store konsekvensar for matbudskjettet. Neinei - dette er på langt veg behageligare.

Så eigentlig har det skjedd mykje i det siste, litt uvante forandringar, men på ein positiv måte. Dessuten er det fint i Bergen fortida - våren veit du. I dag var det ekstremt deilig å gå ute i solskinnet. Ja, det kan eg absolutt leve med.

tirsdag 15. mars 2011

Glimt II


Dette er delar av fakultet mitt på Universitetet, som eg så fint har skrivd om før her på bloggen. Utsikten er frå lesesalane i fjerde etasje, der eg fortida prøver å tilbringe ein del tid etter forelesingane. Magiske Sydneshaugen, litt sånn Hogwartsish.

I dag satt det studentar frå NHH framfor meg på lesesalen med mattebøkene og kalkulatorane sine. Av ein eller anna grunn kjem NHH-studentane til det humanistiske fakultetet for å låne lesesalene. Det er litt rart for ein humanist, men vel, eg får vel akseptere det.



Dofilosofi! Kva som kan møte ein på mange av dei gamle dametoaletta på fakultetet vårt. Synes denne var litt fin. Nokre klagar på kjærleiken, andre hevdar at det er forelskelsen som gjer blind, og ikkje kjærleiken for den er så mykje meir. Vel talt. Ser derimot ut som om nokon er ueinige med alle her...


Eit vårglimt frå heimbygda mi Jølster, då eg var heime på vinterferie. Etter ryktene skal vårteikna ha revisert, og no er det visstnok 1,5 m snø heime...



Min kule lillebror på 2,5 år har allereie byrja å trene på spagaten. Flinkis.

And that´s all for today people. I morgon tidleg har eg treningsavtale klokka 08.00, og etterpå skal eg nok ein gong vere flink student og gå på forelesing og leike lesesalens glade dagar i fjerde etasje ei stund. I helga skjer noko så sensjonelt som at 'klassa' vår skal ha klassefest. Det blir spennande!

onsdag 9. mars 2011

Litt sånn om studentøkonomi (overlevingsguide)

Det hender det går litt tid mellom kvar gong eg skriv. Det er ikkje fordi eg ikkje sit på nettet, for det gjer eg i alle høve til dagleg med sjeldne unntak (ferietur til dømes). Det er litt rart det. Denne tida som eg brukar på nettet, kva hadde eg brukt den på i staden om internett ikkje hadde eksistert? På ein anna side så hadde nok mykje vore anna om det ikkje hadde eksistert. Studiet ville nok kanskje, vore litt meir tidkrevjande. Kanskje, kanskje ikkje. Ein ville nok brukt tid på anna som er, naturlig nok - tidkrevande.

Dette er ikkje tida for spekulere likevel. Eg tenkte nemmeleg eg skulle prøve å gjere noko så vaksent som å snakke om økonomi! I den anledning er dette innlegget spesielt dedikert til oss studentar som har eit stramt, økonomisk budskjett spesielt eit par måneder i året. (Dei månedene førstestipendet og sommarjobbpengar er brukt opp).

Det første tipset kan vere å setje opp budsjett. For eg regnar vel med at du som student har vanlige utgiftsposter som husleige og eventuelt strøm. I tillegg kjem mest truleg mobilbruk. Så har du kanskje andre faste utgifter; uansett, rekn ut - sjå kor mykje du har att etter å ha betalt desse utgiftene. Så må du lage ein plan for korleis du skal disponere resten av pengane. Det er alltid lurt å overrekne litt enkelte utgiftspostar, slik at du har sjanse til å sitje igjen med noko dersom det skulle dukke opp uventa utgifter (legebesøk til dømes). Eksempel på budsjett kan vere:



Innskudd

Stipend/lån utbetalt: 6600

Faste utgifter

Husleige 3950
Strøm 450
Mobil+forbruk 300
Kontaktlinser 200
Øvrige faste utgifter 160

SUM: 5060

Til overs: Ca 1600.

-

Då har ein 1600 kr til disposisjon. Eg skal innrømme at dette budskjetteksempelet er nettopp mitt budsjett for neste måned. Andre har nok kanskje litt andre faste utgifter; til dømes er eg så heldig at eg ikkje treng å bruke pengar på kollektiv trafikk eller anna transport, til vanleg. Dette fordi eg bur så sentralt at eg går til universitet, til butikkar, til treningssenteret etc. Dessverre er eg nærsynt og har altså 200 kr i utgifter i månedene på linser, dersom eg vel å bruke dei kvar dag. I det siste har eg spart ei heil veke med linsebruk, og med litt innsats skal eg klarere å halvvere desse utgiftene (briller i helgene og enkelte vekedagar).

Strømutgiftene varierer frå måned til måned. Det skal seiast at 450 muligens er overprisa. Det vart ca 400 for januar måned, og dette er den absolutt dyraste strømrekninga vi har hatt til no, det var faktisk ei dobbling frå forrige! Forhåpentligvis blir det ikkje like mykje dei neste månadane. Uansett så kan ein ikkje forutsjå nettopp dette, derfor er det bedre å overrekne enn å underrekne.

Det er ikkje noko problem å få 1600 kr til å forsvinne på null komma niks, difor må ein planlegge nøye korleis desse pengane skal brukast. Eg trur vi alle kan vere einige om at mat står høgt på lista. Mat er forholdsvis dyrt, i alle fall om ein ikkje tenk gjennom kva ein kjøper. Det første tipset så i den samanheng er å planlegge matkjøp før ein går på butikken. Skriv gjerne ei liste! Det neste tipset er å absolutt vite kor det billigast å handle. Ta vare på kvitteringar og sjekk ut prisforskjellar. Enkelte butikkar vil vere billigare på nokre ting enn andre, så her gjeld det å undersøke. Mitt generelle tips som eg sjølv har tatt god lærdom av er: Kiwi og Rimi er billige butikkar; unngå å handle på Safari det er ein av dei dyraste matbutikkane i alle fall her i Bergen (sett bortsett frå den derre spesielle butikken nede i kjellaren på Galleriet). Kiwi er fortida ekstra bra fordi dei har momskutt på nøkkelhullvarer. Det er kjempebra. Så har dei jo som alltid momskutt på frukt og grønnsaker også, så med mindre du kjøper nettopp det hos privat forhandlar, kjøp for all del slikt på Kiwi om du har butikken i nærleiken. For meg utgjer det ein stor forskjell. Til dømes sparte eg nesten 13 kr på å handle mat på Kiwi på mandag. Denne prisforskjellen kom berre av momskuttet frå nøkkelhullvarer, og Kiwi er billig i utgangspunktet. Javel 13 kr, men husk, 1 kr her og 1 kr der. Det blir mange kr på eit år; i all høve for ein student.


Korleis halde eit lavt matbudsjett:

- Skriv handleliste før du går på matbutikken og hald deg til denne lista. Sannsyneligheiten er stor for at du vil bruke meir pengar enn tenkt dersom du går på butikken utan å planlagt akkurat kva du skal kjøpe.

- Kjøp basisvarer og prøv etter beste evner å lage mest mulig mat frå botnen av, framfor å kjøpe ferdigvarer. Pizza, suppe, boller og brød. Har du tida så gjer det. Du vil kunne spare mykje pengar på nettopp det. Treng du oppskrifter; søk på nettet eller lån kokkebøker på biblioteket.

- Sjekk ut hverdagskupp.no for å følge med på tilbud kvar veke på alle dei kjente merkevarebutikkane. Denne sida er fantastisk nyttig! Nøyaktig ved å sjekke den jevnlig vil ein kunne finne dei beste tilbuda og spare ein del pengar. Har du fryseplass, kjøp i litt større kvanta og frys. Dette kan vere veldig nyttig, men som regel så kjem tilbuda att veka etterpå, berre i ein anna butikk.

-Ikkje gå på butikken når du er svolten. Dette er aldri eit sjakktrekk, då sultfølelsen og gjerne eit søtsug jagar vekk alle fornuftige tankar og ledar deg til nettopp dyre impulskjøp.

-Ikkje ta med penga på universitet/skule dersom du veit at det er alt for freistande å handle i kantina og du endar med å legge igjen ein del pengar der. Planlegg kvelden før niste, gjer det klart og pakk ned i sekken så kan du spare mange kr kvar dag.

- Lag kaffe heime og ta med i termokrus.

- Kiwi og muligens ein rekke andre butikkar garanterer at du får pengane tilbake, eller får varen gratis dersom den er gått ut på dato. Dette kan vere lurt å gjere dersom du verkeleg har lite pengar. Eg har dog aldri prøvd å leite etter dette på kiwi. Etter det eg har høyrt er sannsyneligheiten større for å leite med ein gang butikken har åpna, då medarbeidarane endå ikkje har rukket å gå gjennom så mykje varer sjølv!

- Om du finn feil på matvarer, skriv mail til produsenten og klag. Du kan få igjen pengar eller få tilbake stort forbruk på ei matvare.

- Lag middager i lag dersom du har anledning til det! Ved enkelte matrettar vil du spare på dette, men kanskje ikkje alltid.

...

Om eg verkeleg går inn for det, vil eg ved nøye planlegging klare å halde matbudsjettet på 1000 kr i måneden. Ja, uten å svelte! Dette handler rett og slett om å vende på kvar krone og å finne ut kva mat som både er billig, mettande og godt. Mao vil eg då ha 900 kr igjen resten av måneden. Kva skal dette brukast til? Jo, spare litt, og resten vil nok forsvinne ubemerka på andre mystifistiske utgifter som ein fest i ny og ne, kino og kafèbesøk. Dette er er ei prioriteringssak som må sjåast ann ved hjelp av økonomi.

Ein kan spare mykje berre ved å planlegge, men det betyr ikkje at ein aldri skal unne seg noko; dette må ein rett og slett sjå ann økonomien til. Så må eg berre få komme med eit lite hjartesukk angående studentar og alkohol: Drikk ikkje meir enn du har økonomi til, prøv dessutan å halde alkoholforbruket nede. Treng du å bli full? Treng du å bli full for så å bruke masse pengar på ute på byen? Ta ut pengar på førehand og legg igjen kortet heime; så brukar du ikkje meir enn planlagt. Gå på gratis uteplassar.. alt det der. Tenk gjennom kor mykje pengar du faktisk brukar på festing og kor mykje av dei pengane du egentlig har råd til.

Anna forbruk utenom det må vurderast og tenkast gjennom dersom du har like dårleg (eller dårligare) studentøkonomi enn meg. Joda, ein har kanskje råd til eit eller anna kjøp utenom i blant, men tenk gjennom det. Unngå impulskjøp og spar mykje på å låne det du kan låne på biblioteket, og å handle enkelte ting på bruktbutikkar.

Eit siste tips, som eg trur kan vere veldig lurt; sett det du har til overs over på ein anna konto, dagen før lånet kjem inn. Då har du ein buffer å gå på, på denne måten vil du lettare klare å bruke opp pengane du har til overs. Eit betre tips kan vere at, dersom du har satt opp budsjett på førehand og veit ca kva du skal forbruke, sett over det som er til overs fra budsjettet på sparekonto; då er det i alle fall vanskeligare å bruke desse pengane!

Eg må legge til at eg ikkje har fulgt det eg har skrive no slavisk nokon gong. Eg tenker derimot å prøve å følge dette mest muleg framover, å sjå om eg klarer å ha noko til overs ved ny lånutbetaling.

Dette er berre tips og folk må for all del leve slik dei vil. Ei slik måte å leve på skal jo ikkje kjennast som eit fengsel..men dei fleste vil forstå etterkvart at for å klare seg på berre lånet i studenttida må ein ha litt disiplin og planlegge litt. Så må eg sei ein siste ting som litteraturstudent: det finnas viktigare ting i livet ein pengar. Pengar gjev ikkje automatisk lykke. Lykke er den du lagar sjølv!

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...